Råd knytt til å starte opp aktivitet

Her kjem ei veiledning med samanfatta informasjon om korleis ungdomslag kan ta opp aktiviteten i laga. Men merk at det er til ein kvar tid vedtaka og råda frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til som gjeld. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen,og er de i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

LES RETTLEIAREN TIL FRIVILLIGHET NORGE OG LNU OM AKTIVITET HER!

Dans, teater, kor og kino? Sjå punkt 5 i denne rettleiaren!

Senk smitterisikoen på øving/aktivitet

For å kunne starte med øvingar igjen må følgjande fem punkt bli følgt for å redusere smitterisikoen:

  1. Sjuke personar skal ikkje delta på øving
  2. God hygiene
  3. Ingen fysisk nærkontakt mellom personane
  4. Ingen sambruk av instrument, mikrofonar, utstyr osb.
  5. Øvingslokalet må være egna med nok plass til deltakarar og utstyr.

Og hugs: ikkje gjennomfør aktivitet med mindre du er heilt trygg på at aktiviteten ikkje bidreg til å auke smitterisikoen og at den kan skje i samsvar med anbefalingane. I motsatt fall, skal aktiviteten umiddelbart bli stoppa. 

SJÅ LNU SINE RÅD OM AKTIVITET FOR BARN OG UNGE

Sjekkliste før øvinga tek til

Det er ikkje høve til å organisere aktivitet der fysisk nærkontakt er uunngåeleg, og/eller kvar det vil være vanskeleg å overhalde krav om forsvarleg avstand til ein kvar tid under øving eller aktivitet. 

  • Ha ein smittevernansvarleg for kvar aktivitet. Personen er ansvarleg for å oppdatere seg på smittevernsreglane og sjå til at dei blir fulgt.
  • Orienter alle deltakarane på førehand kva smittevernreglar som gjeld for antal personar, avstand til dei andre før, under og etter øving  m.m.
  • Før deltakarliste med kontaktopplysingar slik at de kan hjelpe helsestyresmaktene med eventuell smittesporing.
  • Ha dialog med personar i risikogruppa. Oppdatert liste over risikogrupper finn de her på helsenorge.no
  • Sikre at det er god tilgang til vatn og såpe i lokalet/ungdomshuset
  • Handdesinfeksjon bør vere tilgjengeleg på stader der det ikkje er mogleg å legge til rette for god handvask.
  • Det er tilrådt med hyppig vask av toaletta. Det bør vere tørkepapir tilgjengeleg til å tørke seg med (ikkje handkle).
  • Heng opp godt synleg informasjon om vanar som førebygger smitte. Godkjente plakatar finn de her på www.helsedirektoratet.no
  • Lokalet må vere tømt heilt før ny gruppe kan oppsøkje rommet.

  • Ingen felles rigging. Stolar og utstyr må bli satt fram i forkant av øvinga.
  • Reduser moglegheita for kontakt som kan oppstå ved trengsel, ved å planlegge pauseaktivitet og på vei inn og ut av øvinga.
  • Del inn øvingslokalet i soner, slik at det er lett å halde avstand.
  • Ingen felles servering av mat og drikke.
  • Sjå sjekklista på side 6 i rettleiaren til Frivillighet Norge og LNU. Print gjerne ut og kryss av sjekkpunkta.

Reinhald

  • Gjer dykk kjent med plansne for reinhaldld av lokalet de tek i bruk, som den de leiger eller leier lokalet av, pliktar å ha tilgjengeleg.

  • Dersom de benyttar dyk av eit bygg laget sjølv eig, følg Folkehelseinstituttets råd om renihald (lenke til nettside) som du finn på denne nettsida. Koronaviruset kan bli fjerna med manuell rengjering med vatn og rengjeringssmidel.

Lov med arrangement på offentleg stad etter 7. mai

Fra 7. mai blir det tillatt med arrangementer på offentleg stad for inntil 50 personar, og dei nasjonale reglane finn du her! 
For øving og "anna organisert idrettsaktivitet" gjeld regelen for inntil 20 personar med ein meters avstand.

