Instruktørkurs i revy (Lavangen)

12.-13.januar 2019 blir det instruktørkurs i revy i Lavangen.

Revy er ein sjanger som har lange tradisjonar i ungdomslag. Dei fleste vel å skrive sin eigen revy, men det finst òg mange revytekstar de kan leige. Dette kurset tek difor for seg instruktørrolla frå eit tidlegare stadium enn dei andre kursa. Frå skriveprosessen startar, til premiere. Korleis handtere tekstar skodespelarane har skrive sjølve? Korleis syr de saman ein god revy? 

Meir informasjon og påmelding finn du her: www.deltager.no/instruktorkurs_i_revy_lavangen2019. Påmeldingsfrist er 3.januar.