Hopp til hovedinnhold

Offentlege krav til husdrift


Etter Internkontrollforskriften, Brann og eksplosjonsvernloven og forskrift om brannførebygging skal føretak ha utarbeidet HMS-system tilpassa føretaket. Planen skal beskrive risiko eller forhold det er ønskeleg å forbetre.

Som eigar av eit ungdomshus er det nokre sentrale lover og forskrifter laget ditt må vere kjent med:

  1. Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (Internkontrollforskriften).
  2. Brann og eksplosjonslova.
  3. Forskrift om brannforebygging.

Nokre sentrale omgrep

  • Eigar er den som har grunnboksheimelen til byggverket.
  • Brukar er enten eigar sjølv eller den som har avtale med eigar om bruk av byggverket.
  • Med byggverk meinar vi bygningar, konstruksjonar og anlegg.

Dersom den som har avtale med eigar om bruk av byggverket framleigar sin bruksrett, er det den nye brukaren som er "den som har rett til å bruke byggverket" i desse føresegna.

Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (Internkontrollforskriften)