Hopp til hovedinnhold

Stakk og vest

Februar er ein god tid på året å ta fram bunaden og sjå over om den er rein og fin. Dersom du har moglegheit til å hengje bunaden ut til lufting, er det lurt å gjere det før våren kjem og det enda er kaldt i lufta. Da får du bukt med eventuelle smådyr som er glad i tekstilar, og som vaknar til live når det blir varmt. Bruk ein mjuk kost til å børste av stakkekanten og fjerne rusk, dersom du ikkje gjorde dette etter bruk førige gong.

  • Stryk på vrangsida av bunaden.
  • Legg eit fukta kjøkenhandkle over bunaden når du stryk. Då unngår du at stoffet blir blankt.
  • Det er ikkje anbefalt å bruke damp på strykejernet når du stryk bunadsstoff
  • Det er viktig å handtere heile bunaden likt, men broderia må strykast lettare slik at det ikkje blir flatt.
  • Etter stryking er det lurt å henge bunaden på ein kjøleg stad til lufting.
  • Du kan godt reinse bunaden, men sørg for at reinseriet har kompetanse på bunad.

Kjelder: Krivi

sju kvinner i bunadersju kvinner i bunader
Foto: Noregs Ungdomslag, Anne Marte Føre