Folkedansen i NU

Hulda Garborg var også opphavet til ei av dei sterkaste uttrykksformene i ungdomslaga og NU: folkedansen. Dansen lanserte ho første gongen på ein marknad i regi av Bondeungdomslaget i Oslo i mars 1902, og interessa var så god at ho same året drog til Færøyane for å lære om folkevisedansen der. Seinare samarbeidde ho mykje med Klara Semb (1884–1970) om utviklinga av ein eigen norsk folkedansetradisjon. Også Semb vitja Færøyane. Ho gav ut fleire rettleiingsbøker for dansen og reiste mykje rundt og dreiv opplæring.

Før songdansen kom, var runddans (gammaldans) vanleg i ungdomslaga. Etter press frå folkeviseleikarane innførte NU i 1917 forbod mot runddans på lagsmøta i organisasjonen. Ein del av bakgrunnen for dette låg nok i at runddansen var knytt til dansefestar med alkoholbruk og fyll. Folkedansen hadde ikkje slike hefte hengande ved seg.

Satsinga på folkedansen følgdest åt av ei satsing på folkedrakter – bunader. Slike klede kom meir og meir i bruk som festdrakter frå hundreårsskiftet og utetter. Også på dette området var Hulda Garborg og Klara Semb pionerar. Førstnemnde forma ut ein bunadstype som vart svært populær over heile landet, og som i dag berre går under namnet «Hulda Garborg-drakt».

Hovudpoenget for Garborg var ikkje å ta vare på dei gamle kledetradisjonane. Ho la derimot stor vekt på å komponere plagg som passa inn i tida. Klara Semb hadde ei heilt anna haldning til dette – ho arbeidde for å få inn meir tradisjonelle kjenneteikn og fjerna mykje av dei moderniserte mønstra.

 

Pionertida

1902 kan seiast å vere starten på historia om folkedans i NU, og dermed den organiserte folkedansen i Noreg. Hulda Garborg (fødd 1862), var ein leiande person i kulturdebatten på den tida. Ho fann grobotn i NU for tankane sine om nasjonsbygging gjennom bruk av norsk kulturtradisjon, og valde derfor dette forumet for arbeidet sitt innan både teater og dans. Med inspirasjon frå Færøydansen skapte Hulda ein norsk songdans som fekk sitt store gjennombrot på marknaden til Bondeungdomslaget (BUL) Oslo den 7. mars 1902.

Før songdansen kom, hadde ungdomslaga vanskar med å finne høveleg moro på møta sine. Den vanlege dansefesten der det blei dansa runddans, og på sine stader bygdedans, var problematisk i forhold til alkoholsaka. Folkeviseleiken (songdansen) var ei kjærkomen erstatning for mange lag som før hadde brukt marsj og songleikar, gjerne med banale eller svenskprega tekstar. Ungdomslaga la aldri skjul på at songdansen var nyskapt. No ville ideologane i laget kaste ut den såkalla runddansen. Bygdedansen såg ut til å bli tolerert og oppmuntra frå sentralt hald, om ein berre fekk bukt med drikkekulturen. Den meir moderne 1900-talsdansen som til dømes foxtrot, tango og onestep blei sett på som utanlandsk og ikkje akseptert.

Etter kvart var det Klara Semb som vidareførte Hulda Garborg sitt danseprosjekt. På dei mange reisene sine rundt om i landet lærte ho bort, teikna ned dansar, utvikla terminologi og laga dansemåtar til endå fleire viser. Turdansen (musikkdans) blei nå ein del av folkedansrepertoaret. Fleire leikleiarar og reiseinstruktørar var aktive i denne tida.

Hulda Garborg og Klara Semb var dei første til å skrive rettleiingsbøker i folkedans, og Noregs Ungdomslag har seinare gjort eit stort arbeid med å revidere bøkene (Norske folkedansar - turdans og Norske folkedansar – songdans)

Noregs Ungdomslag vedtok tidleg på tjuetalet eit forbod mot å danse runddans på lagsmøta i organisasjonen. Dette skapte stor strid. NU brukte store ressursar for å lære dei unge folkeviseleik og for å få ned alkoholbruken. Forbodet mot runddans blei oppheva i 1957.

På tjue- og trettitalet gjekk alt framover i ungdomslaga, på alle frontar. Dansen utvikla seg og instruktørane fekk meir kunnskap og erfaring. Det blei arrangert store stemne på fylkes-, nasjonalt og nordisk nivå. Dei største med 12 000 tilskodarar og 1000 dansarar. Instruktørkursa gjekk i perioden over to og tre veker på sommaren.

