Styringsdokument

Noregs Ungdomslag har mange styringsdokument, som ligg til grunn for politikken og aktiviteten i organisasjonen. Nedanfør følgjer ei skjematisk framstilling av dei ulike styringsdokumenta, og kva funksjon desse har. 

Lov for Noregs Ungdomslag
Siist endra av landsmøtet i 2016

 § 1 Føremål

Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.

§ 2 Medlemskap

1. Ein medlem melder seg inn gjennom eit lokallag og blir registrert som medlem når årspengar er betalt.

2. Medlemmen kan melde seg direkte inn i Noregs Ungdomslag om det ikkje er lokallag på staden der han/ho bur som det er naturleg å melde seg inn i.

3. Alle medlemer i Noregs Ungdomslag skal ha moglegheit til å påverke arbeidet i organisasjonen Ein medlem har røysterett i organisasjonen frå ein har fylt 14 år, men det skal leggast til rette for at medlemmer utan røysterett også har arenaer for medverknad.

4. Dersom ein medlem medvite motarbeider føremålet til organisasjonen, eller ikkje vil rette seg etter lover og føresegner, kan lokallaget ekskludere vedkomande som medlem. Slike avgjerder kan ankast til årsmøtet i lokallag og fylkeslag og landsmøtet i Noregs Ungdomslag.

§ 3 Lokal- og fylkeslag

1. Lag med minst 5 medlemmer over 14 år kan bli godkjent som lokallag i Noregs Ungdomslag. Lokallaget melder seg inn gjennom eit fylkeslag. Styret i Noregs Ungdomslag kan ta opp lag direkte der det ikkje er fylkeslag.

2. Grendehus og forsamlingshus utan medlemsaktivitet kan bli godkjent som beinveges innmeldt lag i Noregs Ungdomslag, med status som huslag.

3. Styret i Noregs Ungdomslag skal godkjenne lovene til fylkeslag og beinveges innmelde lag. Styra i fylkeslaga skal godkjenne lovene til lokallaga. Lovene skal vere i samsvar med lova til Noregs Ungdomslag.

§ 4 Landsmøte

1. Innkalling
Styret i Noregs Ungdomslag kallar inn til landsmøte kvart år. Førebels sakliste skal sendast ut 3 månader før landsmøtet. Omframt landsmøte vert halde når landsmøtet eller styret vedtek det, eller når 1/3 av fylkeslaga krev det. Endeleg sakliste og sakspapir skal sendast ut 1 månad før landsmøtet.

2. Saker
a. Landsmøtet skal kvart år handsame årsmelding og rekneskap med revisjonsrapport for føregåande år og velje styre, revisor og valnemnd. Landsmøtet skal kvart andre år fastsetje kontingentsatsar for medlemsskap og vedta arbeidsprogram og budsjett det påfølgjande året. Desse vedtaka gjeld for ein periode på 2 år.
b. Gjennom lokallag og fylkeslag kan medlemmene kome med framlegg om saker til landsmøtet. Sakene med grunngjeving må vere melde skriftleg til styret i Noregs Ungdomslag seinast 8 veker før landsmøtet.
c. Styret i Noregs Ungdomslag avgjer kva saker det vil ta med på den endelege saklista. Saker som er melde i rett tid, men som styret ikkje fører opp på saklista, kan etter særskilt vedtak på landsmøtet likevel takast opp.

3. Utsendingar
a. Fylkeslag som har sendt årsmelding for føregåande år, har utsendingsrett til landsmøtet. Lokallag og huslag som har sendt årsrapport og betalt kontingent for føregåande år har utsendingsrett til landsmøtet.
b. Utsendingane frå fylkeslag skal veljast på årsmøtet i fylkeslaget. Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å velje utsendingar. Fylkeslag med opp til 1000 medlemmer har rett til 3 utsendingar og vidare 1 meir for kvart påbyrja nytt 1000.
c. Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet eller eit lagsmøte. Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å velje utsendingar. Lokallag med opp til 100 medlemmer har rett til 2 utsendingar og vidare 1 meir for kvar påbyrja 100. Kvar utsending har ei røyst på landsmøtet.
d. Utsendingane frå huslaga skal veljast av styret for huset. Kvart huslag har rett til 2 utsendingar til landsmøtet
e. Sentralt tilsette i organisasjonen kan ikkje veljast til utsendingar.
f. Når tvingande grunnar har gjort det naudsynt å avvike frå valreglane, kan landsmøtet godkjenne utsendingar valde på andre måtar.
g. Utsendingane frå fylkeslaga og lokallaga har røysterett når dei er registrerte som betalande medlemmer i Noregs Ungdomslag. Utsendingane frå huslaga har tale- og forslagsrett, men ikkje røysterett på landsmøtet.
h. Generalsekretæren har talerett på landsmøtet.
i. Dei tilsette sin representant har talerett i saker som vedkjem deira arbeidstilhøve.

