Lagsfordelar

Som medlemslag i Noregs Ungdomslag har ein t.d. desse fordelane:

Tilgang til fleire støtteordningar enn elles:

  • Frifond. Alle medlemslag som har meir enn 5 medlemmer under 26 år får etter søknad frifondmidlar. I dag gir vi eit grunntilskot på kr 4000 per lag samt eit variabelt tilskot per medlem under 26 år. (I fjor var dette på kr 442, slik at eit lag med 5 medlemmer under 26 år mottok tilsaman kr 5210 i tilskot til barne- og ungdomsaktiviteten i laget.
  • Støtte til opplæring (Vaksenopplæringsmidlar). Alle laga kan søkje om midlar til kurs- og opplæringsaktiviteten i laget, gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon. Per i dag er tilskotet kr 95 pr time. Eit opplæringstiltak som går over 8 timar, og som har minimum 5 deltakarar over 14 år vil t.d. kunne få eit tilskot på kr 760.
  •  Momskopensasjon kan alle lokallag i Noregs Ungdomslag søkje om.

Gode avtalar og rabattordningar gjennom KNIF

  • Gjennom KNIF Trygghet kan laga få gode forsikringsavtalar for både ungdomshuset og aktiviteten sin. Vi har fleire døme på ungdomslag som har spart mellom kr 10.000 og 20.000 på å skifte forsikringsselskap til KNIF Trygghet.
  • Gjennom KNIF Innkjøp har medlemslaga våre tilgang på gode innkjøpsordningar på alt frå forbruksmateriell til inventar.

Fiken regnskap

  • 15% på Fiken regnskap. Dette er eit online reknekapsprogram som passar godt til lokallag og små selskap. Ta kontakt med Alf Steinar på NU-kontoret om de er interesserte eller lurar på noko: tlf. 24 14 11 16 eller send ein e-post til alf.steinar@ungdomslag.no 

Kompetanseheving

  • Vi tilbyr instruktørkurs i både teater og folkedans, for at laga skal få gode instruktørar til aktiviteten sin. Kursa er rimelege, og blir arrangert rundt om i heile landet
  • Medlemslaga i Noregs Ungdomslag har også moglegheit for å leige ein gjesteinstruktør heim til laget. For ein fast pris kr. 5000 får laget ein instruktør heim til laget sitt ei heil helg. Denne prisen inkluderer både reise, overnatting og honorar til instruktøren, då resten av kostnadene blir dekt av NU.

Medlemslag i Noregs Ungdpmslag kan få 15% på Fiken regnskap. Dette er eit online reknekapsprogram som passar godt til lokallag og små selskap. Ta kontakt med Alf Steinar på NU-kontoret om de er interesserte eller lurar på noko: tlf. 24 14 11 16 eller send ein e-post til alf.steinar@ungdomslag.no