Medlemsskap

Noregs Ungdomslag er medlemsorganisasjon i ei rekke paraply- og interesseorganisasjonar. 

Av-og-til

Av-og-til er ein kampanje som kom i stand for å redusere alkoholforbruket i Noreg, og Noregs Ungdomslag har vore med frå starten. 

CIOFF

CIOFF (International Council of Organizations of Folklore Festivals and Folk Arts) er ein internasjonal kulturell privat organisasjon i formell rådgivande kontakt med UNESCO (FN-organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon). CIOFF har som føremål å ta vare på, marknadsføre og formidle tradisjonell kultur og folklore. NU administrerer CIOFF Noreg, og formidlar informasjon til lag i Noregs Ungdomslag og FolkOrg. 

FN-sambandet

Noregs Ungdomslag er medlem i FN-sambandet, saman med rundt 50 andre organisasjonar. 

Frivillighet Norge

Frivillighet Norge er eit koordinerande organ for arbeidet frivillige organisasjonar gjer i forhold til offentlege utgreiingar og prosjekt. Organisasjonen har om lag 300 medlemsorganisasjonar. 

Hovudorganisasjonen Virke

NU er medlem av denne arbeidsgjevarorganisasjonen og har nytta nokre av Virke sine kurstilbod.

Kulturalliansen

Felles talerør for dei frivillige kulturorganisasjonane. Har ingen tilsette, og blir drifta av prosjekttilskot. Organisasjonen vart stifta i 2016, og NU var ein sentral aktør i dette arbeidet.

Landsrådet for Noregs barne- og ungdoms-organisasjonar (LNU)

LNU er ein paraplyorganisasjon som arbeider med barne- og ungdomspolitiske saker. NU har observatørmedlemskap, men kan søke på alle tilskotssordningane i LNU og delta med talerett i alle fora. 

JM Norway

Noregs Ungdomslag gjekk inn i ein samarbeidsavtale med Musikk og Ungdom i 2007. Nettverket endra namn til JM Norway i 2014. Nettverket skal synleggjere verksemd for og med unge innanfor musikkområdet i Noreg og utlandet, vere ein portal for ungdom si musikkdeltaking i inn- og utland samt vere ein samhandlingsplattform for verksemd og tiltak for unge innanfor musikkområdet  

Nordlek

Noregs Ungdomslag er medlemsorganisasjon i Nordlek, som ein av 23 nordiske organisasjonar og den einaste norske organisasjonen. Nordlek arrangerer Nordlek-stemne kvart tredje år, Barnlek-stemne for barn og unge kvart tredje år og mindre folkedansstemne som Isleik og Havleikur.

Norsk Folkemusikklag

Laget fungerer som eit forum for forskarar, formidlarar, utøvarar og andre som arbeider med eller interesserer seg for folkemusikk og folkedans. 

Nynorsk forum

Nynorsk forum er eit leiarforum som driv med politisk samordning og diskuterer felles tema for norskdomsrørsla. Generalsekretær og styreleiar i Noreg Ungdomslag deltek i forumet.

Stiftinga for folkemusikk og folkedans (SFF) 

Stiftinga for folkemusikk og folkedans er ein sjølvstendig institusjon organisert som stifting. Stiftinga blir leia av eit eige styre, og har representantskapsmøtet, som fagleg samlande og rettleiande organ. Representantskapsmøtet vel Rådet, som utoverretta, samordnande og forvaltande organ. Stiftinga omfattar vidare ei utøvande verksemd, Norsk senter for folkemusikk og folkedans som er underlagt styret.

Studieforbundet kultur og tradisjon 

Organisasjonen har som mål at alle skal bli kjent med og lære kulturutrykk og folkelege tradisjonar i skapande og trygge felleskap. Noregs Ungdomslag er ein av dei største medlemsorganisasjonane i studieforbundet, og har vore med i styret for organisasjonen frå starten av.

Teateralliansen

Føremålet til Teateralliansen er å auke samarbeidet mellom nasjonale, frivillige og demokratiske amatørteaterorganisasjonar, og å ivareta og fremje felles faglege og interessepolitiske saker.


Nærskylde organisasjonar og selskap

Noregs Ungdomslag er medstiftar og/eller har eit tett samarbeid med ei rekkje organisasjonar og selskap.

Den mangfaldige scenen AS

Noregs Ungdomslag er ein av tre aksjeeigarar i Den mangfaldige scenen, som er eit barne- og ungdomsteater. DMS er eigd med like store delar av NU, BUL Oslo og Det Norske Teatret.

Det Norske Samlaget

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk og norske målføre. Dei har mellom anna gjeve ut mange bøker som NU har for sal, særleg innan folkedans.

Det Norske Teatret

Noregs Ungdomslag er ein av luteigarane til Det Norske Teatret. Viktige samarbeidssaker er Den Mangfaldige Scenen. Teatret har eit målpolitisk råd som skal gje råd om målbruken ved teatret og andre kulturpolitiske emne som rådet sjølv tek opp. 

Noregs Mållag

Noregs Mållag arbeider for å styrkja nynorsk som bruksspråk og å tryggja den reelle retten til å vera nynorskbrukar. Mållaget har lenge satsa mykje på skulemål og offentleg målbruk. Noregs Mållag vart skipa i 1906 og har nær 10 300 medlemer fordelt i 19 fylkeslag og nær 200 lokallag. 

Norsk Barneblad

Norsk Barneblad er ei sjølveigande stifting skipa av Bondeungdomslaget i Oslo, Noregs Mållag, Norsk Måldyrkingslag og Noregs Ungdomslag. Det er også desse organisasjonane som sit i styret og rådet.

Nynorsk kultursentrum

Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt. Høgdepunktet er Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet i slutten av juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen. Noregs Ungdomslag er ein av stiftarorganisasjonane.

Nynorsk pressekontor

Nynorsk Pressekontor (NPK) har sidan starten i 1969 levert stoff på nynorsk til aviser og andre medium landet rundt. Stiftinga Nynorsk Pressekontor inngjekk i 2007 eit tett samarbeid med Norsk Telegrambyrå (NTB), som i dag står for drifta av kontoret. Stiftinga har eit styre på sju medlemer, der NU oppnemner to av medlemmene. 

Riksscenen for nasjonal og internasjonal folke-musikk, joik og folkedans

Riksscenen for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans blei etablert som stifting 16. mars 2007 av Juoigiid Searvi, Landslaget for Spelemenn, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkemusikk- og Danselag og Samspill International Music Network. Føremålet til Riksscenen er å vere ein nasjonal møteplass for aktørar innanfor sektoren og publikum. 

Stiftinga Hilmar Alexandersen

Stiftinga Hilmar Alexandersen er ei ideell stifting som skal vere ein arena for å fremje tradisjonskultur og kultur som næring. Stiftinga har som formål å gjennomføre ein årleg folkemusikkfestival med konsertar, kurs og andre aktivitetar knytt til tradisjonsmusikk, -song og –dans. Noregs Ungdomslag er medstiftar.