Bli med på Nordring - søk innan 15.januar

18.-22.april 2019 blir det arrangert Nordring i Noreg og Noregs Ungdomslag (NU) står som arrangør. 

Nordring er eit inspirasjonskurs og ei kulturutveksling for ungdom i alderen 18-25 år. Samlinga arrangerast påskehelga året etter NORDLEK-stemnet, og rullerer mellom dei nordiske landa. 
Samlinga er for 6 ungdom, 2 musikarar og 4 dansarar, frå kvart land og sjølvstyrte område. Ungdomane formidler og lærer bort sin eigen musikk- og dansetradisjon til kvarandre i tillegg til å lære om organisasjonen Nordlek og alle landa sine eigne organisasjonar. 

Det er avgrensa med plass, og berre 6 deltakar frå Noreg får vere med. Me ynskjer at alle i målgruppa skal ha like moglegheiter til å vere med, difor kan alle som ynskjer sende inn ein søknad til NU innan 15.januar 2019 om å få vere med.

 

Trykk her for å lese meir om Nordring.

Trykk her for å kome direkte til søknadsskjema. Hugs fristen 15.januar!

 

Er du ikkje i målgruppa? Då kan du hjelpe oss med å tipse nokon som bør søke om å få vere med.