Hopp til hovedinnhold

Oppbevaring

For at bunaden skal halde seg fin i mange år må den oppbevarast på rett måte. Bunadpose i bomullslerret anbefalast, da møllen ikkje et bomull.

Pass på at posen dekk heile bunaden, slik at møllen ikkje kjem seg inn nokon plass. Unngå at det er fukt igjen i bunaden når den hengast bort. Dersom du har moglegheit, heng gjerne bunaden ut i frisk (gjerne kald) luft før den hengast bort. Då fjernast eventuell lukt og fukt.

Oppbevaring etter bruk

Bunad med bukse/nikkers:

Heng opp bukse, vest og jakke. Buksa hengast på tverrslaget, saman med halstørkle, strømpeband og bukseselar. Ullstrømper leggast på tvers i botn av posen. Då har du alt samla på ein stad.

Bunad med stakk:

Bunaden bør ikkje henge i heil lengde. Det skal vere sydd hempe i samansying mellom vest og stakk. Vreng vesten ned i stakken og heng bunaden på hempene for minst mogleg belasting på stoffet.

ei kvinne og ein mann kledd i bunadei kvinne og ein mann kledd i bunad
Foto: Noregs Ungdomslag, Anne Marte Førr
svart kvitt bilete av ein møllsvart kvitt bilete av ein møll

Møll

Skulle du vere så uheldig å få møll i bunaden, rist han godt og frys heile bunaden over natta for å drepe eventuelle egg. Deretter børstar du og ristar han godt igjen.

Skjorta bør ikkje henge. Skjorter av bomull eller lin er trygge for møll, da møllen ikkje et desse materiala. Dersom du har silkeskjorte bør denne oppbevarast i ein bomullspose, til dømes eit gamalt putevar, slik at møllen ikkje kjem til. Det er også anbefalt å bruke kleshengar i sedertre, som gir eit ekstra vern mot møll.