Landsmøte og NU-helg

Noregs Ungdomslag sitt landsmøte blir halde i Oslo på Radisson Blu Hotel Scandinavia laurdag 27.- søndag 28. april 2019. Det formelle landsmøtet startar laurdag, men det er lagt opp til fagleg program alt frå fredag 26. april.

Vi har same ramme på landsmøtet som i fjor, der også personar som ikkje skal delta på det formelle landsmøtet vil få tilbod med kurs og sosialt opplegg. Dermed kan også andre medlemmar frå lokallaget, i tillegg til delegatane, få vere med på NU-helga!

Tidsskjema

Fredag 26. april kan deltakarar vere med på kurs frå kl. 19 til 21.00 på kvelden.

Sjølve landsmøtet startar laurdag 27. april kl. 09.00 og vert avslutta for dagen kl. 13. Etter lunsj vert det høve delta på kurs kl. 14-16, vere med på årsmøtet til Det Norske Teatret som startar kl. 15 eller delta på Sentrumsløpet som startar kl. 16. Landsmøtemiddag og fest frå kl. 18 til midnatt. 

Søndag 28.april startar landsmøtet kl. 09.30 og vert avslutta kl. 14.00. Meir informasjon om NU-helga blir publisert fortløpande.

Førebels saksliste

Styret har satt opp ei førebels sakliste for møtet. I tillegg kan medlemmene gjennom laga kome med framlegg til saker ein ønskjer landsmøtet skal handsame. Sakene må vere meldt skriftleg til styret i Noregs Ungdomslag seinast 8 veker før møtet, dvs innan 1. mars. Forslag til saker kan sendast til post@remove-this.ungdomslag.remove-this.no Merk emnefeltet med "Saksforslag til landsmøtet 2019".
Styret vil etter dette setje opp forslag til endeleg sakliste, og denne blir kunngjort og sendt direkte til dei påmeldte utsendingane 22. mars. Slik ser den førebelse sakslista ut:

  1. Opning og konstituering
  2. Årsmelding 2018
  3. Rekneskap 2018
  4. Fastsetjing av kontingentsats
  5. Innkomne saker frå laga
  6. Fråsegner
  7. Val (av styre, revisor og valnemnd)

Sakspapir til landsmøtet vil elles bli publisert så snart den endelege saklista er klar.

Årsmeldingar og protokollar frå tidlegare landsmøte får du ved å trykke her


Vi ønskjer laga våre velkomne til landsmøtet 2019!