Landsmøteavgift og overnatting

Utsendingane vil bli innlosjert på Scandic St. Olavs plass, der også sjølve landsmøtet og seminara blir halde. 

Landsmøteavgifta er kr 3.200 per person. Denne dekker følgjande:

  • Overnatting i enkeltrom frå laurdag til søndag (overnatting i dobbelrom gir 500 kr i avslag)
  • Seminar laurdag
  • Lunsj laurdag og søndag samt middag og dansefest laurdag kveld. 


Om du vil overnatte allereie frå fredag, vil laget bli fakturert for kr 1.300 ekstra. Dette dekker:

  • Overnatting i enkeltrom frå fredag til laurdag
  • Seminar fredag 

I tillegg blir laga som vanleg fakturert for reiseutjamning på kr 500 pr utsending. Dei utsendingane som har høgast reisekostnader vil få tilskot frå reiseutjamningspotten etter landsmøtet er gjennomført.