Landsmøte og NU-helg

Noregs Ungdomslag sitt landsmøte blir halde i Oslo på Scandic St. Olavs plass laurdag 28. og søndag 29. april. 

I år blir det lagt større rammer rundt landsmøtet, der også personar som ikkje skal delta på det formelle landsmøtet vil få eit tillbod. Vi håper difor at laga vil vurdere å sende fleire personar til å delta på denne storstilte NU-helga:
 

Det vil som tidlegare år bli lagt opp til faglege seminar både fredag og laurdag, og desse seminara er opne for alle. Les meir her.

Det vil bli arrangert eit eige demokratiseminar på fredag. Dette blir halde i Nynorskens hus (BUL Oslo), og er ope for alle.

Vi tilbyr også instruktørkurs i dans og teater, samt kurs i handsydde dåpsluer. Desse kursa går parallelt med landsmøtet, og er difor tiltenkt dei som ikkje skal på landsmøte. Les meir her.

Laurdag kveld blir det dans i BLS sine lokale i Nordal Brunsgate 22, med musikarane Vegar Vårdal (fele), Patrik Andersson (fele) og Åsmund Reistad (gitar, madola m.m.) Dansefesten er også open for alle.

Utsendingar til landsmøtet:
Påmeldingsfristen til landsmøtet er 19. mars, og det er to ulike skjema som må sendast inn. Påmelding og Desse finn du lenke til i ein av artiklane nedanfor og all praktisk informasjon om NU-helga finn du under samla program for NU-helga.

Andre som vil delta på NU-helga:
Felles påmeldingsfrist for kursa og seminara er 11. april. Lenke til påmeldingssida finn du her.