Fonda våre

Noregs Ungdomslag anten administrerer eller oppnemner styremedlemmar til ei rekke fond. Storparten av fonda har ikkje delt ut midlar i 2018 på grunn av låge renteinntekter. Unntaka var Ole Bulls fond og Ole Vig-fondet.

Akademifondet for norsk kulturreising

Akademifondet gjev tilskot til tiltak innan folkeopplysning, mål og kulturarbeid. Fondsstyret legg til grunn ei vid tolking av desse omgrepa, og ser gjerne at utøvarar og andre brukarar av folkeleg kultur søkjer. Ein vil og inspirere til og auke forståinga for å samle inn, ta vare på og nytte tradisjonar innan det folkelege kulturarbeidet. NU utpeikar ein styremedlem til fondsstyret

Alvilde og Knut Fianes legat

Ei testamentarisk gåve etter Alvilde og Knut Fiane der utbyttet skal gå til innkjøp av biblar og anna kristen undervisningslitteratur på nynorsk for barn. Styret i NU er styre for fondet. 

Eufemiafondet 

Eufemiafondet er oppretta av dramatikaren Peder W. Cappelen. Føremålet med fondet er å stø teaterprosjekt i Noregs Ungdomslag som bygger på norsk kulturell grunn. I tilsegnsbrevet skreiv Cappelen at bakgrunnen for gåva er den støtta og interessa som NU har synt i høve til bruk og utvikling av ny norsk dramatikk for amatørar, og det store arbeidet organisasjonen elles gjer for å ta vare på og føre vidare den norske kulturarven. Noregs Ungdomslag er styre for fondet. Det vart ikkje delt ut midlar i 2017 grunna låge renteinntekter.

Ole Bulls fond  

Ole Bulls Fond sitt føremål er å gje økonomisk støtte til yngre musikarar og skodespelarar, og til bygdeungdom under musikkopplæring. Fondet er ei samanslåing av Rasmus og Agnes Pettersons fond og tidlegare Ole Bulls Fond. NU oppnemner ein av styremedlemmane i fondet.

Ole Vig-fondet 

Ole Vig-prisen går til ein ungdom mellom 20 og 35 år som har gjort ein framifrå kulturell innsats i Ole Vigs ånd. Ein Ole Vig-prisvinnar må ha gjort ein meir enn vanleg god innsats innanfor folkeopplysningarbeid og/eller kunst eller kulturarbeid medrekna idrett. NU utpeikar ein styremedlem til fondsstyret. I 2018 fekk Sigrun Loe Sparboe prisen for rolla si som utøvande musikar, sog som aktiv i kulturarbeidet i Harstad.

Opplæringsfondet i Noregs Ungdomslag

Føremålet med fondet er på yte tilskot/stipend til kurs og andre opplæringstiltak som kan styrke medlemer og tilsette i Noregs Ungdomslag og dei aktivitetane og det arbeidet desse utfører i organisasjonen. Styret i NU er styre for fondet, og det blir delt ut midlar kvart andre år. Det vart ikkje delt ut midlar i 2018 grunna låge renteinntekter.

Peer Væringsaasens nasjonalfond

Fondet, som vart oppretta av Helge Væringsaasen til minne om sonen Peer, eig og driv Elverum Folkehøgskule. Det vert ikkje delt ut årlege stipend frå dette fondet. I statuttane for fondet skal NU og Norsk Folkehøgskulelag oppnemne kvart sitt styremedlem.

Stiftinga Vener av Dag og tid

Stiftinga Vener av dag og tid er ei omdanning av tidlegare Riksfondet for nynorsk presse. NU oppnemner to styremedlemmer til stiftinga.

Ytri-fondet

Yttri-fondet vart oppretta til minne om Ivar Aasen, Aasmund Olavson Vinje, Per Sivle og Arne Garborg. I 2018 blei det ikkje delt ut midlar frå fondet.  NU oppnemner to styremedlemmer til fondet.