Hopp til hovedinnhold

Når uhellet skjer

Sjølv om vi er aldri så forsiktige, så kan det skje uhell. Vi ber gjerne bunaden på dagar med mykje aktivitet, og både frukostar og barneaktivitetar inneber ein risiko for søl.

Dersom du får ein flekk på bunaden, prøv å fjerne han så fort som mogleg. Prøv å suge opp flekken ved å trykke på han med eit kvitt tørkepapir, eller ein fuktig klut – ikkje gni på flekken.

Dersom du ikkje veit kva flekken er, prøv først med kaldt eller lunka vatn. Dersom dette ikkje fungerer kan du prøve med Zalo-vatn eller sprit.

Flekkfjerningsguide

Leppestift: flekkfjerningsmiddel for fett – til dømes Zalo.

Is: lunka vatn tilsett biologisk blautleggingsmiddel. Treterpentin. Deretter ammoniakkoppløysing.

Sjokolade: varmt vatn og flekkfjerningsmiddel som fjernar fett (Zalo).

Oppkast: Reint, varmt vatn.

Brus og mineralvatn: Varmt vatn.

Tusj: Rein alkohol.

Vin: Om anna absorberande stoff ikkje er tilgjengeleg kan du nytta potetmjøl eller salt. Deretter har du på varmt vatn. Gjenta til flekken er borte.

Sot: bruk støvsugar fyrst for å fjerne alle partiklar. Bruk så flekkfjernar for feitt, og gjenta prosessen til flekken er borte.

Kaffe: Ammoniakk, såpe og lunka vatn. Dersom naudsynt kan du bruke feittfjernar.

Kjelder: Krivi, Norsk Flid, Institutt for bunad og folkedrakt

to jenter i bunad som har oppdaga ein flekk på forkleetto jenter i bunad som har oppdaga ein flekk på forkleet