Seminar og kurs under NU-helga

Landsmøtehelga blir i 2018 gjort til ei NU-helg, der også fleire enn utsendingane til landsmøtet kan delta. Nedanfor følgjer ein omtale av programmet som er ope for alle.

Påmelding til seminar og kurs:
Utsendingar til landsmøtet melder seg på demokratiseminar og fagseminar gjennnom bit.ly/lmutsending2018 innan 19. mars

Andre interesserte melder seg på demokratiseminar og fagseminar gjennom bit.ly/NUhelg2018 innan 11. april.

For påmelding til helgekurs, sjå lenke under kurspresentasjonane nedanfor.

Demokratiseminar fredag kl. 11-14

Stad: Nynorskens hus, Rosenkrantzgate 8

I år er det 150 år sidan det første kjende ungdomslaget vart stifta. Eit viktig steg på vegen til eit levande organsiasjonssamfunn og eit aktivt demokrati. Mykje har skjedd sidan 1868; no går demokratideltakinga ned, organisasjonslivet er meir fragmentert og dei gamle folkerørslene blir erstatta av adhoc-drive engasjement, med sosiale media som viktigaste verktøy. Kva rolle har dei frivillige laga i eit demokratisk samfunn i dag, og korleis kan vi vere med og styrke både ordskiftet og demokratideltaking i framtida?

Vi har samla eit utval fagfolk, kulturarbeidarar og politikarar til eit seminar. Vi meiner sjølvsagt at den organiserte frivilligheita er viktig også i framtida, men den kjem ikkje av seg sjølv. Vi håper mange vil delta på seminaret, markere eit viktig jubileum og vere med og drøfte vegen vidare.

Fagseminar fredag kl. 17-19

Stad: Bygdelagssamskipnaden, Nordahl Bruns gate 22

A) Presentasjon av Fiken rekneskapssystem v/leverandøren
Noregs Ungdomslag har inngått avtale med Fiken rekneskapssystem, der medlemslaga våre får rabatt på dette systemet. Leverandøren vil presentere systemet, slik at du kan vurdere om dette kan vere eit aktuelt verktøy for dykkar lag. 

B) Du finn det på ungdomslag.no - Ta i bruk nyttige verktøy for laget v/Guro Redalen
«Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er» skreiv Ivar Aasen, og på nettsida til NU er det nyttige verktøy som lokallaga kan ta i bruk. Her finn du blant anna grafiske malar, oversyn over stønadsordningar, nyttige tips til å få i gang aktivitet i laget og  kurskalender. På kurset går vi igjennom moglegheitene som alt ligg der, og det er sjølvsagt lov til å kome med innspel på kva som hadde vore kjekt å finne der.

C) Lær å ta ordet v/Sølvi Egner-Kaupang
Er du ny på landsmøtet, eller ønskje du å bli tryggare på deg sjølv for å kunne gå på talarstolen?  På dette seminaret går vi gjennom dei formelle spelereglane for landsmøtet, slik at du lærer kva dei ulike uttrykka som forretningsorden, dagsorden, replikk og innlegg eigentleg betyr. Du vil også lære deg nokon lure teknikkar for korleis du kan bygge opp eit innlegg, for å få fram poenget ditt på ein god mpte.

Fagseminar laurdag kl. 14-16

Stad: Landsmøtehotellet Scandic St. Olavs plass 1

A) Hypersys v/Alf Steinar Nekstad
Hypesys er medlemssystemet til Noregs Ungdomslag, og er i stadig utvikling. På dette kurset lærer du korleis du kan ta i brukt dette som eit verktøy for å administrere medlemsopplysningar i laget. I tillegg vil vi gå gjennom rutinar for oppdatering av medlemsopplysningar og innsending av årsrapport til Noregs Ungdomslag, slik at du veit kva som blir forventa av laget.

B) Facebook som kommunikasjonsverktøy for laget v/Guro Redalen
Visste du at nesten 40 % av alle menn sjekkar Facebook når dei er på do? At 70 % av all nettrafikk skjer via mobiltelefonen, og 46 % av oss sjekkar Facebook medan vi ser på tv? 3,5 millionar nordmenn har Facebook-konto, og det kan vere ein effektiv informasjonskanal for lokallaga for å nå nye medlemmar, spre ordet om kurs og arrangement og dele noko av all aktiviteten som skjer i laget. Men kva er viktig å tenkje på som administrator av ei Facebook-gruppe? Korleis oppretta ein eigentleg eit arrangement? Kva skal til for at folk skal gi ein tommelopp? Kva er reglane for personvern når det kjem til bildebruk? Og kva er viktigast, kvantitet eller kvalitet? Kurset er fritt for Fake news og tek for seg den grunnleggande bruken av Facebook og sosiale media i ungdomslaget.

C) Korleis rekruttere og få nye medlemmar? v/Thale Sollo Kvernberg, AlleMed
Som lokallag ønskjer ein gjerne fleire medlemmar, anten det gjeld til styret, til å skape aktivitetar eller til å bli med på aktivitetar. I seminaret vil vi sjå på strategiar for å få med fleire, og korleis ein kan tenke annleis for å inkludere spesielt barn og unge. Av og til er det ikkje aktivitetstilbodet det står på, men praktiske utfordringar som familieøkonomi og transport. For å gå i djupna på dette, vil ein rådgjevar frå AlleMed presentere sitt verktøy for frivillige organisasjonar og halde ein liten workshop som laga kan dra nytte av. AlleMed sitt verktøy er del av ein nasjonal dugnad mot fattigdom og utanforskap blant barn og unge.
 

Helgekurs, laurdag og søndag kl. 9-16

Stad: Bygdelagssamskipnaden, Nordahl Bruns gate 22

Instruktørkurs: Samdansteknikk v/ Vegar Vårdal
Er du nysgjerrig på korleis ein kan lære bort god samdansteknikk til andre? Då er dette instruktørkurset noko for deg. Folkedanspedagog Vegar Vårdal gir deg gode teknikkar og verktøy for korleis ein kan veilede andre til å bli ein betre samdansar gjennom eit 12-timars instruktørkurs. 
Meld deg på  via: www.deltager.no/instruktorkurs_samdansteknikk 

Kurs i handsydde dåpsluer v/Mona Løkting
På slutten av 1700- tallet blei dåpsluene ofte sydd i fargeglade silkestoff. Snittet i luene skiljer mellom på gute- og jentelue. Alle er meir eller mindre pynta med silkeband, blonder og metallkniplingar. Samansyingsteknikkane har vore ulike, men alle var sjølvsagt sydd for hand. På kurset vil dei tradisjonelle luene som var i bruk for meir enn 200 år sidan vere inspirasjon for saum av nye luer. Kursmateriell kjøpe du på kurset, frå kr 450 per lue. Instruktør er Mona Løkting, som driv håndverk- og tradisjonsbedrifta Staslig. 
Meld deg på via www.deltager.no/handsaum_daapsluer