| |
|
| Sigrid Moldestad på Nordsjøfestivalen i 2008 |
Den 27-29 august 2010 inviterer Egdingen til ungdomssamling i samband med Nordsjøfestivalen i Farsund i Vest-Agder!
Teaterkurset:
Jan Fredrik Grøndal Henriksen (som bl.a. var instruktør på teaterkurset til Egdingen i Valle sist haust, og på NUR på Hamar forrige sommar)skal ha kurs i improvisasjon og teatersport. Kursstart kl. 17.00 på fredagen.
Dansekurset:
Dansekurset blir delt opp i 3 bolker, den fyrste har kursstart kl. 17.00 på fredagen med ein dansk instruktør som skal lære bort Sønderhoning. På laurdagen blir det fyrst ei bolk med Springedans frå Fjotland (Fjotland ligg i Vest-Agder), etterfulgt av ein lengere bolk med rilar frå Noreg, Danmark og Skottland, med instruktørar frå tilhøyrande land. Det blir mogleg å velje bort ei av dei to fyrste bolkane med eventuelle andre kurs om det er ynskjeleg. Sjå programmet på vevsida til Nordsjøfestivalen for meir informasjon om kva andre kurs du kan velje mellom.
Praktisk informasjon
Prisen for heile helga er kr. 500,- for NU-medlem og kr. 550,- for ikkje-medlem. Dette inkluderer kurs, mat, overnatting og festivalpass frå fredag 27. august kl. 17.00 (ordinært festivalpass kostar kr. 800,-! Og det er utan overnatting og mat!) Prisen over gjeld heilt fram til påmeldingsfrista den 8. august. Påmelding etter den datoen blir noke dyrare.
Påmelding skjer til styret@egdingen.no!
Hugs å skriv: Namn, kva kurs du skal på, fødselsår, og om du har nokre allergiar eller andre merknadar.
Det blir overnatting på Farsund Ungdomsskule, så hugs å ta med madrass og sovepose! :)
Spørsmål?
Send alle spørsmål om samlinga til styret@egdingen.no :)
Publisert: 8.07.2010
|