Seminar og kurs under NU-helga

 

Seminar og kurs under NU-helga

Landsmøtehelga blir i 2019 gjort til ei NU-helg, der også fleire enn utsendingane til landsmøtet kan delta. Nedanfor følgjer ein omtale av programmet som er ope for alle.

Påmelding til seminar og kurs:
Utsendingar til landsmøtet melder seg på bunadseminar og fagseminar gjennnom bit.ly/lmutsending2019 innan 20. mars

Andre interesserte melder seg på bunadseminar og fagseminar gjennom bit.ly/nuseminar2019 innan 11. april.

For påmelding til helgekurs, sjå lenke under kurspresentasjonane nedanfor (blir lagt ut 1.mars)


Bunadsseminar fredag kl. 11-14

Stad: Blir annonsert seinare.

Seminar: Justisvesenet i bunad-Noreg

Bunaden held seg med eigne lover, regler, politi, dommarar og offentleg gapestokk som straffemetode. Media har teke på seg rolla som tredje statsmakt og formidlar i nokre intense mai-dagar om nye reglar, regelbrot og større kriminalsaker. Vi har eit statleg institutt som kjem med uttaler og har tilsynsmynde.  Det er fleire interesseorganisasjonar og eigne aksjonsgrupper på facebook. Bunaden er tema i Stortinget og det er laga ein eige søknad om FN-status.

Alt dette for eit klesplagg. Eit heilt spesielt plagg, rett nok, som vi tek fram for særskilde høve, når vi skal pynte oss, til fest og høgtid. Fleirtalet av nordmenn har bunad, bruker bunad og er glad i bunaden sin. Kvifor må vi da gjere det så vanskeleg?

Kl. 11.00 – 12.30 Tradisjon, overklasse og revolusjon: ein presentasjon av tre familiar sin bunadsbruk 

Kl. 12.30 – 12.45 Kaffipause med noko å bite i

Kl 12.45 – 14.00 Næring, kulturarv og aktiv bruk: bunaden i dag og bunaden sin framtid 


Fagseminar fredag kl. 19-21

Stad: Blir annonsert seinare.

A) Ta ordet! - Korleis delta i debatten v/Marit Krogsæter Torbjørn Lauen, styremedlemmar i NU
Landsmøtet er det øvste organet i organisasjonen vår, og som avgjer kva vi skal bruke ressursar og kreftar på i året som kjem. Det er difor viktig at alle som har noko på hjarte kjem til ordet. Om du er mellom dei som oftast blir sittande i salen utan å gå på talarstolen er dette kurset for deg!  På kurset vil du få tips til korleis du kan skrive innlegg, korleis desse innlegga kan framførast frå talarstolen, og du vil få opplæring i korleis ein formelt sender inn endringsframlegg under landsmøtet og kva ein bør tenkje over. Du vil mellom anna få prøve å halde eit kort innlegg frå talarstolen for dei andre kursdeltakarane og få tilbakemeldingar og rettleiing frå både kurshaldarane og dei andre deltakarane. 

B) Sosiale medium som verktøy for laget v/Inger Johanne Ruset, NU-kontoret
Dette kurset tek for seg korleis nyttar ein sosiale medum til å få fram ein bodskap, spreie informasjon om eit arrangement eller rekruttere fleire medlemmar. Vi vil også sjå på ulike appar som kan vere til nytte for lagsdrifta, samt kva for ansvar lokallag har i samband med personvernforordninga (GDPR).

C) NU for dummies v/Mette Vårdal, leiar i NU
Kva er Noregs Ungdomslag? Ein kort innføring i historia, fråd ei første ungdomslaga og til i dag. Korleis organisasjonen blir drifta i dag, og kva for styringsdokument vi styrer etter. Kva rolle har den einskilde medlemmen, laga og fylkeslaga? 

D) Styret sitt ansvar og økonomiforståing v/Martin Gustavsen frå Frivillighet Norge
Er du styremedlem, økonomiansvarleg/kasserar eller berre interessert i å forstå rekneskap og budsjett og korleis du kan bruke dette til å få oversikt og styre laget betre? Lurer du på kva momskompensasjon er og korleis du kan søke om dette?  Lurer du på kva som er forskjellen på resultatrekneskap og balanse, og kva i huleste er debet og kredit? Har du tema eller spørsmål du ønskjer svar på, kan du gjerne melde dette inn dette på førehand, eller i starten av kurset.


Fagseminar laurdag kl. 14-16

Stad: Landsmøtehotellet Radisson Blu Scandinavia

A) Skriveverkstad for fråsegner v/Marit Krogsæter, politisk nestleiar i NU
Noregs Ungdomslag har gode politiske dokument som gjev oss som høve til å meine ein del om korleis rammene for laga våre skal vere, arbeidet me jobbar med for å fremje folkekulturen og ikkje minst visjonen vår om levande lokalkultur. Ofte står me i ein situasjon der me vil presse ekstra på for å setje sakene våre på agendaen. Difor lagar me fråsegner. I dette kortkurset vil me lære korleis me på ein best mogleg måte kan skrive fråsegner som me får merksemd for. Ei fråsegn skal vere kort og presis der ein skildrar ei utfordring, forklarer korleis denne utfordringa har samanheng med aktiviteten Noregs Ungdomslag som organisasjon held på med og eit løysingsforslag eller oppmoding om tiltak. Det vil vere eit praktisk kurs der deltakarane er aktive deltakarar, så ein bør ta med datamaskin. 

C) Kurs i husdrift v/Kevin André Theigmann, styremedlem i NU
Har laget ditt hus?  Har du spørsmål om husdrift?  Meld deg på kurs om husdrift då vel. På dette kurset tek vi ein gjennomgang av brannkrav, krav ved utleie, tilskuddsordninger m.v. Har du spørsmål vi ikkje kan svare på, så tek vi dei inn og sjekkar opp for deg!

C) Medlemssystemet Hypersys v/Alf Steinar Nekstad, NU-kontoret
Hypesys er medlemssystemet til Noregs Ungdomslag, og er i stadig utvikling. På dette kurset lærer du korleis du kan ta i brukt dette som eit verktøy for å administrere medlemsopplysningar i laget. I tillegg vil vi gå gjennom rutinar for oppdatering av medlemsopplysningar og innsending av årsrapport til Noregs Ungdomslag, slik at du veit kva som blir forventa av laget.

D) Korleis arrangere kurs? v/Studieforbundet kultur og tradisjon
Korleis blir me gode kursarrangørar? Dette kortkurset går gjennom rammebetingelsane, samt hjelp til planlegging og gjennomføring av kurset i høve korleis søke kursstøtte, ha studieplan og få tilretteleggingstilskot. 


Helgekurs i barneinstruksjon for folkedans og teater

 

Helgekurs i barneinstruksjon for folkedans og teater

 

Helgekurs i barneinstruksjon for folkedans og teater

Stad: Bygdelagssamskipnaden, Nordahl Bruns gate 22

Parallelt med landsmøtet vert det arrangert instruktørkurs i teater og dans der båe kursa har tema barneinstruksjon. Dette er kurs for dei som ikkje skal vera utsending på landsmøtet då kurset går over 12 timar. Nytt av året er at kursa vil ha nokre felles økter der ein diskuterer utfordringar og metodar for aktivitet med barn som går på tvers av fagfelta, men hovudvekta av kurset vil foregå kvar for seg. På denne måten håpar me å få til meir samarbeid på tvers av miljøa innafor dans og teater.

Kursstad er Nordahl Bruns gate 22 i Bygdelagssamskipnaden, like attmed landsmøtehotellet. Kursdeltakarane får tilbod om å delta på landsmøtefesten laurdagskvelden på lik line med utsendingane på møtet.

Instruktørar for kursa og påmeldingsskjema vert offentleggjort i mars.