§ 5 Styret

1. Styret har ansvaret for at arbeidet i organisasjonen blir drive i samsvar med lov, styringsføresegner, arbeidsprogram og andre vedtak gjort av landsmøtet.

2. Styret bind organisasjonen i økonomiske saker, ved underskriftene til styreleiar og generalsekretær.

3. Styret skal innstille til landsmøtet på val av valnemnd.

4. Styret har 7 medlemmer, og er samansett av leiar, politisk nestleiar, organisatorisk nestleiar og 4 styremedlemmer. 3 personar blir valde som varamedlemmer til styret.

5. Leiar blir vald for eitt år. Styremedlemmene blir valde for to år, slik at halvparten står på val kvart år. Varamedlemmene blir valde for eitt år.

6. Leiar og dei to nestleiarane utgjer styret sitt arbeidsutval. Styret vel varamedlemmer til arbeidsutvalet blant styremedlemmene. Arbeidsutvalet fungerer mellom styremøta etter mandat frå styret.

7. Dei tilsette i Noregs Ungdomslag sentralt skal ha ein representant i styremøta under handsaming av personalsaker.

§ 6 Valnemnda

1. Valnemnda skal innstille til landsmøtet på val av styre og revisor.

2. Valnemnda er samansett av 5 medlemmer med 3 varamedlemmer. Leiaren vert vald for 1 år, dei andre for 2 år, slik at 2 står på val kvart år. Varamedlemmene vert valde for 1 år.

§ 7 Landsrådet

1. Landsrådet er eit rådgjevande organ for styret. Landsrådet handsamar og gjev tilrådingar til styret i saker som styret legg fram for det. Landsrådet kan også ta opp eigne saker.

2. Landsrådet er samansett av leiarane i fylkeslaga. Styremedlemmene i Noregs Ungdomslag har møte- og talerett i landsrådet.

3. Landsrådet skal ha møte minst 1 gong i året.

§ 8 Innmelding i andre organisasjonar

Fylkeslag og lokallag i Noregs Ungdomslag kan ikkje melde seg inn i andre organisasjonar eller samarbeidsorgan som strir mot føremålet til Noregs Ungdomslag. Laget må melde frå om innmeldingar til styret i Noregs Ungdomslag.

§ 9 Målbruk

1. Tillitsvalde og tilsette, lag og lagsbruk i Noregs Ungdomslag pliktar å verne om nynorsk og dialektar i samsvar med føremålsparagrafen og prinsipprogrammet.

2. Tenestemålet i Noregs Ungdomslag sentralt er nynorsk.

§ 10 Rusgifter

Noregs Ungdomslag skal arbeide aktivt for å skape ein attraktiv, rusfri samværskultur. Alle tilskipingar på sentralt plan skal vere rusfrie.

§ 11 Utmeldingar, skifte av føremål og nedleggingar

1. Fylkeslag og lokallag som ynskjer å melde seg ut av Noregs Ungdomslag, må vedta dette på 2 vanlege påfølgjande årsmøte med minst eitt års mellomrom med minst 2/3 fleirtal. Dersom eit mindretal på minst 5 medlemmer over 14 år vil halde fram med det gamle lagsnamnet og etter det gamle føremålet, tek dette mindretalet over namnet og eiga til laget. Det kan gjerast unntak for eige laget hadde ved innmelding. Slike unntak må gå fram av lover godkjende av Noregs Ungdomslag.

2. Alle lokallag har plikt til å halde årsmøte i samsvar med si eiga lov. Dersom det har gått 1 år ut over den fastsette årsmøteperioden, skal fylkeslaget sørgje for at det blir innkalla til årsmøte i laget. På same måten skal styret i Noregs Ungdomslag sørgje for at det blir kalla inn til årsmøte i direkte innmelde lag og fylkeslag når det ikkje er halde årsmøte i samsvar med lovene.

3. Fylkeslag og lokallag som 2 år etter kvarandre ikkje har sendt årsmelding, skal bli kontakta av Noregs Ungdomslag sentralt, der nedlegging eller naudsynte tiltak for reaktivisering blir vurderte.

4. Fylkeslag og lokallag som 3 år etter kvarandre ikkje har sendt årsmelding, skal reknast som nedlagde. Lokallag som ikkje fyller krava til lagsdefinisjonen i § 3.1 i 3 år etter kvarandre, skal like eins reknast som nedlagde.

5. Fylkeslag og lokallag som bryt lova til Noregs Ungdomslag og som ikkje vil rette seg etter lovleg påbod frå styret og landsmøtet, skal seiast å ha skifta føremål og kan ikkje lenger stå i Noregs Ungdomslag.

6. Saker i samband med denne paragrafen, kan ankast av det laget saka gjeld til 
landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Landsmøtet tek då endeleg avgjerd.

