Råd knytt til utleige av lokale

Her kjem ei rettleiing med samanfatta informasjon om utleige av lokale. Er de i tvil oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

NU minnar om dette er eit virus som rammar breitt og som kan vere dødeleg, sjølv for personar med god allmenntilstand. Ansvarleg arrangør tek på seg eit stort ansvar. Det er difor viktig at ein vurderer arrangement opp mot risikoen ved å opne huset.

Les rettleiaren til Frivilighet Norge og LNU om aktivitet her!

Ansvar ved utleige

  • Om laget eig eller driv eit eige ungdomshus (eller eit anna forsamlingslokale) må kvart enkelt styre ta stilling til om det ut frå dei krav styringsmaktene har satt kan bli halde ope.
     
  • Sjølv om lokala blir halde ope er det opp til kvar enkelt leigetakar sjølv å vurdere om arrangementet er forsvarleg å gjennomføre etter dei pålegga som er gitt frå nasjonalt og kommunalt hald. 
     
  • Det er til ein kvar tid vedtaka og råda frå kommunelegen og helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til som gjeld for ditt ungdomslag når det gjeld utleige. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen. 
  • Sjekk oppdatert informasjon på heimesida til Folkehelseinstituttet her!

Reinhald

  • Følg Folkehelseinstituttets råd om renihald (lenke til nettside) som du finn på denne nettsida. Koronaviruset kan bli fjerna med manuell rengjering med vatn og rengjeringssmidel.

  • Om de gjer alt reinhaldt sjølv: Sørg for å ha ein plan for reingjering lett tilgjengeleg, dei som leiger lokalet har krav til å sjå plan for reinhald.

Det er usikkert kor lenge covid19-viruset kan leve på overflater. Det vil variere med overflate, temperatur, sollys og luftfuktigheit. Fordi virus kan finnast på overflater, er god handvask det viktigaste tiltaket. Det gjeld også for den som skal reingjere lokalet etter bruk for å unngå å bli smitta.  

  • Ved reingjering av lokalet er det tilrådt bruk av mikrofiberklutar og såpe.  
  • Alle kontaktflater må reingjerast grundig. Det er viktig å sikre at ein vaskar alle flater som er blitt berørt, til dømes handtak, stikkkontaktar/lysbrytarar, bord og stolryggar, kaffitraktarar, brytarar på komfyr med meir. 
  • Desinfeksjon kan nyttast som eit supplement, men det må likevel alltid vaskast før ein deinfiserer.
  • Utstyr som har vore i bruk må også reingjerast.
     

Lov med arrangement på offentleg stad etter 15. juni

Frå 15. juni blir det tillatt med arrangementer på offentleg stad for inntil 200 personar, og dei nasjonale reglane finn du her!

For øving og "anna organisert idrettsaktivitet" gjeld regelen for inntil 20 personar med ein meters avstand. 

  • Dette vil gjelde der det er mogleg å halde avstand på minst 1 meter mellom personar som ikkje er i samme husstand.
  • Det gjeld berre arrangementer på offentleg stad med ein ansvarlig arrangør som har oversikt over kven som er tilstades.
  • Arrangement utan ansvarleg arrangør er ikkje lov.
  • Ein ansvarleg arrangør skal ha oversikt over kven som er deltek (føre namneliste med kontaktopplysningar) og sjå til at råd om avstand og smittevern kan bli fulgt. 
  • Om arrangementet ikkje er på ein offentleg stad med ein ansvarleg arrangør, gjeld regelen med å unngå at fleir enn 20 er samla med ein meter avstand til kvarande.

Om lokalet/ungdomshuset er definert som offentleg stad er det mogleg å ha arrangement. Om det er praktisk mogleg med desse restriksjonane, må bli vurdere ut frå arrangement og i samråd med kommunelege/lokal helsestyresmakt.

Ved t.d. festlege lag kan det vere vanskeleg å oppretthalde smittvernavstand. Det er òg viktig at ikkje fleire enn avtalt vert slept inn. I tillegg bør de vurdere å ta ekstra betalt, då de må vaske ned huset mykje grundigare etter kvart arrangement enn tidlegare. De må òg lage eigne rutinar for t.d. reinhald av toalett. 
 

Tiltak for å førebygge smitte ved utleige

  • Sørg for at det er ein smittevernansvarleg for kvart arrangement. Personen er ansvarleg for å oppdatere seg på smittevernsreglane og sjå til at dei blir fulgt.
  • Få arrangøren til å orienter alle deltakarane på førehand kva smittevernreglar som gjeld for antal personar, avstand til dei andre før, under og etter øving  m.m.
  • Få arrangøret til å føre deltakarliste med kontaktopplysingar slik at de kan hjelpe helsestyresmaktene med eventuell smittesporing.
  • Sikre at det er god tilgang til vatn og såpe i lokalet/ungdomshuset
  • Handdesinfeksjon (td. Antibac) bør vere tilgjengeleg på stader der det ikkje er mogleg å legge til rette for god handvask.
  • Det er tilrådt med hyppig vask av toaletta. Det bør vere tørkepapir tilgjengeleg til å tørke seg med (ikkje handkle).
  • Heng opp godt synleg informasjon om vanar som førebygger smitte. Godkjente plakatar finn det på www.helsedirektoratet.no
  • Følg Folkehelseinstituttets råd om renihald
  • Sjå sjekklista på side 6 i rettleiaren til Frivillighet Norge og LNU. Print gjerne ut til arrangøren/leigetakaren

Vi minner om:
Lag som no opnar opp for å ta opp aktivitet må sjølve halde seg oppdatert på relevant informasjon og tilrådingar frå helestyresmaktene. Det skal ikke vere aktivitet utan at ein er heilt trygg på at aktiviteten ikkje bidreg til å auke smitterisikoen og og kan bli utført etter dei tilrådingane som er gitt.

Som eit generelt råd tilrår NU medlemmane å følgje råda frå dei kommunale helsestyresmaktene og Folkehelseinstituttet (FHI) knytt til smittevern, både med tanke på eigne lagsfolk og andre deltakarar. Vi anbefaler òg å sjå www.fhi.no og helsenorge.no for oppdatert informasjon.

Kjelder: Norsk Musikkråd, Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet, Frivilighet Norge

LES RÅD OM Å STARTE OPP ØVING HER