Instruktørseminar 9. og 10. juli i Steinkjer
NORDLEK 2012 inviterer folkedansinstruktørar og dansespelemenn til fagleg oppdatering, debattar, gruppearbeid og nettverksbygging på Steinkjer 9.-10. juli 2012.
Målet er å få ny inspirasjon, nytt håp og nye krefter til å fortsette å formidle folkedans og folkemusikk til stadig fleire menneske.
Vi skal arbeide med dei ulike formane for folkedansformidling og tilpasse desse til dagens samfunn:
Instruksjon, danseleiing, «heng med» og dansekonsertar.
Vi ønskjer spesielt at spelemenn, instruktørar og danseleiarar som har oppdrag under NORDLEK deltar på dette seminaret, men alle andre er også velkomne.
Målsetting:
«Nordiske folkedansinstruktørar og dansespelmenn skal få ei arena til å møtes og diskutere viktige problemstillingar om formidling av folkedans og folkemusikk til menneske i samfunnet i dag. Deltakarane skal få dele erfaringar og knytte nettverk som kan bli nyttige for det daglege arbeidet
som skal gjerast i lokalsamfunnet .»
Tema:
• Kva er det vi ønsker å formidle gjennom musikken og korleis påvirker vi andres danseoppleving gjennom instruksjon og danseleiing?
• Nettverk – samarbeid
Det er ei målsetting for prosjektet å skape nettverk for deltakarane som dei kan ha god nytte av.
Program
Måndag 9. juli
13.00 – 14.00 Velkommen, informasjon og presentasjon
14.15 – 16.00 Seminar
- "Folkedansens posisjon i samfunnet i dag" v/professor Egil Bakka
- Tidsbilete og framtidstankar frå dei nordiske landa
- Spørsmål og svar
- Debatt: Korleis vil vi utviklinga skal gå? -På kva måte skal vi bidra til at vi får ei ønska utvikling?
16.30 – 17.00 Opning av Bunadutstillinga
17.00 – 20.00 Pause
20.00 – 22.00 Jordbærselskap med nettverksbygging på Bjerkem
Tysdag 10. juli
09.00 – 12.00 Seminar
- Oppvarming
- Folkedans og folkemusikkformidling i opplevelsessamfunnet
1. Instruksjon
2. Leia dans
3. "Heng med"
- Praktisk arbeid og diskusjonar i grupper og i plenum
12.00 – 13.00 Pause
13.00 – 16.00 Seminar
-Verdibasert formidling. Kva styrer våre pedagogiske val? Er vi bevisst kva som gir eigne opplevingar og som er drivkraften i arbeidet vårt?
-Kva legg du i begrepa som står rundt omkring på arket? - og kva er dansen og musikkens viktigaste opplevelsesfaktor for deg?
-Kva konsekvensar har ei slik bevisstgjering for vår formidling?
Påmelding til
post@nordlek.no
Seminaret er gratis!