Føremålet med fondet er å yte tilskot/stipend til kurs og andre opplæringstiltak som kan styrke medlemmar i Noregs Ungdomslag i dei aktivitetane og det arbeidet desse utfører for organisasjonen. Opplæringsfondet gir støtte til kursavgift, utgifter til kursmateriell og utgifter til reise og opphald, men ikkje til honorar. Medlemmer i NU og lag i NU kan søkje om midlar på vegne av eigne medlemmer, og styret i NU avgjer kven som skal få tilskot, i tråd med retningslinjene for fondet.

Søknadsfrist 15. januar kvart andre år (partalsår). 

Det er ikkje utarbeidd eige søknadsskjema. Søknad sendast Noregs Ungdomslag i post eller på e-post. post@ungdomslag.no

Føremålet til Ole Bulls Fond er å gi støtte til unge skodespelarar, musikarar, og bygdeungdom under musikkopplæring. Stønaden kan vere i form av individuelle stipend eller til kursverksemd, og søkjarane må helst halde til på Vestlandet. Ein søknad må innehalde budsjett, opplysingar om utdanning og eventuelle tidlegare motteke stipend. Søknaden må sendast til forretningsførar for fondet: toreludvigolsen@remove-this.gmail.remove-this.com.

Det er Stiftelsen Musikkselskapet Harmonien, Den Nationale Scene, Griegakademiet, Sjøforsvarets Musikkorps og Noregs Ungdomslag som forvaltar fondet.

Søknadsfristen: 5. januar 2019

Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til Noregs Ungdomslag, Ole Bull akademiet, Hordaland teater eller Griegakademiet.

Føremålet med Eufemia-fondet er å stimulere til dramatisering av lokale soger, historiske hendingar, segn, folkelege historier og eventyr. Fondet vart oppretta av dramatikaren Peder W. Cappelen og skal stimulere til dramatisering av lokale soge, historiske hendingar, segn, folkelege historier og eventyr. Det er søknadsfrist medio november kvart andre år (partalsår). Søknadssum: kr. 9000.

Oppfyller ditt lag sin produksjon føremålet? Send ein søknad med budsjett der du fortel om innhaldet i produksjonen. Det vert kun delt ut stønad til eitt lag. Har du spørsmål knytt til søknaden tar du kontakt med administrasjonen i NU på post@ungdomslag.no