Image


Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896, og er ein kulturorganisasjon med omlag 14.000 medlemmer i nær 400 lokallag over heile landet. Føremålet til organisasjonen er å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar. 

Fråsegn: Eige museumsbygg for skogfinnane

Noregs Ungdomslag stør kravet om at det blir etablert eit eige museumsbygg for skogfinnane no.

Publisert: 06.12.2016 | Les meir»

Nye reglar for kursstønad til teaterkurs

Grunna stor auke i antal kurs innan fagområdet teater har styret i Sudieforbundet kultur og tradisjon vedteke ei øvre grense for antal teaterkurs per produksjon.

Publisert: 29.11.2016 | Les meir»

Stilling ledig: Kulturrådgjevar folkedans

Noregs Ungdomslag har ledig ei 100% fast stilling med ansvar for det folkedansfaglege arbeidet. Søknadsfrist: 10. desember.

Publisert: 28.11.2016 | Les meir»

Tildeling av Frifondmidlar for 2016

Frifondmidlane for 2016 er no tildelt lokallaga. Tilsaman kr 1.618.852 er fordelt på 122 lag, og her finn du eit oversyn over dei laga som har søkt om og fått tildelt midlar.

Publisert: 17.11.2016 | Les meir»

Kven veit? 2017

Det skipast til ein ny runde av kunnskapstevliga Kven veit?. I 2017 er temaet Frilynd. Bli med og bryne deg mot NU sine skarpaste skallar!

Publisert: 16.11.2016 | Les meir»

Lær folkedans med Folkepedia

Folkepedia er ei nettside med korte opplæringsfilmar der barn og unge viser korleis ulike folkedansar skal dansast. Det er Noregs Ungdomslag som står bak prosjektet som blei lansert i november

Publisert: 03.11.2016 | Les meir»

Grunnleggande instruktørkurs i Bergen 27.-29. januar

I samarbeid med Bergen ungdomslag Ervingen arrangerer me grunnleggande instruktørkurs i Bergen siste helga i januar. Same helga er det dans-og spelemaraton og samdansøving til barnestemna, så alt er duka for ei fin og mangfaldig dansehelg i Bergen!

Publisert: 26.10.2016 | Les meir»

Stillingsutlysning: Prosjektleiar, Huset i Bygda - Møre og Romsdal

Noregs Ungdomslag har fått tilskot frå fylkeskommunen til eit treårig prosjekt i Møre og Romsdal. Målet er å kartlegge og styrke dei organisasjonseigde forsamlingshusa og gjere dei til framtidsretta møteplassar for kultur og bulyst.

Publisert: 24.10.2016 | Les meir»

Instruktørkurs 17.-19. februar i Oslo

Helga 17.-19. februar er det duka for instruktørkurs i Oslo i samarbeid med Leikarringen i BUL Oslo. Kurset har fokus på runddansrytmar.

Publisert: 20.10.2016 | Les meir»

Kultur, frivilligheit og statsbudsjett

Kulturministeren legg fram eit budsjett der hovudmålsettinga er å styrke kulturnæringa. Inga dårlig satsing det, men om ein ikkje ser kulturlivet som ein heilskap, vil det bli vanskeleg for statsråden å nå målet.

Publisert: 07.10.2016 | Les meir»

Førehandspåmelding: Barnlek på Færøyane

Barnlek 2017 vert arrangert på vakre Færøyane neste sommar og er noko som alle unge dansarar burde få oppleva. Sidan Noreg har ei kvote på 100 deltakarar til Barnlek så ser me eit behov for å kunna kartlegga kor mange som kan tenkja seg å reisa slik at me

Publisert: 29.09.2016 | Les meir»

Stengt kontor 27. og 28. september

Kontoret er stengt tysdag og onsdag denne veka pga personalsamling.