§ 12 Trygging av eiga

1. Ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast eigedom kan ikkje avhendast utan samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag.

2. Blir eit lokallag lagt ned, skal styret i Noregs Ungdomslag sørgje for at eventuell formue blir nytta til å slette gjeld. Evt. restformue etter dette skal blir nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden.
Om laget ikkje gjennomfører oppløysing av laget innan 6 månader etter nedlegging, skal Noregs Ungdomslag gjennomføre oppløysinga.
Medlemmer i lokallag har ikkje krav på medel eller delar av desse.

§ 13 Om prinsipprogram styringsføresegner og for Noregs Ungdomslag

Landsmøtet i Noregs Ungdomslag skal vedta prinsipprogram og styringsføresegner med utfyllande reglar til lova.

§ 14 Lovendring

Lovendringsframlegg må vere sendt styret seinast 8 veker før landsmøtet. Sjølve lovframlegget må kunngjerast minst éin månad før landsmøtet. Ei lovendring krev 2/3 fleirtal.
 


§ 15 Oppløysing

Ved ei eventuell oppløysing av organisasjonen må midlane nyttast i samsvar med § 1 i lova.


 
Styringsføresegner 
Sist endra av landsmøtet i 2017.

§ 1 Styret i Noregs Ungdomslag


Styret leier organisasjonen mellom landsmøta, i tråd med lova og vedtak frå landsmøtet.


Styret kan nedsetje utval til ta seg av faglege og/eller politiske oppgåver i tråd med føremålet og prinsipprogrammet. Utvala rapporterer til styret, og er ansvarleg berre overfor styret.



Styret bør setje ned faste utval for teaterarbeidet og folkedansarbeidet i Noregs Ungdomslag.

§ 2 Administrasjonen i Noregs Ungdomslag

Administrasjonen i Noregs Ungdomslag blir leia av ein generalsekretær, som blir tilsett på åremål for 4 år om gongen. Styret kan ikkje tilsetje nokon generalsekretær i meir enn 3 fireårsbolkar. Styret fastset instruks for generalsekretæren.

Styret gjer vedtak om tilsetjingar i dei andre stillingane i administrasjonen, og fastset løner og andre arbeidsvilkår.

Dei tilsette i administrasjonen vel sjølve ein representant, som skal vere til stades på styremøta under handsaming av personalsaker og ved saker som særleg omfattar deira arbeidstilhøve.
 
§ 3 Valnemnda

Valnemnda kjem med framlegg til val på medlemmer og varamedlemmer til styret i Noregs Ungdomslag. Tilrådinga skal vere klar 1 månad før landsmøtet, samtidig med dei andre sakspapira til møtet.

Valnemnda har ansvar for å legge fram ei tilråding med tilnærma lik kjønnsbalanse. Tilrådinga bør innehalde forslag til faste styrerepresentantar frå aldersgruppa 14-25 år.

Medlemmene i valnemnda har talerett på landsmøtet når det handsamar val.

Valnemnda si innstilling kan berre innehalde kandidatar som er medlemmer i Noregs Ungdomslag.

§4 Landsmøtet

Noregs Ungdomslag administrerer ei reiseutjamningsordning for landsmøtet, slik at reisekostnadene mellom laga blir jamna ut. Styret i Noregs Ungdomslag fastset nærare retningsliner for ordninga. 

§5 Fylkeslaga

Arbeidet til fylkeslaga blir fastsett gjennom arbeidsplanar og andre vedtak på årsmtøet i fylkeslaget og landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Fylkeslaga har møteplikt på landsmøtet og i landsrådet til Noregs Ungdomslag.

§6 Medlems- og lagskontingent

Årspengane frå medlemmene er samansett av ein kontingent til lokal-, fylkes- og sentralledd. Satsane blir fastsett av årsmøtet i lokal- og fylkeslaget og landsmøtet til Noregs Ungdomslag. Kontingenten til fylkes- og sentralleddet kan ha ulike satsar for medlemmer over og under 26 år. Lokallaga betaler i tillegg ein lagskontingent til sentralleddet, etter satsar fastsette av landsmøtet. Fylkesleddet har også høve til å krevje lokallaga for lagskontingent, etter satsar fastsette av årsmøtet.

Sentralleddet krev inn den samla kontingenten til fylkes- og sentralleddet frå lokallaga, og refunderer til fylkesleddet deira del. Sentralleddet nyttar siste innmeldte kontingentsatsar frå fylkesleddet, og fastset satsane for fylkeslag som ikkje har vedtekne satsar.
 
For å sikre ei organisatorisk samhandling og yte ein god medlems- og lagssørvis, disponerer sentralleddet fylkesleddskontingenten frå lag som ikkje er tilknytta fylkesledd, eller som ikkje har aktivt fylkesledd.

