Sakliste og sakspapir

Styret har satt opp ei førebels saksliste for møtet. I tillegg kan medlemmane, gjennom laga, kome med framlegg til saker ein ønskjer landsmøtet skal hansame. Sakene må vere meldt skrifteg til styret i Noregs Ungdomslag seinast åtte veker før møtet, dvs. innan 28. februar. Forslag til saker kan sendast til post@remove-this.ungdomslag.remove-this.no. Merk emnefeltet "Saksforslag til landsmøtet 2020".

Styret vil etter dette setje opp forslag til endeleg sakliste, og denne blir kunngjort på nettsidene våre, samt sendt til dei påmeldte utsendingane 20. mars.

 

Førebels sakliste:

1. Opning og konstituering
2. Årsmelding 2019
3. Rekneskap 2019
4. Arbeidsprogram 2021-2022
5. Budsjett 2021-2022
6. Innkomne saker frå laga
7. Fråsegner
8. Val (av leiar, styre, revisor og valnemnd)

 

Fråsegner?
Laga kan kome med forslag til fråsegner som ein ønskjer landsmøtet skal handsame. Desse kan sendast inn på førehand, eller presenterast på møtet. Med fråsegn blir det meint ein politisk uttale frå landsmøtet til eksterne partar (t.d. kulturministeren), eller eit dokument som fatset eit politisk standpunkt/retning internt i organisasjonen.