VÅR DAG - 22. februar 2022

I 2022 er det Frivillighetens år. Målet er å lage ein stor, nasjonal fest kor vi løftar fram innsatsen som vert lagt ned kvar dag: av medlemmar, deltakarar, aktivistar, givarar, frivillige og støttespelarar. Vi skal rett og slett feire Noregs viktigaste lagarbeid. Som del av Frivillighetens år, kan kvar organisasjon velje seg ein dag for å vise fram sitt formål og sine aktivitetar over heile landet.

Styret i Noregs Ungdomslag har valt seg tysdag 22.02.2022 som VÅR DAG. Datoen ville ha vore 160-årsdagen til Hulda Garborg som var ein sentral person for ungdomslagsrørsla.

Noregs Ungdomslag ønskjer å nytte denne dagen til å feire rørsla vår med mottoet “Levande lokalkultur”. Lokallag over heile landet vil feire med rusfrie arrangement som samlar folk i alle aldrar - i felles glede og aktivitetar. 

 

Om støtteordninga

Sparebankstiftelsen DNB støttar VÅR DAG-kampanje og heile 5 millionar kroner skal delast ut i støtte til lokale arrangement. Maks søknadsbeløp per arrangement/markering er 25 000 kroner. 

Korleis ditt lokallag ønskjer å markere dagen, er heilt opp til dykk. Det viktigaste er at de skal vise fram kven og kva de er i lokalsamfunnet.

Det følgjer likevel med nokre krav for å få støtte: 

  • Lokal- og fylkeslag i NU skal legge sine arrangement til tysdag 22. februar 2022
  • Arrrangementet skal vere rusfritt og ope for alle
  • Arrangementet må vere med å synleggjere lokallaget, samt Frivillighetens år i lokalsamfunnet
  • De må samarbeide med anten ei anna foreining, eller med ein offentleg aktør - som eit bibliotek eller liknande. Det er ikkje eit krav at partneren stiller med pengar.

På nettsidene til Frivillighetens år 2022 finn du dei fullstendige retningslinjene for søknad om støtte til dagen. I søknadsskjema må ein også oppgje organisasjonsnummer til sentralleddet, då oppgjer de Noregs Ungdomslag sitt organisasjonsnummer som er: 939 550 550.

Sjølve søknadssida ser ut til å vere laga i eit engelsk program. Om de får problem med å forstå innhaldet, må de gjerne ta kontakt med sekretariatet i Frivillighetens år. Her er lenka til sjølve søknadsskjemaet: https://vardag.smapply.io

NB! Søknadsfristen er 17. oktober 2021!

 

Aktivitetsliste

Her er ei liste til inspirasjon til kva ditt lokallag kan gjere på VÅR DAG 22. februar 2022. Lista er til inspirasjon, og det finst eit hav av andre ting ein også kan gjere for å markere denne dagen, til dømes dansefest, loppemarknad eller andre ting ditt lag trivst med å gjere.

 

  • NU-dansen

I anledning NU si 125års-feiring i 2021 blei det utvikla ein dans med tilhøyrande musikk. Denne anbefalar vi å ta i bruk og gjerne filme dykkar eige innslag og sende til oss i NU.

  • Rationelt fjøsstell

Rationelt fjøsstell er ein farse skreve av Hulda Garborg i 1896. Stykket er mykje brukt av ungdomslaga og er eit av dei mest spelte stykka i norsk teaterhistorie. I 2021 fekk Noregs Ungdomslag Olaug Nilssen til å modernisere stykket, og sette handlinga inn i ein tematikk som ein kan relatere seg til no. Det er også lagt til at dei som sett opp stykket, kan tilpasse manus til dei lokale forholda der det skal bli spelt.

  • Lokale samtalemøte om bunadbruk

Hausten 2021 har samarbeidsorganisasjonane i prosjektet “Bunad til UNESCO” reist rundt i Noreg for å ha regionale samtalemøter. Der blei det også oppmoda til å halde lokale samtalemøte. Kvifor ikkje bruke VÅR DAG, og Hulda Garborgs bursdag til å snakke om bunad?  For meir informasjon om slike lokale møte: https://www.bunadbruk.no/lokale-moter

  • Frivilligheitspris

Frivillighetens år blir opna 5. desember 2021 med opningsshow og utdeling av friviligheitsprisar på nasjonalt nivå. Kvifor ikkje markere VÅR DAG med å dele ut frivilligheitsprisar til eldsjelene i dykkar lokalmiljø?