Ofte stilte spørsmål

Merk! Desse svara tek utgangspunkt i nasjonale krav og anbefalingar. Det fins òg lokale krav og anbefalinar i kvar kommune, så hald deg oppdatert  på kva vedtaka og råda frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til er. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen,og er de i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

Er aktiviten i lokallaget sosialt eller organisert?

  • Arrangement i regi av lokal- eller fylkeslaget blir rekna som organisert aktivitet ("sammenkomster på offentlig sted eller i lokaler og utendørs arealer som leies eller lånes ut, inkludert hoteller, grendehus, forsamlingshus, konferansesaler og haller)", og ikkje som ein sosial samanheng eller privat samankomst. Les mer på FHI sine sider.
  • Alt som har med jobb, studier og skulegang og fritidsaktivitetar å gjere blir ikkje av helsestyresmaktene rekna som ein privat, sosial sammanheng. (Men merk at øving eller trening der folk er i bevegelse har andre reglar for antal og og avstand)

Kva betyr det at lokallaget er ansvarleg arrangør?

  • Alle arrangement må ha ein ansvarlig arrangør. Det skal kome tydeleg fram for deltakarane kven dette er.
  • Ein person eller eit lag skal ha ansvar for at arrangementet oppfyller gjeldande krav frå myndigheitene, sjå under for antal og retningslinjer.
  • Arrangøren må ikkje være til stades under arrangementet, men for å kunne oppfylle kravet om oversikt må eventuelt andre bidra til å halde oversikta. 

Om eg er med på ein fast aktivitet i ungdomslaget, blir det rekna som nærkontaktar?

  • Anbefalinga for kor mange kontakter kvar person kan ha i løpet av ei veke omfattar ikkje slik som øvingar og anna fast aktivitet (td. teaterøvingar, korøvingar osv.) så lenge ein følgjer rettleinga for smittevern for frivillige organisasjonar, så nei andre du møter i samanheng med tilskipingar av ungdomslaget er ikkje nærkontaktar.

Kor mange deltakarar kan det vere på eit arrangement? (når ein meter avstand er mogleg)

  • Her kan det vere lokale tiltak og reguleringar, og det er til ein kvar tid vedtaka og råda frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til som gjeld. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen,og er de i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

  • Det er tillatt med arrangement på offentleg stad for (frå 9. november):
    - inntil 50 personar om det ikkje er fastmonterete sete
    - inntil 200 personar der det er fastmonterte sete. 

  • For samlinger i grupper som ikkje er arrangement, til dømes danseøvingar er hovudregelen for gruppestorleik på inntil 20 personar og avstand på minst 1 meter.


MERK! Kommunane kan innføre strengare tiltak lokalt på grunn av smittesituasjonen. Sjå nettsida til kommunen for informasjon om lokale tiltak.

  • Private samankomster (slik som bursdagsfeiring, konfirmasjon, bryllup osb.) på offentleg stad eller i leid/lånt lokale kan bli gjennomført med inntil 20 personar.. Til dømes er eit Ungdomshus ein offentleg stad.

  • Private sammenkomstar i eigen heim, hage eller hytte bør ikkje ha fleire enn 5 gjestar.
     
  • Dei som står for gjennomføringa er ikkje ein del av deltakarantalet. 
     
  • Barn og unge som er i samme kohort i barnehagen eller på barneskulen er  har unntak frå avstandskravet på arrangement. 

LES MEIR PÅ HELSEDIREKTORATE SINE HEIMESIDER 
 

Kor mange deltakarar kan vere i ei gruppe på øving/aktivitet?

  • Det er ikkje anbefalt å vere fleire enn 20 deltakarar i ei gruppe på øvingar og aktivitet.

Kva er forutsetningane for at vi kan ha ein aktivitet?

  • Syke personar skal aldri delta, sjølv om dei berre har milde symptomar.
    • Det må bli tydeleg kommunisert ved påmelding til kurs, samlingar eller marknader at dei i så fall må melde avbod, og kven dei skal kontakte.
       
  • Lokalet må være stort nok til at deltakarane kan halde minst 1 meter avstand gjennom heile arrangementet.
    • Ein tommelfingerregel er å rekne 4 m2 (2x2 meter) per person. I lokaler der personar sit stille ved eit bord kan arealbehovet være noko mindre.
  • Lokallaga må ha oversyn over kven som er til stades for å kunne hjelpe kommunen ved ein eventuell seinere smitteoppsporing.
    • Lista bør ha namn på deltakarane og telefonnummer og/eller e-postadresse.
    • Lista med kontaktinformasjon til deltakarane skal bli sletta etter 10 dagar.
    • Deltakarane må bli informert om at det blir ført ei slik liste. 
    • De finn ein mal for oppmøtelister her! 

Merk! Det er til ein kvar tid vedtaka og råda frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til som gjeld. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen,og er de i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

LES RETTLEIAREN OM SMITTEVERN I FRIVILLIGE ORGANISASJONAR HER!

 

Oppdatert 5. november