Meld dykk på landsmøtet!

Møtet vert halde som digitalt videomøte 26. september. Førebels tidsramme er frå 9.00-17.00, vi kjem tilbake med ei meir faststemnt tidsramme for møtet.  

Landsmøtet vert gratis for alle utsendingar, og i år fungerer fullmaktsskjemaet også som påmeldingsskjema.

Lokal- og fylkeslag som ønskjer å delta på landsmøtet må sende inn dette skjemaet for å stadfeste kven som har fått fullmakt til å representere laget på møtet.

Sidan møtet blir gjennomført digitalt, treng vi e-postadresser og mobilnummer til alle for å sende ut informasjon og deltakarlenke til sjølve møtet.

Det vil bli gittt meir informasjon og opplæring i den tekniske løysinga for dei som ønskjer dette før landsmøtet.

FRIST FOR PÅMELDING: 19. august. Men det er enno mogleg å melde seg på her!