§ 7 Endringar i styringsføresegnene

Styringsføresegnene kan endrast med vanleg fleirtal på landsmøtet. Framlegg må kunngjerast på same måte som ved lovendringar.

Prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag bygg på paragraf 1 i lovene til NU og ligg til grunn for politikken til organisasjonen:

Frilyndt
Noregs Ungdomslag er tufta på eit frilyndt grunnsyn. Å vere frilyndt er å vere tolerant, og å sjå mennesket for kva det er og kva det kan vekse seg til å bli.

Samfunnsengasjement
I ungdomslaga arbeider vi for gode og livskraftige lokalsamfunn i heile landet. Medlemmane får mot til å engasjere seg og arbeide for det dei trur på. Gjennom deltaking i laga sine aktivitetar og demokratiske prosessar utviklar medlemmane seg som sjølvstendige og fellesskapsorienterte menneske.

Folkeleg kultur 
I Noregs Ungdomslag brukar, formidlar og vidareutviklar vi kulturarv og folkelege kulturutrykk. Med humor, kreativitet, galskap og fantasi skaper vi samtidig rom for nye tankar og aktivitet.

Samværskultur
I Noregs Ungdomslag har vi ein inkluderande samværskultur med trygge og rusfrie møteplassar, der alle blir møtt med respekt uansett alder, bakgrunn, politisk ståstad og livspraktisering.


Sist endra på landsmøtet i 2017.

Langtidsplanen fatset ein overordna visjon og hovudmål for Noregs Ungdomslag for den komande fireårsperioden. Vidare er det fastsett sju ulike strategiar for å nå hovudmålet. Vedteke på landsmøtet i 2018. 
Arbeidsplanen konkretiserer strategiane som er fastsett i langtidsplanen, gjennom konkrete mål for den komande toårsperioden. Vedteke på landsmøtet i 2018. 

Visjon for Noregs Ungdomslag: 
Levande lokalkultur

Hovudmål for perioden 2019-2020:
Sikre Noregs Ungdomslag sin posisjon som ein organisasjon for lokalkultur og levande lokalmiljø.
 

1. Styrke medlemmene sin tilgang på møteplassar og opplæringsarenaer.

Det lokale ungdomslagsarbeidet er grunnsteinen for alt arbeid i Noregs Ungdomslag. Vi er avhengig av at alle medlemmer har god tilgang både på møteplassar og arenaer for læring og utvikling, for at ungdomslaget skal vere noko som held på medlemmer over lengre tid.

Mål for perioden 2019-2020:

  • Noregs Ungdomslag skal legge til rette for at medlemmer i ungdomslaget skal få utvikle seg både sosialt og fagleg, uavhengig av kvar i landet ein bur.
  • Sommarleiren skal vere etablert som den viktigaste sosiale og faglege møteplassen for ungdomar i organisasjonen.
  • NU-helga i april skal vere etablert som ein fagleg møteplass og sosial arena for medlemmene i organisasjonen.
  • Noregs Ungdomslag skal bidra til å auke arrangørkompetansen for regionale barnestemne.


2. Styrke instruktørane og leiarane sin kompetanse for å drive og skape meir aktivitet.

Dei lokale eldsjelene er viktig for å drive og utvikle aktiviteten i lokallaga. Det er viktig at Noregs Ungdomslag legg til rette for at eldsjelene får auka kompetansen sin, for at aktiviteten også kan auke. Berre på denne måten kan ein legge til rette for at nytt engasjement veks fram, slik at ein også har eldsjeler i framtida.

Mål for perioden 2019-2020:

  • Alle medlemmer skal ha tilgang på leiar- og instruktøropplæring , uavhengig av kva ein bur i landet
  • Instruktøropplæringa innanfor folkedans og teater skal vere eit kjent tilbod i alle lag.
  • Gjennom ei ny og systematisert organisasjonsopplæring vil NU sørge for å auke den lokale organisasjonskompetansen


3. Styrke laget og ungdomshuset som ein arena for lokal kulturaktivitet.

Lokallaga og ungdomshusa skal også i framtida vere viktige arenaer for den lokale kulturaktiviteten. Noregs Ungdomslag vil arbeide for at laget og huset kan drivast på ein effektiv måte, slik at mest mogleg av laget sine ressursar kan gå til å auke aktiviteten.


Mål for perioden 2019-2020:

  • Gjennom prosjektet NU kulturformidling skal arrangørkompetansen i ungdomslaga vere auka, slik at ungdomshusa i større grad kan brukast til å formidle kultur lokalt.
  • Også dei ungdomslaga som ikkje eig sine eigne lokale skal vere ein synleg arena for den lokale kulturaktiviteten.
  • NU skal vere ein attraktiv organisasjon for lokallag som arbeider for ein levande lokalkultur, slik at ein kan rekruttere endå fleire medlemslag.
     

4. Styrke folkedansen, folkemusikken, bunaden og amatørteatret som folkelege kulturuttrykk.

Vi har ei viktig oppgåve i å formidle og utvikle den immaterielle kulturarven som lever i den lokale aktiviteten. Tradisjonane spesielt innanfor folkedans og amatørteaterarbeid er lange i ungdomslaga, og det må vere ei nasjonal bevisstheit rundt forvaltninga av denne kulturarven.
 

Mål for perioden 2019-2020:

  • I NU skal heilskapen i den norske folkedanstradisjonen vere synleg, ved at ungdomslaga tilbyr aktivitetar og opplæring innanfor alle danseformer, og for alle aldersgrupper.
  • Folkepedia skal vere etablert som ein ressursbank for opplæring i folkedans, for både røynde og urøynde dansarar.
  • NU skal vere ein amatørteaterorganisasjon, som har rom for alle typar teateraktivitet, og for alle aldersgrupper.
  • Det skal vere utvikla nye ressursar for å ta i bruk amatørteatret som ein særleg viktig arena for sosial inkludering.
  • Styrke bunad og folkedraktarbeidet for å sikre kunnskap om, og ivaretaking av handverkstradisjonane i organisasjonen.
     

5. Styrke dei tillitsvalde sin kompetanse og interesse for å drive og utvikle laget.

Mange ungdomslag har liten utskifting av tillitsvalte, fordi medlemmene ofte er meir oppteken av å vere med på aktiviteten i laget, enn å drive sjølve laget. NU har eit særleg ansvar for å løfte fram den viktige rolla dei tillitsvalde i både lokallag og fylkeslag har, for å drive både laget og organisasjonen vidare.
 

Mål for perioden 2019-2020:

  • Fleire unge medlemmer skal både ta og bli gitt leiaransvar for aktivitet og lagsdrift.
  • NU skal sørge for at det blir utvikla og formidla verktøy og metodar som gjer det praktiske lagsarbeidet og rekrutteringa lystbetont og interessant for fleire av medlemmene.
  • Alle tillitsvalte i både lokal- og fylkeslag skal ha tilbod om årlege organisasjonskurs.
     

6. Styrke organisasjonen regionalt, for å sikre alle lokallaga lik tilgang på ressursar.

Fylkeslaga i Noregs Ungdomslag har ikkje lengre den same plassen i organisasjonsstrukturen som før. Dette heng saman med at det ikkje er alle lokallag som er knytt til noko fylkeslag, sidan fleire har lagt ned drifta dei seinare åra. Dette gjer det utfordrande å nå fram til alle lokallaga med det same tilbodet.


Mål for perioden 2019-2020:

  • Alle lokallag skal ha tilgang på dei same tilboda og tenestene frå NU, uavhengig av om dei er knytt til eit fylkeslag.
  • NU må i samarbeid med fylkeslaga følgje opp regionreforma, for å vurdere nye former for samarbeid mellom lokallaga, innanfor dei nye regionsgrensene.
  • Fylkeslag som ikkje lengre fungerer som eit mellomledd bør vere avvikla.
     

7. Fremje lokallaga sine interesser i den nasjonale kultur- og frivilligheitspolitikken.

For at den lokale ungdomslagsaktiviteten skal ha gode rammevilkår, må behova deira synleggjerast i den nasjonale kultur- og frivilligheitspolitikken. NU må difor ta ei sentral rolle innanfor dei ulike paraplyorganisasjonane som arbeider interessepolitisk, og overfor nasjonale politikarar.
 

Mål for perioden 2019-2020:

  • NU skal stadfeste sin posisjon som interessepolitisk aktør i samarbeidsorgan og overfor styresmaktene, for å fremje ungdomslaga sin posisjon i det lokale kulturlivet.
  • Dei folkelege kulturtradisjonane som ungdomslaga er bygd på, skal vere ein sjølvsagt del av den nasjonale kulturpolitikken.
  • NU skal ta eit særleg ansvar for å fremje ungdomshusa og andre organisasjonseigde kulturbygg sin posisjon i kulturpolitikken, og arbeide for at desse skal ha gode rammevilkår.

 

Her kan du laste ned langtidsprogram og arbeidsprogram som PDF.

“Alle former”

Fagpolitisk plattform for Noregs Ungdomslag
Vedteke på landsmøte 2018

Dei første ungdomslaga blei etablert i 1860-åra. Dei var lokale samtalelag, samlingsplassar for kulturaktivitet, læring og debatt. Å gi ungdom i by og bygd ei moglegheit til å utvikle seg, lære å uttrykke meiningane sine og ta ansvar for eige liv og samfunnet var ei viktig målsetting. Samfunnsengasjementet og kulturarbeidet var både middel og mål på vegen til å skape eit godt og framtidsretta samfunn og aktive borgarar frå alle samfunnslag og med ulik bakgrunn. 

