Hopp til hovedinnhold

Kva er lov når du har på deg bunad?

Mange er redde for å bruke bunaden feil. Felles for mange er at dei er redde for "bunadspolitiet" - denne mytiske gruppa som ikkje skyr å oppsøkje heilt framande menneske, og påpeike kva som er feil med bunaden deira.

Når vi tar på oss ein bunad, kler vi oss inn i ein levande tradisjon. Slik sett er det litt annleis å ha på seg ein bunad, enn ein kjole eller dress. Det er mange uskrivne reglar når det kjem til bunadsbruken, og desse reglane er like mange som det er bunadar i landet. Bunaden skal være slik som ho alltid har vore, meiner mange, og ho skal slett ikkje endrast på. Men stemmer dette? Og har vi eigentleg noko med korleis andre folk vel å kler seg?

Hulda Garborg og Klara SembHulda Garborg og Klara Semb

Hulda Garborg Vs. Klara Semb

I bunadshistoria er det to nøkkelpersonar som har vore avgjerande for både vidareføring og foredling av tradisjonen. Desse to er Hulda Garborg og Klara Semb. Begge to er æresmedlemmer i Noregs Ungdomslag, og viktige kulturpersonar i norsk historie. Dei representerer også, ironisk nok, to frontar i synet på bunaden.

Hulda Garborg var framoverlent og meinte bunaden måtte tilpassast samtida. Ho forkasta gamle folkedrakter med importerte materialar til fordel for norske. Under hennar arbeid vart det konstruert livkjolar i svart ull, med ullgarnsbroderi i rosesaum. Ho fekk fleire bunadar i gåver, og var ikkje framand for å blande saman element frå ulike bunadar. Til dømes brukte ho gjerne raudtrøya fra Telemark over hallingbunaden sin. Hulda ville laga ein kledetradisjon som var praktisk og norsk-produsert, og «lempa ho gjerne til», eller endra på bunaden, dersom ho fann dette naudsynt.

Klara Semb, på si side, meinte Hulda si metode viska vekk gamle tradisjonar og særeigenskapar ved folkedrakttradisjonen. Dersom folkedrakta hadde liv i importert silke frå Frankrike, så skulle ho lagast slik. Ho var bekymra for utvatninga av folkedrakttradisjonen, og hadde sterke meiningar om korrekt bruk av bunad. Difor var ho med å starta Landsnemnda for bunadsspørsmål i 1947, det som seinare vart Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Nemnda vart oppretta for å rettleie folk og for å svare på spørsmål som folk måtte ha om bunadbruk.

Den norske bunadshistoria er med andre ord tufta på motstridande meiningar og ulik tilnærming. Dette gjenspeiler seg i dagens samfunn. Nokon er svært oppteken av at bunaden skal berast mest mogleg korrekt – altså slik den vart brukt opphaveleg. Andre meiner at ein må kunne tilpasse bruken etter samtida. Begge syn kan sporast tilbake til ein av desse to opphavskvinnene. Så spørsmålet er kanskje – er du ein Hulda eller er du ein Klara? Og kjem vi nokon gong til å einast?

Det er ikke greit å gå med sminke når du har på bunad

Mange vil meine at når du har på deg ein bunad, skal sminka vere så naturleg som mogleg, og helst skal du ikkje ha på deg sminke i det heile. Det er ingen fasit på dette, då det ikkje var vanleg med sminke på den tida bunaden var i dagleg bruk. Ein tommelfingerregel kan jo vere at bunaden ikke blir overskygd av sminka. Men det viktigaste er at du føler deg fin sjølv.

to bilder av same kvinne, eit med sminke og eit utan sminketo bilder av same kvinne, eit med sminke og eit utan sminke
Hallingstakk og joggeskoHallingstakk og joggesko
Foto: Mona Husby

Du må ha riktige sko – altså bunadsko

Felles for dei fleste bunadssko til salgs i dag, er at dei er svarte og har metallspenne. Dei er ikkje for høge, ikkje for spisse, ikkje for framheva, og ser stort sett ganske like ut. Det som varierer, er kvaliteten.

I løpet av dei første åra med bunadsbruk i Norge vart ikkje skoa særleg vektlagt. Bilete frå denne tida viser at det var samtidas skomote som vart teken i bruk, uavhengig om ein kledde seg i bunad eller finkjole. Etter kvart voks det fram eit marknadsbehov for standardiserte bunadssko. Desse skoa har vore nokså uforandra frå 30-talet og fram til no. At "alle" skal ha svarte sko med metallspenne på, speglar ikkje nødvendigvis den opphavlege tradisjonen der bunadane var i dagleg bruk, men er eit resultat av dei standardiserte bunadane som Hulda arbeidde med på første halvdel av 1900-talet. Men nettopp denne standardiseringa har truleg vore med på å halde liv i bunadsskotradisjonen i Noreg.

