Landsmøte

Landsmøte i NU

Landsmøtet er organisasjonen sitt høgste demokratiske organ, og staden der dei viktigaste avgjerdene som skal vere førande for NU det neste året vert fatta. På landsmøtet møtast ungdomslagsfolk frå heile landet til sosialt og fagleg samvere. Alle lag, både fylkeslag og lokallag har rett til å sende utsendingar. Møtet blir halde kvart år innan utgangen av april, i Oslo.