Samla program for NU-helga

Det formelle landsmøtet startar laurdag, men allereie frå fredag er det eit spennande seminarprogram ein kan delta på. Fagseminara på to timar fredag og laurdag er ope for alle interesserte NU-medlemmar. I tillegg tilbyr vi 12-timars barneinstruktørkurs i dans og teater for dei som ikkje deltek på landsmøtet.

Les meir om kurs- og seminarprogrammet her.


Program fredag 26. april

Seminar: Justisvesenet i bunad-Noreg kl. 11-14

Stad: Det Norske Teatret

Kl. 11.00 – 12.30 Tradisjon, overklasse og revolusjon: ein presentasjon av tre familiar sin bunadsbruk  

Kl. 12.30 – 12.45 Kaffipause med noko å bite i 

Kl 12.45 – 14.00 Justisvesenet for bunad 


Fagseminara kl. 19-21 
Stad: Blir annonsert seinare.

Vi tilbyr fire ulike seminar, som også er opne for andre enn landsmøteutsendingane (Sjå "Seminar og kurs under NU-helga for nærare omtale):

  • Ta ordet! v/Marit Krogsæter og Torbjørn Lauen i NU-styret
  • Sosiale medium som verktøy for laget v/Inger Johanne Ruset på NU-kontoret
  • NB! AVLYST! NU for dummies v/Mette Vårdal, leiar i NU
  • Styret sitt ansvar og økonomiforståing v/Martin Gustavsen i Frivillighet Norge

Program laurdag 27. april

Kl. 09.30-16.00 Heildagskurs i teater og dans (for dei som ikkje deltek på landsmøtet) 
Stad: Nordahl Brunsgate 22.

Parallelt med landsmøtet vert det arrangert instruktørkurs i teater og dans der båe kursa har tema barneinstruksjon. Dette er kurs for dei som ikkje skal vera utsending på landsmøtet då kurset går over 12 timar. Nytt av året er at kursa vil ha nokre felles økter der ein diskuterer utfordringar og metodar for aktivitet med barn som går på tvers av fagfelta, men hovudvekta av kursa vil foregå kvar for seg. Kursa går frå kl. 09.30 til 16.00 laurdag 27. april og frå kl. 09.30 til 15.00 søndag 28. april.  Instruktørar på kurset er Trine Sjølyst (dans) og Tine Østby (teater). Les meir på Facebook

Kl. 08.30-09.30 Landsmøteregistrering
Stad: Landsmøtehotellet Radisson Blu Scandinavia, Holbergs gate 30, 0166 Oslo

Kl. 09.30-13.00 Landsmøte

Kl. 13.00-14.00 Lunsj


Kl. 14.00-16.00 Fagseminar
Vi tilbyr fire ulike seminar, som også er opne for andre enn landsmøteutsendingane

  • Skriveverkstad for fråsegner v/Marit Krogsæter, politisk nestleiar i NU
  • NB! AVLYST! Kurs i husdrift v/Kevin Theigmann, styremedlem i NU 
  • Medlemssystemet Hypersys v/Alf Steinar Nekstad på NU-kontoret
  • Korleis arrangere kurs? v/Studieforbundet kultur og tradisjon

Parallelt med fagseminara, arrangerer Det Norske Teatret sitt årsmøte som startar kl. 15.00. Om laget ditt er luteigar i teatret, oppmodar vi deg om å delta på dette. 

Frå kl. 16-18 kan du også til dømes bli med på Sentrumsløpet som er i regi av BUL Oslo.

Kl. 18.00-20.00 Landsmøtemiddag
Festmiddag for landsmøteutsendingane og deltakarane på kursa. Vi oppmodar om å ta med bunad, om du har.

Kl. 20.00-01.00 Dansefest i Nordahl Brunsgate 22
I fem timar denne laurdagskvelden kan du mingle og danse folkedans om du vil. Det blir økter med leia turdans og songdans i tillegg til økter med runddans og bygdedans. Du treng ikkje kunne å danse frå før for å vere med!  Festen er open for alle. Dei som ikkje er utsendingar til landsmøtet vil kunne kjøpe billett. Inngangsbilletten kostar kr 100 for NU-medlemmer og kr 200 for ikkje-medlemmer. Kaffi og kake er inkludert i billetten. Påmeldingslenke finn du her.

 


Program søndag 28. april

Kl. 09.30-15.00 Heildagskurs i teater og dans (for dei som ikkje deltek på landsmøtet)

Kl. 09.30-13.00 Landsmøte

Kl. 13.00-14.00 Lunsj og avreise