Dei første åra under andre verdskrig reiste Klara Semb framleis, og ho blei etter kvart eit samlingsmerke i motstandskampen. Då nazistane tok over, satsa dei hardt på å vise at dei hadde støtte i laga. Forbodet mot runddans blei handhevd mykje kraftigare enn nokon gong, medan songdansen framleis var lovleg. Songdansen, og særleg tekstane med nasjonalt bodskap, blei derfor eit viktig uttrykk for motstand i denne tida. “Vardevakt” blei dansa som avslutning på alle landsstemna etter krigen.
 

Tida etter krigen
I tida etter krigen føregjekk ei omfattande omorganisering i NU, og det blei bygd opp ein sterk fagleg organisasjon på alle plan. Store faglege debattar gjekk etter tur i perioden fram mot åttitalet. Klara Semb innførte attersteget i si nye bok, noko som var ein enklare variant av Hulda Garborg sitt steg. Stor var også debatten kring forbodet mot runddans, men aller størst var nok diskusjonen kring 1900-talsdansen sin innpass i repertoaret hos leikarringane.

I 1950- og 60 åra deltok NU med store produksjonar og mange delaktige, samt som arrangør og organisering, både på nordiske og internasjonale stemne. Etterkrigstida var ei ny glanstid for folkedansen i NU, noko ventelister for å ta instruktøropplæringa og vekeslange repetisjonskurs syner. Men trass i dette begynte medlemstalet å gå nedover. Folkeflyttinga til byane får mykje av skulda. Resultatet av endringa i samfunnet var at laget på bygda mista medlemmer, og bylaga fekk fleire medlemmer og sterkare fagleg miljø enn nokon gong. Leikstyret i NU blei i denne perioden omgjort til Leikråd.

Tid for nytenking og nytt materiale 
Som reaksjon på dalande interesse og medlemstal, blei ulike tiltak sett i gong. I 1967 blei det for første gong tilsett reiseinstruktør på landsplan i NU. Gunnar Rødal reiste Noreg på kryss og tvers for å halde folkedanskurs for barn og vaksne, på skular og i lokallag. Gunnar var tilsett i NU i to periodar 1963 - 1967 og 1971 – 2001, og blei i 2009 tildelt Kongens fortenestemedalje for innsatsen.

På 1960-talet starta NU for første gong opp arbeid med berre ei definert målgruppe, nemleg barn. Landsstemne og fylkesstemne for barn var populære tiltak og viktige møtestader.

På 1970-talet blei det igjen stor interesse i samfunnet for “alt som var norsk”. Medlemstalet i NU begynte å stige att og folkedans og folkemusikk blei ein populær aktivitet. Mange unge fekk interessa for folkemusikk og folkedans som student eller på folkehøgskole. I denne perioden var det heile seks rådgjevarar og instruktørar i folkedans tilsett i NU, i tillegg til fleire tilsette som reiseinstruktørar i fylkeslag rundt om i landet.   

I boka “Danse danse lett” (1970) lanserte folkedansforskaren, Egil Bakka, eit nytt og revolusjonerande system for å skildre dansesteg. Nytenkinga skulle seinare mellom anna påverke den reviderte utgåva av Klara Semb sine rettleiingsbøker.

I 1972 blei Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) etablert som eit bindeledd mellom alle som arbeidde med folkemusikk og folkedans. Eit år seinare fekk rådet sitt eige sekretariat, og er i dag ein sjølvstendig institusjon. Professor i folkedans, Egil Bakka, og professor i folkemusikk, Bjørn Aksdal, har hatt særleg stor påverknad heilt frå starten.

Fokus på lokal tradisjon og forsking
På 1980-talet blei den faglege tynga på kontoret og i leikrådet (nå folkedansrådet) styrka. Nye studietilbod ved Rff-sentret hadde mellom anna ført til at formell kunnskap kunne krevjast. Dette førte til fleire fagpolitiske diskusjonar og mange store prosjekt. Her kan ein til dømes nemne revidering av instruktøropplæringa, arbeid for å få folkedans inn i grunnskulen, dokumentering og fagleg arbeid med sving-tradisjonen, samt utgjeving av ei rekke bøker, hefter og innspelt musikk.

