Hopp til hovedinnhold
Politikk

Innspel til handlingsplan for deltaking i Kultur, idretts- og friluftsaktivitetar

Innspel frå Noregs Ungdomslag til regjeringa sitt arbeid med ny handlingsplan for deltaking i kultur, idretts- og friluftsaktivitetar.

Innspelet vart sendt 20. desember 2023 til Kultur og likestillingsdepartementet.

Kontaktperson: Christoffer Knagenhjelm, e-post: christoffer@ungdomslag.no Mob. 48 00 48 17.

Noregs Ungdomslag (NU) viser til invitasjon om å kome med innspel til h andlingsplan for deltaking i kultur, idretts og friluftslivsaktiviteter, samt ulike formar for involvering av aktørfeltet.

Noregs Ungdomslag er ein kulturorganisasjon med føremål om å skape engasjement og levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar. Organisasjonen vart stifta i 1896, og vi har i dag om lag 13 500 medlemmar og vel 310 lokallag rundt om i heile landet.

Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den tradisjonelle folkekulturen. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Medlemmene våre får høve til å utøve både tradisjonelle og nye kulturuttrykk, samtidig som dei lærer å organisere aktivitetane. Med det
styrker vi òg samfunnet og demokratiet.

Kva er det viktigaste din organisasjon/institusjon kan gjere for å inkludere enda fleire barn og ungdom i kultur-, idrett og/eller friluftslivsaktiviteter?

Gjennom Huset i Bygda (HiB) har NU tatt eit nasjonalt ansvar for å l øfte dei organisasjonseigde kulturhus a som viktige kulturarenaer for kunst og kulturproduksjonar over heile landet og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar. Mellom anna tilbyr vi kurs og rettleiing til organisasjonseigde kulturhus og vi arrangerer hussamlingar og kulturhuskonferansar. Målsettinga er å skape framtids retta bygg og at kvart enkelt kulturbygg skal bli synlegare og sterkare og få endå høgare status.

Sosialt berekraftige samfunn handlar om samfunn prega av tillit, tryggheit, tilhøyrsle og tilgang til goder som arbeid, utdanning og gode nærmiljø. Gjennom planprosessar kan kommunar og andre offentlege styresmakter legge til rette for en sosialt berekraftig samfunnsutvikling som i større grad inkluderer born og ungdom. Ikkje minst er det viktig at styresmaktene legg til rette for at born og ungdom kan påverke forhold i nærmiljøa og elles i sine kommunar.

Eit av hovudprinsippa i FN sine berekraftsmål er at ingen skal bli utelatne Leaving no one behind ). Vi er opptatt av at dei mest sårbare menneska må bli prioritert.

Kartlegging i regi av HiB viser det er over 5 000 organisasjonseigde kulturhus i Noreg. Dei aller fleste av desse husa er eigd av lag og organisasjonar utan tilsette, der drifta er tufta på omfattande dugnadsinnsats.

Målsettinga må vere brei deltaking og lik tilgang på kunst og kulturaktivitetar i heile landet. Det fordrar at dei organisasjonseigde kulturhusa får tilgang på tilskotsmidlar, kompetanse og rettleiing slik at dei kan opne husa og gjere dei tilgjengeleg for alle brukargrupper i samfunnet.

For å oppnå dette er det viktig at Huset i Bygda vert styrka slik at prosjektet kan utvidast som eit kunnskaps og ressurs senter for organisasjonseigde kulturbygg i heile landet.

Her er vi mellom anna spesielt opptatt av det må vere eit mangfald av ulike arenaer, tilpassa ulike behov og samfunnsgrupper. Ikkje minst gjeld dette born og ungdom. Dei mindre organisasjonseigde kulturbygga grendehus, ungdomshus og samfunnshus er like viktige kulturarenaer som dei store kulturhusa for å kunne ha breidde i tilboda både til dei som er deltakarar og publikum. Ikkje minst gjeld d ette barn og ungdom og andre utsette grupper i samfunnet.

I dag vert det ikkje gitt momskompensasjon for kostnader til nybygg, påbygg eller ombygging, som ofte er nødvendig for å få til universell utforming. Det er difor naudsynt å få på plass momskompensasjon på tiltak som gjeld universell utforming.

