Vaksenopplæringsmidlar

Studieforbundet kultur og tradisjon disponerer penger som blir løyvd til vaksenopplæring over statsbudsjettet. Noregs Ungdomslag er ein av medlemsorganisasjonane i studieforbundet, og dette gjer at alle lokal- og fylkeslag kan søkje om støtte derifrå.

For å få kursstøtte, må kurset vere innmeldt hos studieforbundet på førehand, kurset må vere på minst 8 timer, og minst 3 deltakarar må ha møtt fram på 75% av kurset. Godkjent studieplan må være med i søknaden. Les meir og send søknad gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon sine nettsider www.kulturogtradisjon.no