Samla program for NU-helga

Det formelle landsmøtet startar ikkje før laurdag, men det er lagt opp til eit spennande seminarprogram på fredag ettermiddag, som vi håper flest mogleg vil delta på. Fagseminara på to timar fredag og laurdag er ope for alle interesserte, ikkje berre dei som deltek på landsmøtet. i tillegg tilbyr vi 12-timars instruktørkurs i dans og teater, samt i handsaum av dåpsluer, for dei som ikkje deltek på landsmøtet.

Les meir om kurs- og seminarprogrammet her.

Program fredag 27. april

Demokratiseminar kl 11-14
Stad: Nynorskens hus, Rosenkrantzgate 8
I år er det 150 år sidan det første kjende ungdomslaget vart stifta. Eit viktig steg på vegen til eit levande organsiasjonssamfunn og eit aktivt demokrati. Mykje har skjedd sidan 1868; no går demokratideltakinga ned, organisasjonslivet er meir fragmentert og dei gamle folkerørslene blir erstatta av adhoc-drive engasjement, med sosiale media som viktigaste verktøy. Kva rolle har dei frivillige laga i eit demokratisk samfunn i dag, og korleis kan vi vere med og styrke både ordskiftet og demokratideltaking i framtida?

Vi har samla eit utval fagfolk, kulturarbeidarar og politikarar til eit seminar. Vi meiner sjølvsagt at den organiserte frivilligheita er viktig også i framtida, men den kjem ikkje av seg sjølv. Vi håper mange vil delta på seminaret, markere eit viktig jubileum og vere med og drøfte vegen vidare.

Program:
Kl. 11.00 Vi serverer kaffe og noko å bite i.

Kl. 11.15 Opning av Mette Vårdal, leiar i Noregs Ungdomslag.

Kl. 11.30 Hilde Sandvik, professor i historie ved Universitetet i Oslo: «Kva rolle hadde det frivillige organisasjonslivet i etableringa av eit deltakande demokrati i Noreg»

Kl. 12.00 Torbjørn Bergwitz Lauen, masterstudent i historie:
«Noregs Ungdomslag som opplæringsarena i demokratisk deltaking før 1920»

Kl. 12.30 Kaffepåfyll og beinstrekk.

Kl. 13.00 Demokrati; kva no? 
Samtale om demokrati og frivilligheit i framtida:
Heikki Holmås, styreleiar i Frivillighet Noreg
Jan Kløvstad, dagleg leiar for Nordisk informasjonskontor Norge
Kjærsti Gangsø, dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon
Mette Vårdal, styreleiar Noregs Ungdomslag

Kl. 14.00 Avslutning

Påmelding
Meld deg på med å klikke "deltek" på facebook-hendinga.

LES MEIR OG MELD DEG PÅ (LENKE TIL FACEBOOK)

Fagsemina kl 17-19 
Stad: Nordahl Brunsgate 22

Vi tilbyr tre ulike seminar, som også er opne for andre enn landsmøteutsendingane (Sjå "Seminar og kurs under NU-helga for nærare omtale):

  • Presentasjon av Fiken regnskapssystem v/leverandøren
  • Du finn det på ungdomslag.no - Ta i bruk nyttige verktøy for laget v/Guro Redalen
  • Lær å ta ordet v/Sølv Egner-Kaupang

Program laurdag 28. april

Heildagskurs i teater, dans og bunad kl 09-16 
Stad: Nordahl Brunsgate 22 (for dei som ikkje deltek på landsmøtet)

Landsmøteregistreringa startar kl 08.30
Stad: landsmøtehotellet

Landsmøte kl 09-13

 Lunsj kl 13-14


Fagseminar kl 14-16
Vi tilbyr tre ulike seminar, som også er opne for andre enn landsmøteutsendingane

  • Hypesys v/Alf Steinar Nekstad
  • Facebook som kommunikasjonsverktøy for laget v/Guro Redalen
  • Korleis rekruttere og inkludere medlemmer v/Thale Solli Kvenberg frå "Alle med"

Parallelt med fagseminara, arrangerer Det Norske Teatret sitt årsmøte. Om laget ditt er luteigar i teatret, oppmodar vi deg om å delta på dette. 

Landsmøtemiddag kl 18
Festmiddag for landsmøteutsendingane og deltakarane på kursa. Vi oppmodar om å ta med bunad, om du har.

Dansefest med Vegar Vårdal trio

Stad: Nordahl Brunsgate 22 kl 20-01 

I fem timar denne laurdagskvelden kan du danse til Vegar Vårdal (fele) , Patrik Andersson (fele) , Åsmund Reistad (gitar, mandola, m.m.) sitt energiske og leikne samspel. Det blir økter med leia turdans og songdans i tillegg til økter med runddans og bygdedans. 

Festen er open for alle. Dei som ikkje er utsendingar til landsmøtet kan kjøpe billett på www.deltager.no/LMdansefest2018. Inngangsbilletten kostar kr 100 for NU-medlemmer og kr 200 for ikkje-medlemmer. Kaffi og kake er inkludert i billetten.

LES MEIR OG MELD DEG PÅ HER

Program søndag 29. april

Heildagskurs i teater, dans og bunad kl 09-16 (for dei som ikkje deltek på landsmøtet)

Landsmøte kl 09-13

Lunsj 13-14

Landsmøte 14-16


Takk for i år, og vel heim! Avsluttar kl 16. 

Kjem du til landsmøte med fly?

Landsmøtehotellet ligg 700 meter frå Nationaltheatret stasjon. Flytoget som går frå Gardermoen til Drammen, har stopp på Nationaltheatret.