Sidan starten har samfunnsengasjement og deltaking i samfunnsdebatten stått sentralt i NU. Men ettersom dei politiske partia og ei rekke organisasjonar med ulike særinteresser har kome til, har desse teke over for mykje av det som tidlegere var sentrale oppgåver for NU. Med endringar i samfunnet har også arbeidet til ungdomslaga endra seg. Spørsmålet i dag er ikkje om NU skal ha eit samfunnsengasjement, men kva medlemmene ønskjer at NU skal bruke sitt engasjement til. 

Det er i dag eit stort mangfald i korleis ein deltek i samfunnet og kva kulturaktivitet ein er med på. NU er ein av mange aktørar og må heile tida vere aktuell og attraktiv for nye deltakarar for å kunne nå målet om å vere ein plass der folk kan medverke til å skape levande lokalkultur. Den fagpolitiske plattforma har som mål å løfte fram dei opphavlege verdiane, forankre nokre av dei sentrale arbeidsfelta og danne ein base for å utforme ny politikk og aktivitet. 


Samfunn


NU har hatt ei sentral rolle i utviklinga av det moderne Noreg til eit folkeleg demokrati med brei deltaking. Dei første laga og møta deira hadde ein kombinasjon av opplæring, kulturaktivitet, sosialt samkvem og diskusjon. Den eldste kjende føremålsparagrafen til eit lag er frå 1876, der står det at laget skal ”søkje å vekkje op lite meir sans for oplysning, og vænne folk til å snakke og skrive meiningja si på ein folkeleg og forståeleg måte.”Laga fungerte som arenaer for kunnskapsformidling, informasjon og trening i demokratisk deltaking. 

Lokallaga er viktige arenaer for å lære folkeleg samværskultur. Vi har tradisjon for læring på tvers av generasjoner og alderstrinn. Gode førebileter og bevissthet om samværsformer er viktig for formidling av haldningar og eit frilyndt menneskesyn.

NU skal engasjere seg i saker som er knytt til rammevilkår for positiv utvikling av lokalmiljøa i Noreg, både i by og bygd. ”Levande lokalkultur” er NU sin visjon. Lokallaga er viktige for å skape aktivitet i eige lokalmiljø, men også i det lokale ordskiftet og i samarbeid med andre om utvikling av lokalmiljøa. 

Mange av lokallaga våre eig hus som gir rom for aktivitet i nærmiljøet. Laga er ope og tek i mot nye innbyggjarar og inkluderer dei i samfunnet gjennom lagsarbeid. Dei opprettheld eit aktivt lagsdemokrati som sikrar at nye generasjonar tek del i arbeidet og får kunnskap om å ta aktiv del i samfunnet, og svarer på høyringar og deltek i ulike utval i kommunen.

NU skal arbeide for gode rammevilkår for frivillige lag og organisasjonar og sikre retten til og gjere det mogleg å skape sjølvstendige arenaer tufta på ulike engasjement og interessefelt. Ei stadig profesjonalisering av ulike tenester og oppgåver set den frivillige lagsdrifta under press. Drifta er blitt stadig meir kostbar, med høgare krav til administrasjon og byråkrati. Å betre rammevilkåra for frivillige lag og sikre dei ein naturleg og sjølvstendig plass i samfunnet også i framtida er viktig. NU er ei viktig arena for å sikre deltakande kulturaktivitet, ytringsarven, det at vi spelar teater, dansar, kler oss i bunad og snakkar dialekt. Vi skal vere ein stad der lokal kultur blir til og teke vare på, formidla til nye generasjonar, og som er til glede for dei som tek del i aktiviteten. 


Det trengs framleis uformelle læringsarenaer utanfor det offentlege utdanningssystemet. NU treng både høg kompetanse og lokale læringsmiljø for å lukkast med å vidareføre kunnskap om ulike kulturfelt og bygge deltakande samfunnsaktørar. 


Dans


1902 kan seiast å vere starten på historia om folkedans i NU, og med det oså for den organiserte folkedansen i Noreg. Med inspirasjon frå Færøydansen vart det skata ein norsk songdanstradisjon. Før songdansen kom, hadde ungdomslaga vanskar med å finne høveleg moro på møta sine. Fleire hadde eit mål om å kaste ut runddansen, medan bygdedansen såg ut til å bli tolerert og oppmuntra frå sentralt hald, om ein berre fekk bukt med drikkekulturen. 

I dag arbeider NU fagleg med alle hovudgruppene som til ei kvar tid blir definert under omgrepet norsk folkedans. Folkedansen og -musikken er ein del av norsk immateriell kulturarv, og NU skal arbeide for å bevare og vidareutvikle tradisjonen som sosial omgangsform og scenisk framføring. Musikken er utgangspunktet for folkedansen. NU skal styrke opplæring av nye og eksisterande dansespelemenn, og jobbe for vidareutvikling av dansemusikken. 

Bevaring av immateriell kulturarv, som folkedansen, er mogleg gjennom bruk. At folk dansar er det viktigaste for å sikre bevaring og vidareføring av dansen. Opplæring, framsyningar og sosial dans i lokallaga er heilt avgjerande. Alle typar og danseformer er velkomne i ungdomslaget, vi har tru på at dansekvaliteten blir styrka gjennom variasjon og mengdetrening. 

Folkedanskurs og andre opplæringsarenaer, har saman med utgjeving av instruksjonsbøker og musikk vore sentrale i NU sitt arbeid gjennom heile 1900-talet. Slik bygde ein opp mange dyktige instruktørar og eldsjeler lokalt, og fekk etablert eit nasjonalt repertoar og metode. NU skal framleis gå føre i utviklinga av instruktøropplæring innafor heile breidda i folkedansfeltet.

På 1970-talet skjedde ei fagleg dreiing på feltet. Med oppretting av Rådet for folkedans og folkemusikk og studiar i dans tok mange sentrale danseinstruktørar i NU del i dette arbeidet. Revisjon av songdansboka og turdansboka synte og ei tydeleg fagleg dreiing. 

Nærleik til lokal tradisjon kan vere utgangspunkt for val av repertoar og eit godt utgangspunkt for å bygge eigen identitet. Innsamling og dokumentering av lokale dansetradisjonar kan vere eitt ledd i arbeidet. Kreativitet og nyskaping er viktig, på lik linje med god fagkunnskap. Terskelen for å skape noko nytt er låg og blir gjerne kombinert med til dømes tiltak med lang tradisjon. 


Teater
 

I 1899 var Det norske spellaget stifta, forløparen til det som i dag er Det Norske Teatret. Då hadde det allereie i lang tid vore arbeidd for å fremje norsk dramatikk, skriven på norsk og spelt på norsk. 

Det er i dag stor amatørteateraktivitet både i ungdomslaga og i ei rekke andre amatørteaterlag. NU har vore ein viktig organisasjon i arbeidet med å synleggjere og sikre rammevilkår for amatørteater. Gjennom instruktørutdanning og andre teaterkurs har NU heva kompetansen og mangfaldet av teaterutrykk i ungdomslaga. NU har gjort eit viktig arbeid med å sikre anerkjenning for verdien av at menneske deltek i teaterarbeid og får oppleve teater. 

NU har gjennom langsiktig og systematisk arbeid også medverka til å etablere nye sjangrar og arbeidsmetodar i amatørteaterarbeidet her til lands, som forumteater og teatersport. Å identifisere nye idear og formidle dei over tid er framleis ei sentral oppgåve i NU sitt teaterarbeid. 

Den lokale aktiviteten syner breidda i sjanger og repertoar, i dag som tidlegare. Teater som spring ut av lokalsamfunn er uttrykk for fellesskapsarenaer, kunnskap og kompetanse i lokalmiljøa, engasjement, ønskje om å delta og vilje til å uttrykke seg. Endringar i lokalsamfunn som flyttemønster, auka mangfald i befolkninga, meir individuelle motivasjonsgrunnar og meir sosiale ulikskap gjer at teatergrupper vil trenge nye metodar for rekruttering av medlemmer og gjennomføring av aktivitetar, for å vere tilgjengeleg for alle som ønskjer å delta. 

Teater i NU vil i framtida halde fram med å utvikle og ta til seg nye kulturelle uttrykk og å skape inkluderande arenaer for teaterarbeidet. Teater i NU er viktig både som arena for kulturelle og kunstnarlege uttrykk og politiske ytringar. Låge tersklar for å kunne delta, gode moglegheiter for læring og utvikling og høge krav til kvalitet i teatertilbodet er viktige rettesnorer for teaterarbeidet. 

Bunad


På byrjinga av 1900-talet ønskte ein å finne fram gode klede å bruke til dans og på samkomer i laga. Dei skulle vere enklare, frigjerande og vere moglege å sy sjølve, i motsetnad til kostbare, upraktiske og rørslehemmande moteklede. Tufta på tradisjonelle klede og handverk blei den moderne bunadstradisjonen etablert. Midt på 1900-talet fekk bunadsarbeidet ei sterkare dreiing mot dei historiske førebileta. Med oppretting av Landsnemnda for bunadsspørsmål (no Norsk institutt for bunad og folkedrakt) blei denne dreiinga enda sterkare. Rekonstruksjonsarbeidet på slutten av 1900-talet var tufta på historiske og vitskaplege metodar. 

I dag har NU ansvar for ivaretaking av heile den samansette bunadshistoria, tilgang på bunader, ivaretaking av handverkstradisjonen og kunnskapsformidling om både bunad og folkedrakt står sentralt. Dei kulturhistoriske røtene er viktige, men det å bruke bunad, at det finnast tidhøveleg klede for alle, demokratisk og mogleg å sy sjølve, er det viktigaste. 

