Det finst ikkje noko standardoppskrift på korleis ein kan og bør drive eit ungdomslag. Det viktigaste er at medlemene alltid har siste ord. Det er medlemene som gjennom årsmøtet vedtar arbeidsprogram og budsjett, godkjenner årsmeldingar og rekneskap, fastset kva politiske standpunkt ungdomslaget kan ta, og som vel kven som skal styre laget. Eitkvart ungdomslag har lover eller vedtekter som medlemene har bestemt, som fortel kva føremålet til laget er og som legg rammene rundt engasjementet og aktiviteten i laget. 

Andre nyttige verktøy for deg som er tillitsvald:

  • Årsmelding skal leggast fram for årsmøtet i laget. Oppsummerar aktiviteten og engasjementet i laget det føregåande året.
  • Rekneskap frå føregåande år som er godkjent av revisor skal også leggast fram og godkjennast av årsmøtet.
  • Arbeidsprogram eller arbeidsplan blir vedtatt av årsmøtet og fortel kva område og aktivitetar ungdomslaget skal jobbe med det komande året.
  • Budsjett blir vedtatt av årsmøtet og set økonomiske rammer for aktiviteten og engasjementet i laget det komande året.
  • Fråsegn (resolusjon/uttale) blir vedtatt av årsmøtet eller styret i laget og tar ofte for seg laget sitt standpunkt i høve til ei politisk sak.
  • Ungdomslaget har gjerne også andre styringsverktøy som prinsipprogram, langtidsprogram og styringsføresegner.


I laget sit det eit styre som er valt av årsmøtet. Eit vanleg styre er samansett av leiar, nestleiar, kasserar, skrivar, studieleiar og gjerne andre personar som har ansvar for eit spesielt arbeidsfelt. Å bli samde om kvar enkelt styremedlem sine primæroppgåver er eit godt tips for at styret skal fungere godt. Har alle like stort ansvar for kvar einaste oppgåve blir ofte ingenting gjort…

Eit godt verktøy for eit ungdomslag er årshjulet. Her kan laget plotte inn viktige gjeremål og aktivitetar for dei komande åra. I januar kallar vi inn til årsmøte, og valnemnda og styret førebur seg på dette. Denne månaden startar kanskje aktiviteten opp i dansegruppa og i ungdomsklubben. I februar blir årsmøtet avhalde og første møtet i det nye styret og i nemndene. I mars startar gjerne førebuingane av program til 17. mai. I april og mai er det dugnad i ungdomshuset osb. Blir alle kjent med årshjulet blir det lettare å planlegge årets gang og sjå samanhengane mellom ulike aktivitetar.

Gjennom å ta verv i ungdomslaga, får du ei unik opplæring i demokrati, leiing og prosjektstyring og får vere med på å skape levande lokalsamfunn.