Vil du arrangere neste Småleik?

Vi ynskjer gjerne at fleire kan arrangere Småleik alle moglege stader i landet. Dersom du vil arrangere, eller berre er nysgjerring, kan du ta kontakt med Noregs Ungdomslag for å finne ut korleis vegen går vidare, sjå kontaktinfo her.

Ein av dei store suksessane med Småleik 2019 var at ein fekk skape eit nettverk mellom dei eksisterande laga og organisasjonane i området. I tillegg fekk ein løfta fram gløymde musikk- og dansetradisjonar frå området. Dette håpar vi at fleire har lyst til å få til i sine områder og lag rundt om i landet. Det er bygd opp masse kompetanse og erfaring i etterkant av fyrste Småleik som vi gjerne vil bringe vidare til komande arrangører av både Småleik såvel som andre type arrangement.

Ved å arrangere Småleik får du tilgang til Småleikpakka som inneheld mellom anna:

  • Logo
  • Malar til design av trykt materiell
  • Bilder frå Småleik 2019
  • E-postkonto
  • Domene for nettside
  • Beredskapsplan
  • Sluttrapport for 2019 med vedlegg
  • Arrangørhandbok

Arrangørhandboka bygger på erfaringane frå Småleik og er eit godt verktøy for deg som skal arrangere ulike arrangement. Boka er utforma av Noregs Ungdomslag og ligg gratis tilgjengeleg for alle som ynskjer å bruke den lenger ned på denne sida. 

Last ned handboka her

Arrangørhandboka er tilgjengeleg for alle å bruke, trykk på linja under for å laste ned heile handboka.

Sjå film frå Småleik her

Om Småleik

Sommaren 2019 vart det for fyrste gong skipa til eit stort stemne for born og ungdom, kalla Småleik. Stemnet fann stad i Oslo med verkstader i dans, spel og song, samt mykje sosiale aktivitetar. Dette var ei storsatsing som fekk mykje ekstern støtte og hadde fleire forprosjekt. Arrangør av stemnet var Barnelaget i Oslo, Unge folkemusikere i Oslo, Leikarringen i BUL Oslo og Noregs Ungdomslag.

Småleik har ei side på Facebook som du kan kike på ved å trykke her.

 

 

Foto: Thor Hauknes og Ingvil Skeie Ljones.

Fleire foto finn du på Flickr.