Ein treng gode arenaer for bunadsbruk, og det er inga sjølvfølge. Det er ei lang veg frå vitnesbyrd om å bli spytta på og fått ukvemsord etter seg om ein gjekk med bunad i Karl Johans gate i Oslo først på 1900-talet, til at det no er eit naturleg plagg å sjå på slottsmiddag. NU skal engasjere seg i saker som er knytt til kunnskapsformidling, sikre tilverking og ivaretaking og halde fram bunaden som eit demokratisk plagg for alle som ønskjer å bruke bunad. 

Bunad er blitt eit kostbart plagg. Aukande kvalitet i bunaden er bra, vi har dei siste åra sett betre historisk autensitet og dyktige, fagutdanna produsentar. Men mykje handsaum, spesialutvikla materiale av høg kvalitet og mykje spesialutvikla tilbehør som er lokalt handlaga medverkar til dei høge prisane. Dette har ført til tre hovudutfordringar: kostbar investering, låg kunnskapsoverføring og at mykje av produksjonen blir sett bort til lågkostland. NU vil arbeide for at fleire kan lage heile eller deler av bunaden sin sjølve. 

Bunaden toler godt å bli nytta i mange ulike høve, men det går også ein debatt om kven som har ”rett” til å bruke bunaden. Det nasjonale opphavet blir nytta som argument for bunaden som eit ekskluderande og nasjonalistisk symbol, stikk i strid med dei opphavlege tankane om eit demokratisk og frigjerande plagg. NU skal vere på vakt for forsøk på symboltjuveri, samstundes som vi held fast på bunaden sitt samansette og mangfaldige symbolinnhald, og gje rom for at bunad og bunadsbruk kan utvikle seg positivt også i framtida. 


Språk


Heilt frå starten har NU vore tufta på ideen om norskdom. Vi løftar med oss norsk kultur og tradisjon inn i samtida og framtida. Dette er vårt bidrag til verdskulturen. Ein viktig del av dette er språket. NU meiner at alle fritt bør kunne velje å snakke dialekten sin – kor som helst, når som helst. Det unike dialektmangfaldet er med på å gjere nordmenn til det vi er: ulike, men likevel ein del av det norske. Det nynorske skriftmålet er fellesnemnaren for dialektmangfaldet. Noregs Ungdomslag er ein av dei verkeleg store nynorskorganisasjonane. Ved at organisasjonen vår har nynorsk styringsmål og aktivt tek side med nynorsken og dialektane, er vi med på å gje nynorsken ein plass han ikkje elles ville ha hatt. 

Opp gjennom åra har Noregs Ungdomslag vore initiativtakar til ei rekkje av dei viktige nynorskinstitusjonane. Utan oss ville nynorskbrukarane hatt dårlegare kår i Noreg. Sjølv om medlemene våre nyttar både nynorsk og bokmål, meiner vi at det ligg ein særleg verdi i å løfte fram nynorsken: Ved å vere bygd på dialektane fortel nynorsken oss at det er like bra å kome frå bygda som frå byen, og at det ikkje finst nokon måte å snakke på som er finare enn andre. Dette er demokrati i praksis – kvar gong vi opnar munnen. 

Den rike kjelda av norsk folkekultur er tett knytt til nynorsken og dialektane. Eit døme er songskatten som mange NU-lag held levande. Andre lag set opp skodespel og revyar på nynorsk og dialekt, og fleire deltek i  Kven veit?, ei kunnskapstevling på nynorsk. 

Noregs Ungdomslag meiner at alle som går på skule i Noreg skal lære både bokmål og nynorsk. Vaksne innvandrarar som lærer norsk i nynorskkommunar bør få opplæringa på nynorsk. Alle vaksne innvandrarar bør få bli kjende med dialekten lokalt. 

Det er særleg viktig at unge får eit positivt møte med nynorsken og dialektmangfaldet. Det skjer gjennom skulen, men òg gjennom bøker, tv, blad og sosiale medium. Fordi nynorsk er eit mindretalsspråk, meiner Noregs Ungdomslag at tiltak for å fremje dette språket bør få særlege løyvingar slik at òg nynorskbrukarane kan få møte språket sitt. Nynorskforbodet i dei store riksavisene bør bli oppheva, og alle bør kunne nynorsk når som helst og kor som helst. 

 

HER KAN DU LASTE NED EIN PDF AV FAGPOLITISK PLATTFORM

 

Her kan du finne årsmeldingar og rekneskap for Noregs Ungdomslag.
Alle dokumenta er i pdf.-format. 

ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2017

ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2016

ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2015

ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2014

ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2013


Viss du er ute etter årsmeldingar frå tidlegare år, kan du kontakte administrasjonen på post@ungdomslag.no