Publisert: 27.09.2016 | Les meir»

Program og påmelding Landsrådsmøtet

Landsrådsmøtet 2016 for fylkeslaga i NU blir halde i Trondheim 22. og 23. oktober.

Publisert: 19.09.2016 | Les meir»

Kulturalliansen er stifta!

Måndag 5. september 2016 blei Kulturalliansen stifta av 30 organisasjonar. Ei arbeidsgruppe har i løpet av eit års tid utgreidd grunnlaget for ei ny samanslutning for det frivillige kulturfeltet. Målet er å skape større innflytelse i kulturpolitikken.

Publisert: 05.09.2016 | Les meir»

Ny kulturrådgjevar!

Ønsk den nye kulturrådgjevaren Inger Johanne Ruset velkomen! Ho vil ha eit særleg ansvar for å koordinere NU sitt faglege arbeid med scene, hus og ungdom.

Publisert: 02.09.2016 | Les meir»

Nytt sentralt arrangement?

Styret har sett ned eit utval som skal vurdere og utgreie moglegheitene for å etablere eit nytt sentralt arrangement som samlar dei ulike fagfelta i organisasjonen. I samband med dette vil utvalet gjerne stille NU-medlemane eit par spørsmål.

Publisert: 31.08.2016 | Les meir»

Dramas blir ny

Dramas skal i løpet av 2016/2017 gjennom ei digital fornying og vidareutvikling. Les meir om utviklingsprosjektet og sei ifrå kva du syns er viktig.

Publisert: 31.08.2016 | Les meir»

Teaterundersøkinga 2016

Kulturdepartementet har etterspurt ei kartlegging av behov på amatørteaterfeltet. Spørjeundersøkinga tek 5-10 minutt. I tillegg til å vera med på eit løft for amatørteaterfeltet, kan du med å svare på undersøkinga og vinna 10.000,- til ditt lokallag.

Publisert: 24.08.2016 | Les meir»

Broderi: Importvare, kulturarv eller begge delar?

Fagdagane i bunad og folkedrakt stad på Fagernes 29. og 30. august.. I år er det overordna temaet Broderi: Importvare, kulturarv eller begge delar?

Publisert: 23.08.2016 | Les meir»

Landsrådsmøte 22.-23. oktober

år er det 120 år sidan Noregs Ungdomslag vart skipa, og dette blir markert med at landsrådsmøtet blir lagt til Trondheim, med Sør-Trøndelag Ungdomslag som vertskaps-lag.

Publisert: 18.08.2016 | Les meir»

Folkedans og storpolitikk

Leiar Mette Vårdal er gjesteskribent i Nationen og skriv om å fylle 120 år, tradisjonar i stadig endring og å halde fram det gode arbeidet.

Publisert: 20.07.2016 | Les meir»

Kulturminnedagene 2016

Kulturminnedagane markerast 10. – 18. september og er ein del av det europeiske Kulturminnedagene (European Heritage Days). I år er det kompetanse og kunnskap i kulturvernet som er tema.

Publisert: 28.06.2016 | Les meir»

Grunnleggande barneinstruktørkurs i Tromsø 9.-11. september 2016

I samarbeid med BUL Tromsø arrangerer Noregs Ungdomslag grunnleggande barneinstruktørkurs i Tromsø i september.

Publisert: 21.06.2016 | Les meir»

Scenerom- kurs i regi og teaterproduksjon

Er du aktiv i eit amatørteaterlag? Vil du bli lære meir om regi? Vil du lære meir om oppgåvene i produksjonsapparatet bak ei teaterframsyning? Hausten 2016 startar vår nye kursrekkje i regi- og produksjonsopplæring opp.

Publisert: 08.06.2016 | Les meir»

Sommarleiren 2016 er avlyst

Sommarleiren er ei viktig satsing i Noregs Ungdomslag. Målet er at dette skal vere ein attraktiv møtestad for alle ungdomslagsmedlemmer i aldersgruppa 13-25 år, og NU arbeider gjennom heile året med utvikling av leiren.

Publisert: 07.06.2016 | Les meir»

Ole Vig-prisen 2016

Kva er det Odd Nordstoga, Herbjørg Kråkevik, Maria Parr og Helene Storstrøm Auset har til felles? Dei har alle gjort ein meir enn vanleg god innsats innan folkeopplysningsarbeid, kunst eller kulturarbeid og fått tildelt Ole Vig-prisen for arbeidet sitt.

Publisert: 07.06.2016 | Les meir»

Teater HotPot

Alle treng vi til ulike tider gjennom livet å bli rekna med og å vere nyttige i eit fellesskap. Det frivillige feltet har mykje å bidra med i arbeidet med å inkludere, integrere og motarbeide utanforskap. Her er historia om dei ferske NU-medlemmane Te

Publisert: 26.05.2016 | Les meir»

Broderi: Importvare eller kulturarv?

Noregs Ungdomslag sammen med Norges Husflidslag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Institutt for bunad og folkedrakt og Norsk folkedraktforum inviterer til "Fagdagane i bunad og folkedrakt" med broderi som tema.

Publisert: 20.05.2016 | Les meir»

Mangfald og integrering i lokallaga

Styret i Noregs Ungdomslag bestemte i januar å sette ned ei ressursgruppe som skal bidra til mangfald og integrering i lokallaga våre, dette etter initativ frå Sannidal Ungdomslag som har erfaring med å inkludere flyktningar i sitt ungdomslag.

Publisert: 10.05.2016 | Les meir»

Påminning: E-post frå NU Kulturformidling

Før påske sendte NU Kulturformidling ut ein e-post til alle lag i NU. Ein god del har svara, men det er framleis mange som ikkje har gjeve lyd frå seg. Her kjem difor ei oppmoding om å lese e-posten, og returnere svar på spørsmåla.

Publisert: 09.05.2016 | Les meir»

Fjelli UL og Bergen Ungdomslag Ervingen vinnarar av Kven veit? 2016

Resultata etter siste runde i Kven Veit? senior og junior er no klare, og vinnarlaga er kåra. Her kan du lese heile resultatlista.

Publisert: 29.04.2016 | Les meir»

Nyvald leiar trur på ny vår for Noregs Ungdomslag

Trass i at Noregs Ungdomslag dreg på åra, har organisasjonen greidd å endra seg og er i dag ein svært viktig brikke i det frivillige arbeidet i Noreg, meiner nyvald leiar Mette Vårdal (43).

Publisert: 26.04.2016 | Les meir»

Mette Vårdal ny styreleiar i Noregs Ungdomslag

Mette Vårdal (43) vart i helga vald til ny leiar i Noregs Ungdomslag etter Endre Kleiveland.

Publisert: 25.04.2016 | Les meir»

Ledig stilling som kulturrådgjevar i Noregs Ungdomslag

Som kulturrådgjevar vil du få ansvar for å koordinere NU sitt faglege arbeid med hus og scene, og eit spesielt ansvar for det tilbodet retta mot ungdom. Søknadsfrist 2. mai.

Publisert: 20.04.2016 | Les meir»

Kven veit? Resultat etter andre runde 2016

Resultat etter andre runde er no klar, og Bergen Ungdomslag Ervingen lag D og Røstkvervet UL har bytta plassering. Hos juniorane er det Fjelli UL og Fjærland UL lag B som er i tet. Les resten av resultatlista her.

Publisert: 01.04.2016 | Les meir»

Sakspapir til landsmøtet

Etter at laga sin frist for å melde inn saker til møtet gjekk ut 26. februar, har styret sett opp ei endeleg sakliste for møtet, og denne finn du her saman med alle sakspapir til møtet.