  • Dette vil gjelde der det er molig å halde avstand på minst 1 meter mellom personar som ikkje er i samme husstand.
  • Det gjeld berre arrangementer på offentleg stad med ein ansvarlig arrangør som har oversikt over kven som er tilstades.
  • Ein ansvarleg arrangør er viktig for å sikre rask smittesporing om det skulle bli naudsynt, og for at nokon skal være ansvarleg for at råd om avstand og smittevern kan bli fulgt.
  • Arrangementer uten ansvarlig arrangør er ikkje lov.
  • Om arrangementet ikkje er på ein offentleg stad med ein ansvarleg arrangør, gjeld regelen med å unngå at fleir enn 20 er samla med ein meter avstand til kvarande. Det er då oppmoda om mogleg å ha samlinga utandørs.

Om lokalet/ungdomshuset er definert som offentleg stad er det mogleg å ha arrangement. Om det er praktisk mogleg med desse restriksjonane, må bli vurdere ut frå arrangement og i samråd med kommunelege/lokalt helsestyresmakt.

NU minnar om dette er eit virus som rammar breitt og som kan vere dødeleg, sjølv for personar med god allmenntilstand. Ansvarleg arrangør tek på seg eit stort ansvar. Det er difor viktig at ein vurderer arrangement opp mot risikoen ved å opne huset.

Kurs med fysisk frammøte frå 11. mai

Frå måndag 11. mai er det mogleg å arrangere kurs der fysisk frammøte er ein føresetnad for å gjennomføre. Nettbaserte samlingar er framleis tilrådd der det er mogleg.

  • Ha kurs i små, faste grupper på inntil 20 personar.
  • Hald minst ein meters avstand mellom kvar person.
  • Del ikkje på utstyr.
  • Rutinar for hyppig handvask og god tilgang på Antibac.

MERK! Laget som arrangerer kurs skal halde seg oppdatert på relevante tilråingar frå offentlege helsemyndigheiter og tilrettelegge opplæring og aktivitet i samsvar med dette. Det skal ikkje gjennomførast fysiske kurs med mindre ein er heilt trygg på at aktiviteten ikkje bidreg til auka smitterisiko og at den kan utøvast i samsvar med helsemyndigheitenes tilråingar.
Personar som er smitta av korona, sit i karantene eller som har symptom på luftvegsinfeksjon, som feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand, skal ikkje delta på kurset eller vere delaktig i fysisk tilrettelegging av kurset.

 Les meir på heimesida til Studieforbundet kultur og tradisjon

Mat og drikke

Om de skal servere mat og drikke: unngå felles servering, server maten posjonsvis og følg råd frå Mattilsynet om matlaging og koronasmitte. Ei enklare løysing er å be deltakarane sjølv stille med mat og drikke.

 

Er det nok plass?

Dei generelle bestemminga for smittevern gjeld i øvingslokalet enten de driv med aktiviteten eller har pause. Hugs god hygiene, og hald avstand mellom utøverane. 

  • Bruk oversiktlige lokale som er store nok til å følge tilrådinga om avstand.

  • Følg anbefalt minstekrav til areal (sjå tabell frå Norsk Musikkråd) innanfor den gjeldande begrensninga på antal deltakarar i ei gruppe som myndighetene har satt.

Anbefalte minste romstørrelse for ulike gruppestørrelser

Grupper             Buffer                           +3m2 pr utøver                   = Sum m2

<5                       10 m2                          15 m2                                    25 m2

<15                     20 m2                          45 m2                                    66 m2

<30                     30 m2                          90 m2                                    120 m2

<50                     30 m2                          150 m2                                  180 m2

Det blir rekna ein buffer med + 3 m2 pr utøver (1,5 m mellom kvar utøvar til siden, 2 meter til neste utøver foran) Sjå tabellen på Norsk Musikkråd si heimeside her! (heilt nede på sida)

Vi minner om:
Lag som no opnar opp for å ta opp aktivitet må sjølve halde seg oppdatert på relevant informasjon og tilrådingar frå helestyresmaktene. Det skal ikke vere aktivitet utan at ein er heilt trygg på at aktiviteten ikkje bidreg til å auke smitterisikoen og og kan bli utført etter dei tilrådingane som er gitt.

Som eit generelt råd tilrår NU medlemmane å følgje råda frå dei kommunale helsestyresmaktene og Folkehelseinstituttet (FHI) knytt til smittevern, både med tanke på eigne lagsfolk og andre deltakarar. Vi anbefaler òg å sjå www.fhi.no og helsenorge.no for oppdatert informasjon.

Kjelder: Norsk Musikkråd, Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet, Frivilighet Norge

 

LES RÅD OM UTLEIGE HER!