Barnestemne (Vatne)

6.-8.september arrangerer Vatne Frilynde ungdomslag og Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag barnestemne på Vatne i Møre og Romsdal. Stemnet har ei hovudvekt på danseaktivitet men kursa er varierte med alt frå sløyd, hip hop, riding og mykje anna moro. I løpet av helga har ein oppvisning i sentrum og på institusjonar, det vert stemnetog, diskotek og øving på samdansprogrammet. Det er flest deltakarar frå Sunnmøre, men alle frå Møre og Romsdal kan vere med. 

Meir informasjon kjem etter kvart.