Landsmøteavgift og overnatting

Utsendingane vil bli innlosjert på Radisson Blu Scandinavia i Oslo sentrum, der også sjølve landsmøtet og seminara blir halde. 

Landsmøteavgifta er kr. 3 600 per person. Denne dekker følgjande:

  • Overnatting i enkeltrom frå laurdag til søndag (overnatting i dobbelrom gir 500 kr i avslag)
  • Seminar laurdag
  • Lunsj laurdag og søndag samt middag og dansefest laurdag kveld. 


Om du vil overnatte allereie frå fredag, vil laget bli fakturert for kr. 1 300 ekstra (overnatting i dobbelrom gir 500 kr i avslag). Dette dekker:

  • Overnatting i enkeltrom frå fredag til laurdag
  • Seminar fredag 

I tillegg blir laga som vanleg fakturert for reiseutjamning på kr 500 pr utsending. Dei utsendingane som har høgast reisekostnader vil få tilskot frå reiseutjamningspotten etter landsmøtet er gjennomført. 


Kjem du til landsmøte med fly?

Landsmøtehotellet ligg 500 meter frå Nationaltheatret stasjon. Flytoget som går frå Gardermoen til Drammen, har stopp på Nationaltheatret. Du kan også ta Flybussen, linje FB2 eller FB5, som har hotellet som eige stopp.