EU sitt ungdomsprogram for ikkje-formell læring. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 30 år og dei som arbeider med ungdom. Aktiv Ungdom fordeler 16 millionar kvart år til ungdomsprosjekt i Noreg og i Europa.
Les meir på nettsida til Aktiv Ungdom​​​​​​​​​​​​​​

Stiftelsen Clara Lachmanns fond er eit skandinavisk kulturfond. Prosjekt som får støtte må ha ein klar skandinavisk vinkling og omfatte meir enn eitt skandinaviskt land. Skal de til dømes på studietur til eit anna skandinavisk land - kan du søke om støtte her.

Fondet er oppretta for å gi godgjørelse til rettighetshavere for den lovlige kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete. Søknadsfrist 1. februar og 1. september.

Les meir på kulturrådet sine nettsider. 

Grasrotandelen er ei ordning som inneber at alle som spelar på eit av Norsk Tipping sine spel, kan velje at inntil fem prosent av spelarinnsatsen deira skal gå til ein bestemt frivillig organisasjon.

Berre frivillig verksemd som er registrert i Frivilligregisteret, kan delta i grasrotdelen. Om ei eining har rett på grasrotdel eller ikkje er avhengig av korleis verksemda blir driven. For å delta må ein vise til at verksemda blir driven berre på lokalt/regionalt nivå. 

Les meir på nettsida til Norsk Tipping

KOMP er ei stønadsordning for kortare kurs, opplæringsprosjekt og andre kompetansehevende tiltak innafor dei rytmiske sjangrane som rock, jazz, norsk og samisk folkemusikk, verdensmusikk, blues, viser, hiphop etc. 

KOMP støtter kveldskurs, dagskurs, helgekurs, vekeskurs og sommarkurs. Det gis primært stønad til innhenting av eksterne instruktørar (honorar, reise, opphald), ev. også særskilte kostnader til leie av seminarlokaler.

Frist 15.desember.

Lenke til nettside: http://www.musikk.no/komp/

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) forvaltar ei rekkje støtterodningar. På heimesidene til LNU finn du meir informasjon om desse, mellom anna om:

  •  Mangfald og inkludering, som gir støtte til prosjekt som set fokus på mangfald, haldningar og deltaking
  •  Kulturmidlane, som er ei prosjektstøtteordning til større kulturprosjekt i regi av landsdekkande barne- og ungdomsorganisasjoner.

LNU forvaltar også fleire støtteordningar for internasjonalt prosjektarbeid.

Les meir på LNU sine nettsider.

Gjennom Norsk kulturråd kan ein søkje om tilskot til ulike tiltak:

  • Arrangørstøtteordning (For deg som arrangerer konserter gjennom heile året.)
  • Produksjon/formidling/arrangement: (Festival, forestilling, konsert, turné, utstilling,barn og unge, seminar/workshop/andre formidlingstiltak)
  • Utøvande/skapande verksemd (Musikk, teater/dans/performance, opera, billedkunst/kunsthåndverk/foto)
  • Utgjevingar: (litteratur og tidsskrift, kunstfaglige publikasjonar, barn og unge, musikk)
  • Andre områder i Kulturfondet (kulturvern, tverrfaglege prosjekt, kulturelt mangfald, rom for kunst)
  • Støtte utanfor Kulturfondet (EUs kulturprogram, andre fond)

Les meir på kulturrådet sine nettsider.

Musikkutstyrsordninga skal administrere offentlege tilskot til teknisk utstyr for spelestader, klubbar, arrangørar, øvingsfellesskap, samt til utvikling, tilrettelegging og byggjing av øvings- og framsyningsslokaler innan musikk og teater. For mindre prosjekt og søknader frå små øvingsfellesskaper gjeld to søknadsfristar i året. Desse er 1. mars og 2. september. For større prosjekt og søknader er det ingen søknadsfrist.

Les meir på musikkutstyrsordninga sine netttsider.
 

På Ole Bull sin fødselsdag, 5. februar, kan det delast ut eitt eller fleire stipend til yngre (under 35 år) musikarar, skodespelarar og til bygdeungdom under musikkopplæring. Stønaden kan vere i form av individuelle stipend til å dekke kostnader ved vidare utdanning i form av kurs eller studieopphald, eller til innkjøp av instrument eller liknande. Søkjarane må helst halde til på Vestlandet. Ei normal ramme for eit stipend vil vere kr 10 000. Søknaden må innehalde budsjett, opplysingar om utdanning og eventuelle tidlegare motteke stipend, og søknaden må sendast til forretningsførar for fondet: toreludvigolsen@remove-this.gmail.remove-this.com.

Det er Stiftelsen Musikkselskapet Harmonien, Den Nationale Scene, Griegakademiet, Sjøforsvarets Musikkorps og Noregs Ungdomslag som forvaltar fondet.

Søknadsfristen: 5. januar 2020

Søknadsskjema  lastar du ned her!

Stønadsordning for aktivitet i Akershus, Buskerud, Oppland, Oslo, Telemark, Vestfold og Østfold, i tillegg til Ringsaker kommune i Hedmark. 

Les meir på nettsida til Sparebankstiftelsen

Rådet for folkemusikk og folkedans har to støtteordningar: Prosjektmidlar og små og raske midlar. Søknadsfrist for prosjektmidlar er 15.mars og 1.oktober. Søknader om små og raske midlar har løpande søknadsfrist. Søknadar må sendast på eigne skjema.
Les meir på Rff sin søknadsportal