Fordjuping i folkeleg pardans

To helger i 2019 har du mulegheit til å fordjupe deg i den folkelege pardansen og din eigen dansestil med god rettleiing av instruktør Vegar Vårdal. Noregs Ungdomslag har sett opp eit nytt dansekurs - Fordjuping i folkeleg pardans som arrangerast i Oslo.

Kurset fokuserer i hovudsak på eigen dans og utvikling av eigen dansestil. Det er muleg å melde inn tema eller problemstillingar i forkant som ein ynskjer å arbeide med på kurset. I tillegg vil me også sjå på korleis ein dansar i ulike samanhengar i dag og korleis me dansar på t.d. framsyningar. Dette er ikkje eit instruktørkurs, men eit kurs der me jobbar med vår eigen dans. Det blir mykje tid til utprøving og diskusjon mellom instruktør og kursdeltakarane, eit skikkeleg djupdykk. 

Det er ikkje behov for å melde seg på med partner, men tips gjerne nokon du tenkjer bør melde seg på.

Kurset går over to helger 8.-10.februar og 15.-17.mars i Oslo. Det er valfritt om ein vil vere med på begge eller berre ei av helgene.

 

Påmeldingsfristen til kurshelgene er 11.januar 2019.

Påmelding skjer via denne lenka (trykk her). På denne lenka finn du også meir informasjon om kurset.

 

Kurset er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans.