Info knytta til korona

Det kjem stadig ny kunnskap om koronaviruset (covid-19), og situasjonen endrar seg raskt. Som eit generelt råd tilrår NU medlemmane å følgje råda frå dei kommunale helsestyresmaktene og Folkehelseinstituttet (FHI) knytt til smittevern, både med tanke på eigne lagsfolk og andre deltakarar. Vi anbefaler òg å sjå www.fhi.no og helsenorge.no for oppdatert informasjon.

Les om å ta opp igjen øving
Les om utleige
Les om digitale årsmøte

LES RETTLEIAREN TIL FRIVILLIGHET NORGE OG LNU

Nyheitsbrev
Vi sender no ut nyheitsbrev kvar veke til styremedlemmar eller andre tillitsvalde i Noregs Ungdomslag som er registrert med epost i Hypersys. Her finn du lenke til dei som har vore sendt så langt i denne perioden:

Ungdomslagsnytt ekstra info 26. juni
Ungdomslagsnytt 12. juni
Ungdomslagsnytt ekstra info 29. mai
Ungdomslagsnytt ekstra info 20. mai
Ungdomslagsnytt ekstra info 12. mai
Ungdomslagsnytt 29. mai
Ungdomslagsnytt 12. mai
Ungdomslagsnytt 5. mai
Ungdomslagsnytt ekstra info 22. april 
Ungdomslagsnytt ekstra info 14. april
Ungdomslagsnytt ekstra info 8. april
Ungdomslagsnytt april
Ungdomslagsnytt ekstra info nr 3, mars
Ungdomslagsnytt ekstra info nr 2, mars
Ungdomslagsnytt ekstra info nr 1 mars

Her finn du alle tidlegare nyheitsbrev

Avlyse arrangement, møte og øvingar?
Her må vi be dykk om å følgje med og følgje råda de blir gitt frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen. Sjå våre råd om øving her!

SØK OM KOMPENSASJON FOR AVLYSTE ELLER REDUSERTE KURS

SØK OM KOMPENSASJON FOR TAPTE LEIGEINNTEKTER (KULTURELLE ØVINGSFORMÅL) HOS KULTURROM

LES MEIR OM DETTE PÅ RESSURSSIDA TIL LNU

LES MEIR INFORMASJON OM DETTE PÅ RESSURSSIDA TIL FRIVILIGHET NORGE

Halde kurs digitalt?
Kunnskapsdepartementet (KD) har etter påtrykk frå studieforbunda fatta eit mellombels vedtak som gjer det mogleg å få tilskot til nettkurs og kortare kurs med minst fire kurstimar. Dette gjeld foreløpig fram til 1. august 2020. 
Les meir på nettsida til Studieforbundet Kultur og Tradisjon
Tips til korleis gjennomføre digitale kurs finn du her!

Blir det landsmøtet?
Styret i NU har vedteke å utsette landsmøtet i april til hausten 2020. Dette etter råd frå helsestyresmaktene knytt til koronaviruset. Vi kjem tilbake med ny dato for landsmøtet og meir informasjon med ein gong vi veit meir. Det same gjeld for seminara og kursa under NU-helga.

Blir det sommarleir?
I samråd med styret i Norsk Målungdom har styret i NU vedteke å avlyse sommarleiren vi skulle skipe til saman i juni/juli. Det blir jobba med ei alternativ samling for ungdom til hausten. Meir informasjon om dette kjem når det er klart. 

Tilråding: Fylkesårsmøte
I mønsterlova for fylkeslag i NU står det at årsmøtet skal vere gjennomført innan 31. mars. Vi tilrår fylkeslag som ikkje kan gjennomføre eit digitalt fylkesårsmøte om å avlyse. Det vil i år bli gitt dispensasjonen til fylkeslaga til å avhalde årsmøtet seinare grunna situasjonen vi no er inne i.

Kven veit? tevlingsrunde 2 og 3
Kunnskapstevlinga Kven veit? er satt på vent. Det vil seie at vi har registrret dei som alt har levert resultat for runde to, og så kjem vi tilbake til om vi køyrer ein ny runde to for alle eller berre for dei som ikkje gjenomførte sist veke (med dei same spørsmåla). Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi ser at det er forsvarleg å halde fram med tevlinga.

Halde ope ungdomshus og andre forsamlingslokale?
Om laget eig eller driv eit eige ungdomshus (eller eit anna forsamlingslokale) må kvart enkelt styre ta stilling til om det ut frå dei krav styringsmaktene har satt, framleis kan bli halde ope. Sjølv om lokala blir halde ope er det opp til kvar enkelt leigetakar sjølv å vurdere om arrangementet er forsvarleg å gjennomføre etter dei pålegga som er gitt frå nasjonalt og kommunalt hald. Sjå våre råd om utleige her! 

Er det mogleg å levere årsrapport utan årsmøte?
Ja, det er mogleg å levere årsrapporten for 2019 utan at han har blitt lagt fram for eit årsmøtet. Det einaste som må vere på plass er eit revidert reknskap slik at laget kan søkje om momskompensasjon. Årsrapporten blir levert  i medlemssystemet Hypersys.

NU-kontoret 
Som dei fleste andre har òg dei tilsette på NU-kontoret for tida heimekontor. Men vi er pålogga sentralbordet og svarar på e-post som normalt. Så ta gjerne kontakt med oss! Vi er her for å hjelpe medlemslaga våre. Kontaktinfo finn du her!

Ei siste oppmoding: Ta vare, og ikkje så mykje på kvarandre, i tida framover!