Lokal forankring og tradisjon fekk meir og meir fokus og ein begynte dermed å diskutere omgrep som folkeleg dansestil og tradisjon. Interessa for danseforsking auka og det blei arrangert fagseminar og publisert artiklar og rapportar, samt gjort eit stort dokumentasjonsarbeid av lokale variantar av songleik, turdans, bygdedans, runddans og sving. Songdansen er i større grad enn turdansen konstruert av Hulda Garborg og Klara Semb, men også denne danseforma utvikla seg mykje i denne perioden. For i større grad å vise heilskapen i danseformene, vedtok NU å ta utgangspunkt i tradisjonelle danseformer som grunnlag for songdanssteg og metodikk. Etter dette blei det gitt ut fleire hefter med dansemåtar til lokale viser. I 1985 var det store arbeidet med å revidere songdansboka og turdansboka (Klara Semb) ferdig. Den nye utgåva skapte diskusjon då nye forskingsresultat og prinsipp påverka både repertoar, musikk og dansemåte.

Ulike tevlingar blei oppretta for å inspirere og engasjere grupper og enkeltpersonar til fagleg kvalitetsarbeid og til å delta på Landsstemne; Feleknappen (1968), Framsyningskappleiken (1987) og Spelmerket (1995) var populære tiltak som skulle motivere, inspirere og fremje kvalitet og nyskaping.

Brytningstid 
1990-talet var prega av økonomisk krise, nedgang i medlemstal og dramatiske kutt i årsverk på NU-kontoret, men også av stor feiring av 100-årsjubileum, samt lobbyverksemd som førte til at folkedansarbeidet i NU fekk eigen post på Statsbudsjettet.

På NU-kontoret måtte ein omorganisere, og fagleg kompetanse på folkedans og -musikk blei nedprioritert i ein lang periode. Med stor innsats frå tillitsvalde og eldsjeler klarte ein likevel å arrangere store folkedansarrangement, som til dømes Barnlek på Gjøvik i 1995 og Nordleik i Stavanger i 2000. Etter kvart klarte ein også å få direkte tilskot til folkedansarbeidet over Statsbudsjettet, tilsetje ein kulturkonsulent med fagleg kompetanse i folkedans, samt fullføre arbeidet med det lenge etterlengta undervisningsopplegget Danselyst.

Dei økonomiske utfordringane i NU og trenden i samtida førte til at ein måtte prioritere annleis. Det blei viktigare enn nokon gong å rekruttere deltakarar utanfrå. Landsstemne blei til dømes omgjort til Folkekulturfestival, Sommarkursa hadde få deltakarar i mange år og blei i 2009 lagt ned, og det internasjonale arbeidet fekk mindre fokus. Instruktøropplæringa i folkedans blei grundig evaluert og revidert fleire gonger i perioden. Mens ein på 80-talet hadde stort fokus på aktivitet for barn, var det nå fylkeslaga og lokallaga som skipa møtestader for denne aldersgruppa. Ut over 2000-talet blei også desse møtestadane færre. Ungdom blei definert som hovudmålgruppe for arbeidet og ein støtta dei fylkesvise Ungdomsringane rundt om i landet, samt skipa til samling for ungdom i framkant av Folkekulturfestivalen. Samlinga blei kalla for Noregs Ungdomsring (NUR). I 2010 blei Folkekulturfestivalen erstatta med nyvinninga Folkedansfestivalen og NUR endra namn til Sommarleiren i NU.  

Den fagpolitiske plattforma til NU finn du her.

 

Kjelder:
Aksdal, Bjørn og Sven Nyhus: Fanitullen (1993)
Semb, Klara: Norske Folkedansar - Songdansar (1985)
Semb, Klara: Norske Folkedansar - Turdansar (1991)
Bakka, Seland, Vårdal: Grunnbok i folkedans (1986)
Kløvstad, Jan (red.)“Ungdomslaget,”
Årsmeldingar for NU (1980 – 2009)

Kva er norsk folkedans

Forskarane reknar med at vi har seks hovudgreiner av folkedansar i Noreg: Bygdedans, runddans (gamaldans), turdans, songdans, songleik og 1900-talsdans. Noregs Ungdomslag arbeider som den einaste organisasjonen i landet fagleg og politisk med alle desse danseformene.

Her kan du lese meir om dei ulike danseformene:

Bygdedansane er dei eldste og mest særmerkte blant norske folkedansar. Bygdedansane var dei mest vanlege dansane i vårt land før runddansen vart populær. Dei eldste bygdedansformane kom til Noreg kanskje allereie på 1500-talet, og har gjennom tida teke farge av stilideal i ulike tidsepokar og dei ulike lokalmiljøa dei har vore i, noko som har ført til at vi i dag har eit mangfald av danseformar. Dei eldste formane har enkle steg og bygdedanssnu, medan dei nyare formane er påverka av runddansen og har snøgg eintaktsnu (runddanssnu).

Til bygdedans reknar ein springar, gangar, pols, rull og halling, med ulike lokale namn.

