Søk kompensasjon!

Krisepakke 3 for frivilligheita
Kompensasjonsordninga for friviligheita blir vidareført ut året. Krisepakke 3 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. desember 2020. Det er verdt å merke seg at tapet må være på meir enn 25.000 kr for heile denne perioden samanlagt. Det inneber at lag som tidllegare ikkje har søkt, no kan få moglegheit til å få sine inntektsbortfall kompensert. 

Døme på arrangementer som fell innanfor ordninga er blant anna konsertar og framsyningar, kurs og seminar, leir og større samlingar, oppvisningar og utstillingar, oppleving- og aktivitetstilbod, loppemarknad og anna bruktsal, basar og bingo som ikkje har latt seg gjennomføre på anna måte, m.m.

For å stimulere til aktivitet, er det frå 1. november lagt inne ei vesentleg endring: Frå denne dato vil inntektstap bli kompensert med 70% for dei som gjennomfører arrangement, mens dei som avlyser vil få redusert kompensasjonen til 50%. Reduksjon til 50% gjeld ikkje om avlysninga kjem etter forbod som følgje av lokale tiltak.

Les meir og søk her!

Kulturrådet si tilskotsordning
Det er no opna for søknader frå frivillige organisasjoner via Kulturrådet si tilskotsordning. Dette har tidlegare ikkje vore mogleg, og kan til dømes vere aktuelt om de må avlyse ein større julekonsert. 

I forskrifta for ordninga til Kulturrådet står det vidare: 

«Forutsetningen for å søke er at man ikke har mottatt midler fra Kulturdepartementets andre støtteordninger som følge av covid-19, for samme arrangement som det søkes om tilskudd til under denne ordningen, eller har eller kan få bidrag til å gjennomføre arrangementet fra forsikring, avtale e.l.»

Det kan gis tilskot til billetterte kulturarrangement som: 

  • er opne for allmennheita i perioden 1. oktober til og med 31. desember 2020
  • må redusere antall fysiske deltakarar på kulturarrangementet på grunn av pålagte krav eller begrensningar knyttet til covid-19 og er budsjettert med driftstap før tilskot. Les meir her!.