Fordjuping i folkeleg pardans helg nr. 1 (Oslo)

To helger i 2019 har du moglegheit til å fordjupe deg i den folkelege pardansen og din eigen dansestil med god rettleiing av instruktør Vegar Vårdal. 

Kurset fokuserer i hovudsak på eigen dans og utvikling av eigen dansestil. Det er mogleg å melde inn tema eller problemstillingar i forkant som ein ynskjer å arbeide med på kurset. I tillegg vil me også sjå på korleis ein dansar i ulike samanhengar i dag og korleis me dansar på t.d. framsyningar. Dette er ikkje eit instruktørkurs, men eit kurs der me jobbar med vår eigen dans. Det blir mykje tid til utprøving og diskusjon mellom instruktør og kursdeltakarane, eit skikkeleg djupdykk. 

Det er ikkje behov for å melde seg på med partner, men tips gjerne nokon du tenkjer bør melde seg på.

Kurshelg 1: 8.-10.februar
Kurshelg 2: 15.-17.mars

Ein kan vere med på begge eller ei av helgene.

Påmeldingsfristen til kurshelgene er 11.januar 2019. Meir info og påmeldingsskjema finn ein ved å klikke her.