Betyr det at det er heilt ulovleg å gå med andre sko til bunaden? Sjølvsagt ikkje! Vi brukar bunaden til ulike anledningar, og vi tilpassar oss deretter. I fine anledningar er det sjølvsagt fint å bruke passande sko til, på same måte som ein ville hatt på seg finsko til kjole eller dress dersom ein skal i selskap. Skal du gå ein heil dag i 17.maitog, kanskje med eit barn eller to på slep, er det viktigaste at du ikkje får vondt i føtene. Dersom det er meir behageleg å gå med joggesko då - gå med joggesko. Men om du ikkje vil ha noko merksemd kring val av fottøy, gå for eit par svarte joggesko, i staden for neonfarga.

Kjelder: Norsk Bunadleksikon, bind 1.

Det er ikkje lov med tilbehøyr som ikkje høyrer til bunaden – solbriller, paraply, veske, osb.

Enkelte vil meine at alt moderne tilbehøyr er fy-fy, fordi det ikkje fantes slikt då bunaden vart funnen opp. Det kjem sjølvsagt an på kva slags bunad vi snakkar om. Oslobunaden til dømes, kom på 40-talet, lenge etter at solbrillene kom på marknaden her i landet. Og kanskje ville forfedrane våre satt pris på regntette jakker og sko, dersom dei hadde det på 1800-talet. Det er ubehageleg å gå utan solbriller ein heil solfylt sommardag, og går du rundt i regnet og fryser, så blir du sjuk. Sjølvsagt er det lov med både solbriller og paraply, ja til og med støvlar, dersom det plaskar ned!

jente med hardangerbunad, paraply, solbriller og veskejente med hardangerbunad, paraply, solbriller og veske
ung brud i bunad og full brudestasung brud i bunad og full brudestas

Du kan ikkje bruke sølvbelte eller bolesølje med mindre du er gift

Sølvbelte, eller stølebelte, vart tidlegare brukt som eit synleg skilje mellom gift og ugift i enkelte bunader. Dette er ikkje alltid tilfellet lenger. I dag blir sølvbeltene først og fremst nytta for å pynte opp enda meir på bunaden, og det er meir og meir vanleg at jenter får stølebelte til konfirmasjonen. I nokre familiar har det vore vanleg at gutane har fått sølvknappar av faddere i åra frå dåp til konfirmasjon, og denne tradisjonen har begynt å gjere seg gjeldande for jenter og beltestøler også. Eit komplett sølvbelte er kostbart, men å kjøpe ein støl i året til fadderbarnet er meir overkommeleg. Dette er med andre ord ein tradisjon som har endra seg, og mange vel å smykke seg med sølvbeltene sjølv om ein er singel eller ugift.

På same måte som sølvbeltet, viste også bolesølja skilet mellom gift og ugift. I Telemark var det tradisjon for å få bolesølja i gåve når ein gifte seg. Då vart slangesølja flytta eit hakk ned og bolesølja fekk midtplassen. Dette er det, på lik linje med sølvbeltet, ikkje så mange som praktiserer lenger.

Du må ha riktig hodeplagg

"Ein kan ikkje vera nasjonal på midten og byfin i båe endar"

- Anne Bamble

I dei gamle folkedraktene var det gjerne hovudplagga som fortalde kva sivilstatus kvinnene hadde. Det var skarpe skiljelinjer mellom hovudplagga for gifte og ugifte, og det var uhøyrt å vise seg utan rett hovudplagg. Fleire stader har tradisjon for å vippe håret, både med og utan skaut utanpå, og gifte kvinner skulle gjerne dekkje alt håret. I dag er det også mange som meiner at bunaden ikkje er komplett utan hovudplagg.

Bruken av hovudplagg til bunad er ikkje like utbreidd lenger. Nokon meiner kyser er rare og ukomfortable, og dei verkeleg gamle hovudplagga kan vere vanskelege å setje på. Dessutan - kva hovudplagg skal ein velje dersom ein er fråskild, eller samboar? Det er heller ikkje så lett å vippe håret, om ikkje håret er langt nok. Nokon stader er dei tradisjonelle hovudplagga nesten forsvunne. I Hallingdal til dømes, har dei tradisjonelle "kjærringhettene" og "jentepannelina" stort sett blitt erstatta av den broderte lua. Hulda meinte på si tid at dei gamle hovudplagga i Hallingdal var altfor upraktiske, og introduserte "Hulda-lua" til både glede og sorg for hallingane.

Det framleis mange som brukar dei gamle hovudplagga, og som kan vidareformidle korleis dei setjast på. Dersom du har lyst til å bruke tradisjonelt hovudplagg til bunaden din, kan du oppsøkje den lokale bunadsforhandlaren din, eller lokale eldsjeler, som heilt sikkert vil lære deg korleis du brukar den. Det finst også mange triks som gjer det enklare, dersom du ikkje har så langt hår. Både laushår og nylonstrømper har blitt tatt i bruk til dette føremålet.

Dersom du ikkje har lyst til å bruke dei gamle hovudplagga, så er det sjølvsagt lov til å la vere. Det har dessutan blitt lansert ei rekke alternativ, som hårband, hårbøyer, lause hårvipper, og hårspenner som liknar på søljer. Så her er det mykje å velje i, uansett kva side du måtte høyre til.

jente med hallingbunad og jentepannelinjente med hallingbunad og jentepannelin
dame med bunad og mange ulike søljerdame med bunad og mange ulike søljer

Det er ikkje lov til å ha søljer frå ulike bunader saman

Det er ein gjengangar i bunadsverda at det ikkje er lov å bruke "feil søljer" med mindre det er arvesølv. Mange bunader brukar "generelt sølv", og dette gir jo ein viss valmoglegheit. Andre bunader har heilt spesifikt sølv. Dette er gjerne fordi sølvet tenar ein funksjon - maljer og kjeder er der for å halde bunaden saman. Til dømes passar agderknappen perfekt til knapphola i agderskjorta. Dei er gjerne tilpassa utforminga på bunaden, eller er designa slik at dei skal stå til elementa i bunaden. Generelt blir det anbefalt å bruke sølvet som høyrer til bunaden du har.

Men bunadsølv er dyrt, og ein treng ikkje å ha alt sølv til bunaden klart med ein gong. Ein kan byrje i det små, og spare og ynskje seg fleire søljer gjennom åra. Begynn med dei som må vere på plass for å halde bunaden saman: maljer, kjede og halsring. Dersom du ikke har mansjettknapper, kan du sy to knappar saman med trådhals i midten. Hugs å bruke sterk sytråd.

Nokon er så heldige å få bunaden sin til konfirmasjonen, men det er fleire anledninger gjennom livet der ein kan ønske seg tilbehør til bunad. Nokon velger å vente med den broderte skjorta til 30-årsdagen, og bunadsjakka er ein flott spleisegåve til 40- eller 50-årsdagen. Det er også mykje brukt bunadsølv å få kjøpt, noko som både er billegare og bærekraftig.

Med andre ord - bruk det du har og ikkje tenk at alt må vere på plass med ein gong.

Det er ikke lov med jakke utanpå bunaden

Ein "bunadsregel" som skapar hovudbry, særleg i kaldare strøk, er den som seier at ein ikkje kan bruke jakke utanpå bunaden. Med mindre det er ein tilhøyrande jakke, sjølvsagt. Nokon bunader har flotte tilhøyrande jakker, medan andre brukar cape, og andre att brukar vevde sjal i ull. Dette er flott, men det er også dyre plagg som ikkje alle har råd til. Bunadsjakka er ikkje noko ein vanlegvis har frå starten, og om ein får ein i gåve så skjer det gjerne i 40-50-60-åra. (Det blir mange år å gå og fryse fra konfirmasjonsalder til ein er 40, dersom ein ikkje får bruke andre jakker i mellomtida.) Det er ikkje vanleg med cape til alle bunader, og nokre stader er det ikkje klimamessig eit praktisk plagg. Og på kalde årstider er det kanskje ikkje nok med eit ullsjal over bunaden.

Ein bør heller ha ull under bunaden, seier nokon. Langerma ulltrøyer, stilongs og ullsokkar hjelper sjølvsagt. Men kva gjer ein dersom ein fryser på hendene, og det ikkje finst tilhøyrande votter eller hanskar? Skal ein freiste seg, og risikere neglesprett?

Sjølvsagt ikkje! Dersom det er skikkeleg kaldt i vêret, så ta no for all del på deg ein jakke - og votter og lue - som du allereie har. Det kan sjølvsagt vere fint å velje ein variant som ikkje gjer så mykje utav seg - til dømes ein svart ulljakke. Men om ein raud boblejakke er den einaste varme jakka du har - ta for all del på deg den. Ein skal ikkje trengje å velje mellom helsa og bunaden!

To små jenter i hallingbunad og stakk, ei med boblejakke utanpå og ei utan. To små jenter i hallingbunad og stakk, ei med boblejakke utanpå og ei utan.
Hege Kragh-Bergaplass og Lene Storhaug på 17.mai 1994. Foto: Oddrun Bergaplass
Ung kvinne i hardangerbunadUng kvinne i hardangerbunad

Det er ingen som har rett til å avgjerda kva du skal ha på deg. Men det kan vere greitt å ha i bakhovudet at dersom du vel å gå bort i frå normene for bunadsbruk, så vil du kanskje få kommentarar eller spørsmål om det. Det viktigaste er at du er komfortabel, og at du syns det er kjekt å ha på bunaden din!