Meld di interesse til ÅLEK 2019

16.-21.juli 2019 arrangerast det ÅLEK, eit mindre folkedans- og folkemusikkstemne gjennom Nordlek-organisasjonen, i Mariehamn på Åland. Det vert også nordisk ungdomsleir 14.-16.juli same stad. No er det tid for å melde si interesse. 

Då dette er eit mindre stemne er det berre 50 personar frå kvart av dei nordiske landa som får reise, og det vil vera Noregs Ungdomslag som fordeler kven som får vera med å delta på stemnet frå Noreg. 
NU har ikkje ressursar til å sende tilsette frå administrasjonen eller å betale for musikarar til ÅLEK slik som det har vore gjort på tidlegare NORDLEK-stemner. Difor vil det vera behov for at nokon av dei norske deltakarane tek på seg ekstra koordineringsansvar under sjølve stemnet, og nokon vil kanskje bli bedt om å instruere noko. Me vil oppmode laga om å ta med eigne musikarar. 

Medlemslag i NU og lag som har med eigne instruktørar og musikarar vert prioritert. 

Det har kome lite informasjon frå arrangørane til no, men me ventar å få meir informasjon i løpet av desember. Så fort me har denne informasjonen vert dette lagt ut på heimesidene våre under denne lenka: http://www.ungdomslag.no/aktivitet/folkedans/internasjonalt-samarbeid/nordlek/alek-2019/, så følg med her om du er nysgjerrig og vil vite meir. 

 

Dersom du, eller fleire frå ditt lag ynskjer å delta på ÅLEK må de gjera følgande: 

Send ein e-post til solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no innan 4.januar 2019. 

I e-posten vil me ha informasjon om: 

  • Kor mange som ynskjer å reise og kva lag dei høyrer til. 

  • Om det er nokon i gruppa som kan instruere eller om det er nokon som kan vera musikar åleine eller i lag med andre. 

  • Om nokre av deltakarane dykkar er aktuelle for den nordiske ungdomsleiren (her er det ikkje kvote på tal deltakarar). 

 

I midten av januar 2019 vil de få svar frå NU om du eller ditt lag får reise på ÅLEK. Etter dette vil dei utvalde deltakarane få beskjed om å gjera ei endeleg påmelding til ÅLEK, frist for dette veit me ikkje endå. Meir informasjon om denne prosessen kjem i januar. 

 

Har de spørsmål er det berre å ta kontakt med NU-kontoret.