Fråsegn 1: Eigedomsskatt på ungdomshus er urettferdig 

Eigedomsskatt er noko som engasjerer mange, og ein kan meinte så mangt om saka. Men når det kjem til organisasjonseigde kulturhus som ungdomshus og grendehus burde saka vere enkel. Ein legg ikkje skatt på dugnad og frivillig innsats! 

Lovverket seier i dag at kommunar kan velje å frita organisasjonseigde hus frå eigedomsskatt om dei måtte ønskje det, med heimel i §7 i eigedomsskattelova. Mange kommunar vel å gjere dette, og det skal dei ha ros for, men det burde i utgangspunktet ikkje vere ei skjønnsvurdering. Det er òg stor skilnad i korleis fritaket vert praktisert. 

I mange kommunar er det gjort prinsippvedtak om å frita ungdomshusa o.l. for eigedomsskatt, noko som per i dag er det beste ein kan gjere. I andre kommunar gjer ein vedtak om fritak for eitt år om gongen. Somme stader er det ei fast liste over kva eigedomar som vert fritakast for eigedomsskatt, men somme stader må laga søke kvart einaste år. 

Det skal vere enkelt å drive dugnad og frivillig arbeid i Noreg. Difor krev Noregs Ungdomslag at organisasjonseigde kulturhus med ålmennyttige føremål skal fritakast for eigedomsskatt på generelt grunnlag på lik linje med tilsvarande hus eigd av stat og kommune. 

 

Fråsegn 2: Norsk språk i ei smart framtid 

Teknologien kring oss er i stadig endring, og digitaliseringa får fotfeste på stadig fleire samfunnsområde. Det meste av ny teknologi blir først laga på engelsk, før det vert omsett til andre språk. Nordmenn er i verdstoppen med å ta i bruk ny teknologi, og allereie før dei var tilgjengelege på norsk var smarthøgtalarar som Amazons Alexa og Google Home tekne i bruk av omlag 120 000 nordmenn. Om norsk språk skal ha sjans til å vere med på utviklinga trengs det gode norske språkressursar. 

Me kan ikkje vente at store utanlandske selskap skal ta på seg ansvaret med å legge til rette for at det norske språkmangfaldet skal inn i teknologien deira. Det må Noreg gjere sjølv. Google sjølv har sagt at det ikkje er tal brukarar av eit språk som er avgjerande om dei legg det inn i sine system, men kor store og gode språkdata som er tilgjengelege. 

Det skal vere naturleg å kunne bruke sin eigen dialekt, uansett kor ein kjem frå, når ein skal samtale med Siri, Alexa eller Google Home. Det skal vere like naturleg å møte nynorsk som bokmål i våre favoritt-appar. Me i Noregs Ungdomslag meiner at framtidas smartdingsar skal, og må, forstå heile det norsk språket, både i skrift og tale. 

Noregs Ungdomslag støtter Språkrådets framtidsutval, og ønskjer 

  • ei fornya satsing på språkdata som speglar norsk talemål og skriftspråk 
  • at ein særskild instans får ansvar for å koordinere og drive fram arbeidet med å samle inn 

ressursar til norske språkteknologiske produkt, basert på eit kontinuerlig strategi- og kartleggingsarbeid 

  • at krav til språkleg tilgang og kvalitet blir tatt inn i regelverket for offentlege innkjøp 

 

Vedteke på landsmøtet til Noregs Ungdomslag i 2019.