Kven treng de å samarbeide med for å inkludere enda fleire barn og ungdom innen kultur-,idrett og eller friluftslivsaktiviteter? Og kva skal til for at dere finn saman?

Som ressurssenter for organisasjonseigde kulturhus er HiB særleg opptatt av å medverke til utvikling av kunnskap, tydelegare statlege føringar og utarbeide rettleiingsverktøy (gode løysingar) for kulturhuseigarar. Døme på dette er at vi har satt i gang arbeid med å utvikle stønads og rettleiingsverktøy for univ ersell utforming og gode ENØK tiltak.

I vårt arbeid inviterer vi inn eller samarbeider med organisasjonar som Blindeforbundet, handikappforbundet og organisasjonen Fri foreningen for kjønns og seksualitetsmangfold for å setje søkelys på korleis ein skal få lik tilgang til kulturhus over heile landet.

Huset i Bygda samarbeider òg i prosjekt/utviklingsarbeid og kartleggingsarbeid med andre aktørar som Kulturrom, Frivillighet Norge og Kulturalliansen.

Skal vi klare å utvikle dei lokale kulturhusa, er det viktig at det offentlege støtter opp under tiltak som HiB der ein samlar kompetansen til ulike interesse og brukarorganisasjonar.

Kva treng din organisasjon/institusjon for å inkludere enda fleire barn og ungdom i kultur-, idrett og/eller friluftslivsaktiviteter?

Vi er oppatt av at FN sine berekraftsmål fungerer som rettesnor i arbeidet med å inkludere born og unge i kultur, idretts og friluftsaktivitetar.

Dette gjeld m.a. oppfølging av Meld. St. 40 (2020-2021). Her er vi opptatt av punkta om låginntektsfamiliar og styrking av omsynet til sosial berekraft og fysisk aktivitet i samfunns og arealplanlegging.

Kulturbygga er viktig brikke i dette arbeidet. Samstundes ser vi at mens kommunane generelt har høg k ompetanse på korleis dei skal rettleie og hjelpe idrett en med t.d. søknadar knytt til idrettsanlegg, er den tilsvarande dårleg på organisasjonseigde kultur hus Her er det viktig at det vert gitt føringar eller tilskot til utarbeiding av t.d. kommunedelplanar, der det mang faldigekulturlivet vert likestilt med idretten.

Formål med kommunedelplanar for idrett og fysisk aktivitet er å lage et politisk og administrativt styringsverktøy i perioden. Slike planar dannar eit grunnlag for en behovsstyrt og realistisk utvikling og prioritering av idretts nærmiljø og friluftsanlegg i kommunen. Det krev aktiv samfunnsplanlegging for å ivareta d e sse interessene i arealforvaltninga, og for å få til ein fornuftig tilrettelegging og organisering av de ulike aktivitetane. For å oppnå dette vert det stadig viktigare å utvikle gode planer som politiske styringsreiskapar for utvikling innanfor kultur,
idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Styrking av kulturlova og plan og bygningslova der organisasjonseigde kulturhus vert sidestilt med idrettsanlegg vil vere eit viktig skritt i riktig retning for å auke statusen til desse husa. Her er det viktig at departementet tek initiativ til å utvikle rettleiarar av den typen vi har for idrettsanlegg og at dette skjer i nært samråd med kulturfrivilligheita. (1)

(1) Som t.d. Kommunal planegging for idrett og fysisk aktivitet (revidert utgåve 2014)

Fleire politiske dokument

Sjå alle
Politikk

Høyringssvar til forslag til endring i forskrift for straumstøtteordning for frivillige organisasjonar

Innspelet vart sendt til Kultur og likestillingsdepartementet 18. desember 2023. Kontaktperson: Christoffer Knagenhjelm. E-post: christoffer@ungdomslag.no. Mob. 48 00 48 17.

Politikk

Innspel til strategi for kulturfrivilligheit

Samla innspel frå Noregs Ungdomslag til ny strategi for frivilligheita. Innspelet vart sendt 31. januar 2023. Regjeringa sin nye strategi finn de her: Rom for deltakelse - regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023-2025) - regjeringen.no

Politikk

Innspel til ny Kulturmiljølov

Høyringinnspel av styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen og generalsekretær Magni Hjertenes Flyum om ny kulturmiljølov. Innspelet vart sendt 1.2.2023 til Klima- og miljødepartementet.