(Kjelde: Grunnbok i folkedans.)

Runddans er eit samlebegrep for ei rekke ulike dansetypar som har fleire fellestrekk. Det viktigaste i runddansen er at paret dansar rundt saman. Alle runddansar er pardansar, og para dansar etter kvarandre i ring mot sola på golvet. Snuingane i dansen kan delast inn i to hovudtypar: Eintaktsnu og totaktsnu. I eintaktsnu kjem dansarane ein gong rundt på berre ei takt av musikken, i totaktsnu brukar dansarane to taktar til å komme rundt ein gong.

Blant runddansar reknar ein vals, ulike polkaformer, reinlender, masurka og pariser, og mange av dansetypane har lokale namn.

Vals 
Vals kom som motedans til Noreg frå det tyske språkområdet på slutten av 1700-talet og er den dansen som har vore mest brukt i vårt land på 1900-talet.

Polka 
Polka er ei vidareføring av valsen, berre i 2/4 takt, og den runddanstypen med flest namn: Hoppvals, hamborgar, skotsk, polkett, tripper, hoppar, galopp med meir. Polkaen kom til Noreg tidleg på 1800-talet og fekk namnet polka fyrst då dansen vart mote i Paris i 1840-åra.

Reinlender 
Reinlender tyder ein person frå Rhinland. Denne dansen vart populær i Tyskland kring 1850 og spreidde seg raskt til Noreg.

Masurka 
Masurka er eit samlenamn for den delen av runddansane i ¾ takt som ikkje er vals. Polkamasurka voks fram som ein motedans i Paris i 1840-åra og vart dansa over heile Noreg rundt 1900. Det finst mange lokale variantar av masurka i dag.

Pariserpolka 
Wienerkreutzpolka blei lansert på slutten av 1800-talet, og er i dag kjend som Wienerkryss eller pariserpolka.

(Kjelde: Grunnbok i folkedans.)

Turdans er eit samleomgrep som femnar om mange dansetypar med stor formvariasjon og kjem frå mange danseslekter. Eit fellestrekk er at dei ofte er bygde opp av delar som kjem i bunden rekkefølgje. Disse delane har ofte fast lengd og blir kalla turar. 

Rilane, pardansane og dei fleste andre turdansane har levd i folkelege miljø og vore lite påverka av danseskulane.

Bygdedansslekta turdansar 
Til disse reknar vi dansar som har visse drag sams med bygdedanstradisjonen utan at dei er fullt ut typiske bygdedansar. Først og fremst ligg slektskapen i at dei har vore dansa til bygdedansslåttar.

Dugleiksdansar
Ved sida av solodanstradisjonen som finst i hallingen, har me hatt ein del små, leikprega dugleiks- og solodansar. Dei er oftast svært enkle i form, og kan innehalde berre eit lite moment av ein dugleiksprøve.

Krossedansar
Det tidlegaste belegget for krossedansar finst i eit manuskript frå sist på 1700-talet. Krossedansane er ofte bygd opp med ein, to eller tre trioar av dansarar som dansar saman, og fleire former synest å knyta seg nært opp til typen bygdedansar for tre personar.

Rilar 
Ril har vore dansa her i landet i alle fall sidan slutten av 1700-talet. Både dansenamnet ril og dei danseformene som er knytte til det, ser ut til å vere ein fellestradisjon for Dei britiske øyane og Noreg. Når det gjeld musikken har det vore hevda at dei norske rilane er nærare i slekt med ”hornpipe”-melodiane enn rilane i dei engelsktalande landa. I Noreg har vi i all hovudsak rilar for tre personar og rilar for fleire par.

Kontradansar eller rekkedansar 
Desse turdansane føyer seg inn i ei line av dansar dansa på rekke eller i kvadriljar som vart mote i Europa på 1700-talet. Mange av desse turdansane blei innførte av danselærarar, og har særleg høyrt til storgardsmiljøa på Austlandet og i Trøndelag.

Feiarar
Feiar var motedans tidleg på 1800-talet. Musikken går i 2/4 takt og slåttane har som regel to korte, enkle vek. I nokre tilfelle har dansen òg eit tillegg av vals før eller etter sjølve feiaren. Dansen fanst òg i folkelege formar, dansa i ring. Denne forma har ein småsettprogresjon for to par. Para som dansar saman, byter plass etter kvar omgang av dansen og flytter seg såleis i kvar si retning.

Runddansslekta gruppedansar
Denne gruppa har runddanstilknyttinga felles. Det er uvisst om alle dansane går attende til same rota, men nokre av dei ser ut til å stamme frå 1800-tals Kotiljong (som Kavalerisjokk). Andre dansetypar i denne gruppa er enkle ringdansar i valsetakt, som Åttetur frå Asker.

