![]() |
![]() |
|
|
|
||
| :: Ungdomshus | ||
Ungdomshus i NUStore forsikringspengar å spare som medlemNU og lag i NU med lagshus kan, som medlem av Norske kulturbygg, gjere bruk av alle KNIF-avtaler inkl. forsikring. Lag med hus har spart mange pengar gjennom å gå inn på denne avtalen. To døme på dette, er Hellfjell Ungdomslag i Mosjøen og Voss Ungdomslag. Sparte 25.000,- i forsikringspremie
60 % lågare utgifter
Voss ungdomslag er eitt av laga i Noregs Ungdomslag som har nytt godt av gunstig KNIF-forsikring frå Norske Lagsbruk. Foto: Norske Lagsbruk. Ungdomshusa i Noregs Ungdomslag
For det fyrste er trivelege samlingsstader eit vilkår for all sosial og kulturell verksemd i bygd og by. For det andre er ein vellukka byggedugnad engasjerande og samlande for dei som er med. Ungdomshusa vaks fram rundt 1905 og hadde si største blomstringstid i 1920- og 30-åra. Men ungdomslagshusa var og er ikkje berre klubbhus for skrivne lagsmedlemmer. Ungdomshusa blei viktige grendehus og kulturhus i sine områder. Ennå i dag veit vi at omlag 100 av dei vél 300 ungdomshusa i NU, er det einaste kulturhuset i si bygd, - og i omlag 200 av bygdene der det finst NU-hus er det ikkje tilgang til offentleg kulturbygg. Dette fortel at ungdomshusa er viktige institusjonar - både før og nå. Det er er store utfordringar med å halde eit slikt samlingshus opp til dagens standard og krav til komfort. Difor har mange ungdomslag sett på nye måtar å eige husa på. Det viktigaste er å finne løysingar som sikrar gode samlingsplassar for lokal kulturverksemd i framtida. Organisasjonen Norske kulturbygg er tenesteapparat for lag i Noregs Ungdomslag med ungdomshus. Les meir om Norske kulturbygg |
|
|
| Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad |