Bli medlem

Noregs Ungdomslag (NU) arbeider for ein levande lokalkultur. Vi har i underkant av 400 lokale medlemslag som har eit stort mangfald i aktivitetetar, men med store lokale variasjonar. For å bli medlem i NU, melder du deg inn gjennom eit lokallag. Du kan også melde deg direkte inn i organisasjonen om det ikkje er lokallag på staden der du bur, som det er naturleg å melde seg inn i.

Meld inn lokallaget i NU, og bli med i eit interesse- og aktivitetsfellesskap!

Den lokale aktiviteten er utgangspunkt for alt arbeidet som blir gjort i Noregs Ungdomslag. Vi arbeider for at det skal vere enklast mogleg å drive laget, slik at engasjementet i laget heller kan utløyse meir lokal aktivitet. 

Som medlemslag i NU har de fleire fordelar:

  • Tilgang på kurs og opplæring av instruktørar innanfor teater og dans
  • Tilbod om subsidiert gjesteinstruktør heim til laget
  • Rimelege forsikringsordningar gjennom KNIF Trygghet
  • Gode innkjøpsordningar og rabattavtalar gjennom KNIF innkjøp
  • Kursstøtte med vaksenopplæringsmidlar frå Studieforbundet kultur og tradisjon
  • Frifond-midlar til aktivitet for medlemmer under 26 år.
  • 15% på rekneskapsprogrammet Fiken. Programmet passar godt til lokallag og små selskap.

Les meir om medlemsfordelane for lokallag i Noregs Ungdomslag
 

Alle enkeltmedlemmar i Noregs Ungdomslag får følgjande fordelar:

 

Kontigent for medlemmer under 26 år som er meldt inn direkte i NU: 150
Kontigent for medlemmer over 26 år som er meldt inn direkte i NU: 300

Send oss ein epost på post@remove-this.ungdomslag.remove-this.no om du ønskjer meir informasjon om korleis ein kan bli medlem i Noregs Ungdomslag.