Publisert: 19.03.2016 | Les meir»

Norsk Ordbok er komplett

9. mars møtest språkfolk og ordbokfolk frå heile Europa i Oslo for å feire ei av dei største vitskaplege ordbøkene i verda. Norsk Ordbok ligg føre komplett i 12 band med 333 173 oppslagsord på 9637 sider. Flusken, jåttut, mugetuft, stæveleg og åværig er b

Publisert: 09.03.2016 | Les meir»

Sommarleiren 2016

Mellom 13 og 25 år? Påmeldinga til ei sommarveke med dans, teater, song og mykje anna kjekt har opna!

Publisert: 01.03.2016 | Les meir»

Isleik 2016

11 . – 17. juli er det Isleik på Island. Her vert det dans i flotte omgjevnader, fellesturar rundt på sagaøya og høve til å danse med deltakarar frå heile Norden om kveldane.

Publisert: 23.02.2016 | Les meir»

Landsmøtehelg i Oslo, 22.-24. april 2016

Noregs Ungdomslag har kalla inn til landsmøte, laurdag 23.- søndag 24. april. Møtet blir halde på Clarion Hotel Royal Christiania, midt i Oslo sentrum. Det er lagt opp til fagleg program frå fredag 22. april.

Publisert: 21.01.2016 | Les meir»

Kven veit? 2016

Bli med og bryn deg mot NU sine skarpaste skallar i kunnskapstevlinga Kven veit? I 2016 er temaet Ungdom i 100! i høve at medlemsbladet Ungdom kjem ut i sin 100. årgang.

Publisert: 26.11.2015 | Les meir»

Barnlek 2017

I 2017 vert Barnlek skipa på Færøyene, i perioden 5. - 8. juli. Barnlek er eit folkedansstemne for barn opp til 16 år frå heile Norden.

Publisert: 04.12.2015 | Les meir»

Er du mellom 18 og 25 år? Dansar eller speler du?

Bli med på Nordring-kurs i Nastola i Finland i påska!

Publisert: 02.12.2015 | Les meir»

– Språksamlingane til Vestlandet

Saka om språksamlingane og vitskaplege ordbøker blir løyst. Kunnskapsdepartementet har bestemt at Universitetet i Bergen tek over språksamlingane frå Universitetet i Oslo.

Publisert: 26.11.2015 | Les meir»

Scenteteksttilskudd - eit krafttak for ny norsk dramatikk

Teateralliansen har utlyst midlar for å stimulere til produksjon av ny norsk dramatikk, i samarbeid mellom profesjonelle dramatikarar og amatørteatergrupper. Første søknadsfrist er 1. desember.

Publisert: 17.11.2015 | Les meir»

Valnemda søkjer dugande kandidatar til styret

Landsmøtet i NU 2016 blir halde 23.-24. april. Valnemnda skal innstille på val av styre, og dei ønskjer innspel på dugande kandidatar.

Publisert: 27.10.2015 | Les meir»

Helene Storstrøm Auset tildlelt Ole Vig-prisen 2015

Ho får prisen for sitt store lokale og regionale kulturarbeid retta mot born og unge.

Publisert: 19.10.2015 | Les meir»

Hilmar:UNG 6. - 8. november

Hilmar:UNG er ei kompakt superhelg med kurs og konsertar innan folkemusikk og folkedans for deg mellom 14 og 26 år.

Publisert: 15.10.2015 | Les meir»

Minnepris til ung hardingspelar frå Bergen

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2015 er tildelt 17 år gamle Kårhild Husby Nordstad frå Bergen. Prisen, som er på 10 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Førde Laurdag 10. oktober.

Publisert: 12.10.2015 | Les meir»

Kompetanseheving for amatørteaterfeltet

Har du, eller nokon du kjenner lyst til å utvikle seg som teaterinstruktør? Studieforbundet kultur og tradisjon jobbar på vegne av Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag og Norges Amatørteaterforbund med å skreddarsy ei ny instruktørutdanning som svarar til beh

Publisert: 07.10.2015 | Les meir»

Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign