Sommarleiren

Sommarleiren i Noregs Ungdomslag er organisasjonens nasjonale møteplass for ungdom i alderen 13-25 år som skipast i juni/juli kvart år. Sommarleiren vert skipa ulike stader i landet, ofte på folkehøgskular eller liknande. På sommarleiren kan ein delta på kurs i teater, dans, musikk og mykje meir. I tillegg til kursprogram legg vi stor vekt på samvær med andre ungdomar innanfor trygge rammer. På kveldane er det mange aktivitetar, frå dansefest til konkurransar og improkappleik der vi testar ut teatersport. Vi legg også opp til utflukt i nærområdet laurdagen. 

Deltakarane på leiren er i alderen 13-25 som er eit ganske stort aldersspenn, men som berre har synt seg å vere ei styrke for leiren og det sosiale miljøet. Noregs Ungdomslag er ein generasjonsorganisasjon som har lange tradisjonar for å invitere til tilskipingar på tvers av aldrar, og har god erfaring i å la både yngre og eldre ungdom møtast gjennom aktivitet og sosialt samvær. Dei eldste deltakarane har som oftast sjølv vore med i mange år og veit korleis det er å vere blant dei yngste. Deltakarane våre er flinke til å ta vare på kvarandre og til å inkludere alle.

Les meir om Sommarleiren her.

Sommarleiren 2021

Sommarleiren 2021 skulle eigentleg finne stad på Trøndertun folkehøgskule i Melhus i Trøndelag frå 29.juni – 4.juli, men styret har av omsyn til pandemien avgjort å avlyse Sommarleir 2021. Som alternativ kjem styret til å jobbe for å få til andre tilskipingar for ungdom seinare på året. Sommarleir er vanlegvis slik at du i løpet av ei knapp veke vil kunne delta på ulike kurs, sosiale aktivitetar og opplevingar, og ikkje minst skape nye minne og knytte vennskap med andre ungdommar som deler deira interesse.

Informasjon om Sommarleiren 2022 kjem etter kvart.

Haustsamling med HilmarUng

12.-14. november 2021 skal vi samarbeide med Hilmarfestivalen og HilmarUng om ei haustsamling for ungdom i Steinkjer. Vi håpar du vil vere med, litt som ei erstatning for manglande sommarleir to år på rad.

Det vert kurs i teater, demokrati, swing, folkedans og musikk i tillegg til mange kjekke sosiale aktivitetar og besøk på Hilmarfestivalen.

Les meir om dette her.