Einmelodipardansar
Dansane i denne gruppa er på mange vis ulike, men har nokre fellestrekk som held dei saman: Dei er alle bygde på runddansane og har meir eller mindre klare runddanselement i seg. Dei er nært knytte saman med kvar sin melodi, og det høyrer ofte ein tekst med som har gjeve dansen namn. Ingen av dei vert dansa til fleire ulike melodiar. Desse dansane har vid utbreiing og finst i heile det nordiske og tyske språkområdet.

(Kjelder: Grunnbok i folkedans og Norske folkedansar - Turdansar.)

Den norske songdanstradisjonen er eit spesielt innslag i norsk tradisjon. Songdansen er på mange vis ei nyskaping, men vann seg likevel rom ved sida av den tradisjonsrike folkedansarven. Rundt hundreårsskiftet fekk populariteten til folkevisene ein oppsving. M.B. Landstad si store folkevisesamling som kom ut i 1853 vart eit nasjonalt klenodium. Noregs første professor i folkeminnevitskap, Moltke Moe (1859-1913), restituerte mange av folkevisene og heldt førelesningar om dei og songaren Thorvald Lammers, som var ein av dei leiande i norsk musikkliv som tok opp folkeviser i konsertprogrammet sitt.

Hulda Garborg blei kjent med folkevisene gjennom Moltke Moe sine førelesningar og Lammers sine konsertar. Men i norskdomskrinsar i hovudstaden, mellom anna i Bondeungdomslaget (skipa i 1899), fanst det folk med kvedartradisjon frå heimbygdene sine, og folkeviser blei òg sunge unisont på møte og samkomer.

Gjennom Moltke Moe fekk Hulda Garborg vite at ein dansa til slike viser på Færøyane og at ein truleg også hadde gjort det i Noreg i mellomalderen. Dette la grunnen for ideen om ein norsk songdans.

Med utgangspunkt i ei skildring av færøydansen, skrive av den danske folkemusikkforskaren Hjalmar Thuren, synte Hulda Garborg og ”7-8 kvende i brikjande nasjonalbunader” fram Knut Liten og Sylvelin,Per Spelmann og Tosten tala med staven sin 7. mars 1902. 5-600 publikumarar var i salen, mange måtte stå att utanfor.

Songdans fenga som eld i tørt gras, og blei særs populært i landet. I samarbeid med Klara Semb utvikla dei den norske dansemåten i songdansen og brigdet, og i 1922 gav Klara Semb ut første utgåve av rettleiingsboka Norske folkedansar.

Fram til 60-åra var Klara Semb den leiande på songdansen. Fyrst i 1970 kom Egil Bakka ut med bokaDanse, danse lett ut på foten med 17 songdansar, og i 1982 kom Danse mi dokke av Tor Stallvik. Den siste boka representerer dessutan noko nytt: Ein lokal songdans, der visene er henta frå same distrikt og der dansemåtane er inspirerte av den lokale dansetradisjonen. Geir Egil Larsen formulerte ut denne tanken og gav i 1984 ut samlinga Trønderviser med i alt 21 dansar og med ei innleiing om lokal songdans. Etter det har det kome fleire utgjevingar av lokale songdansar og andre lokale danseformar.

(Kjelder: Norske folkedansar - songdansar.)

Det er to hovudgreiner av songleiken; den som barna leiker aleine og som har vore aller mest brukt av småjenter i byene, og den som ungdom og vaksne særleg brukte i bygdemiljø. Songleiken som barna bruker når dei er for seg sjølve, er på mange vis ein motkultur til vaksenverda. Desse songleikane har hatt si sterkaste rot i byane, men finst i dag overalt og er ofte å finne i skulegarden.

Også dei vaksne har dansa songleik, sjølv om det ikkje er så vanleg no lenger. Han vart brukt på juletrefestar, i mange lag og organisasjonar, på stader der ein ikkje fekk danse, og ofte mellom ungdom ute når dei ikkje hadde musikk.

Mange songleikar kom truleg med organisasjonslivet ved hundreårsskiftet, men enkelte er nok mykje eldre. Same leikane går att i variantar over heile Norden, og dei er ofte språkleg prega av det.

(Kjelde: Grunnbok i folkedans.)

Swing kom frå USA til Noreg på 1950-talet og spreidde seg over det meste av landet i løpet av få år. Det utvikla seg lokale variasjonar både når det gjeld motiv, motivkombinasjonar, stegmønster, stil og også lokalt namn.