| |
|
| Ordførar i Fræna kommune, Kjell Lode, overrekker kongens fortenestemedalje til Gunnar Rødal. |
Kongens fortenestemedalje blei tildelt på bygdahuset Vonheim i Malmefjorden, under ei markering av Gunnar Rødal sin 75-årsdag.
Gunnar si karierre som folkedansar starta tidleg. - Han vaks opp i ein heim der begge foreldra og fleire av søskena var engasjerte i ungdomslagsarbeidet. Dansen gjekk på kjøkengolvet heime, der nabogutane samla seg og lærte songdansar. På slutten av 40-talet, då Gunnar var 15 år, blei han medlem av Sylte og Malme Ungdomslag.
I 1956 starta Gunnar med å halde kurs i norsk folkedans. Han var først tilsett som reiseinstruktør i folkedans i Trøndelag og seinare ved Romsdalsmuseet i Molde. Han var tilsett som folkedansinstruktør i Noregs Ungdomslag i 35 år; frå 1963 til 1998. Han har halde fram som instruktør etter at han vart pensjonist, og han er framleis, i ein alder av 75 år, etterspurd som instruktør hos ungdomslag og skular over heile landet.
Gunnar sin særeigne evne til å spreie danseglede og få alle til å danse gjer han til ein pioner og ei levande kulturkjelde. Han har ofte vore barn og ungdom sitt første møte med den norske folkedansen. Gunnar har ei særeiga evne til å få folk til å tore å danse, og særleg evnar han å få med seg borna i dansen. Også ungdomar som ofte tykkjer det er litt flautt å danse, får han med seg. Han utstrålar rein danseglede og har instruksjonsmetodar som gjer dansen tilgjengeleg for alle. Møtet med Gunnar Rødal har for mange vore vegen inn til den norske folkedansen - eit møte som for mange har gjeve dei lyst, mot og evne til å danse og vere med å vidareføre den norske kulturarven.
Gunnar er også musikar, og speler neverlur, bukkehorn og munnharpe. Han held kurs i munnharpespel, der det ofte deltek folk som ikkje har forkunnskap innanfor folkemusikkfeltet. Desse kursa har alltid stor oppslutnad både mellom born og vaksne. Gunnar har vore fast leiar av Barneleikfesten på NU sine landsstemne og festivalar, og i 2006 hadde han 50-års jubileum som deltakar på denne tilskipinga.
Alt dette gir Gunnar Rødal ein særeigen plass innanfor folkedansen i Noreg, og innanfor ungdomslagsrørsla. Han er og har vore eit førebilete og ei inspirasjonskjelde for både born, ungdom og vaksne. Gunnar har og vore ei viktig inspirasjonskjelde for lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag. I 2000 blei han utnemnd til heidersmedlem i Sylte og Malme Ungdomslag og i 2001 blei han heidersmedlem i Noregs Ungdomslag.
Noregs Ungdomslag var godt representert på 75-årsmarkeringa til Gunnar, og stiller seg fremst i rekka av gratulantar! Publisert: 14.10.2009
|