Påmeldinga til Kven veit? 2020 er opna!

Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på allmennkunnskap om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er temaet for tevlinga.

«Lukkeleg, den som hev ein god nationalbunad og slepp renne som ein narr etter alle motar» skal filosofen Jean-Jacques Rousseau ha sagt. Og om det er hald i det utsagnet så er det 70 prosent av kvinnene og nesten 20 prosent av mennene i Noreg lukkelege. Den folkelege og allmenne bunadsbruken i Noreg står i ei særstilling i internasjonal samanheng. Det er få andre land i verda som har ein så brei tradisjon for bruk av nasjonaldrakter som Noreg, og difor har Noregs Ungdomslag gått saman med Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon for å nominere norsk bunadsbruk til UNESCOs representative liste over menneskeslekta si immaterielle kulturarv.

Bunad er namnet på draktene vi brukar i dag, og som på ulike måtar er ei vidareføring av dei gamle folkedraktene. Frå slutten av 1800-talet vart bunaden teken i bruk av bygdeungdommen i norskdomsrørsla som symbol på det norske i kampen mot unionen med Sverige. Etter unionsoppløysinga i 1905 er bunaden derimot vorten eit symbol på det lokale – på heimbygda og familieopphavet.

Temaet for Kven veit? 2020 er altså bunad – plagget som blir bruka av folk flest, høgtid og fest.

LES MEIR OM KVEN VEIT? OG MELD PÅ LAG!