Avtale mellom Gramo og NU

I 2020 vart det laga ei oppdatert avtale mellom Gramo og Noregs Ungdomslag. Her finn du meir informasjon om denne avtala.

Om Gramo   

Gramo er ein non-profit-organisasjon som er til for at artistar, musikarar og mastereigarar skal få betalt når musikken deira vert nytta. Vederlaget som kjem inn til Gramo frå brukarar av musikken (altså frå dykk) vert fordelt ut til artistar og eigarane av musikken. Dersom ein nyttar musikk som er høyrbar for sine kundar eller gjestar, skal ein følge norsk lov betale til dei som eig musikken. Bestemmelsane står i åndsverklovens § 21 og lovens forskrifter. Kulturdepartementet har autorisert Gramo til å krevje inn og fordele pengane (vederlaget) på vegner av musikarane, artistane og plateselskapa.  

Kva er skilnaden mellom Gramo og TONO?  

Både TONO og Gramo tek vare på rettane til dei som lagar og eig musikk. Skilnaden er at TONO betaler ut pengar til dei som har skrive ein låt, og Gramo betaler ut pengar til dei som har sunge, spelt og gitt den ut. Dersom ein driv ein radiostasjon, kafé, restaurant, hotell, treningssenter, eller på anna måte spelar musikk for sine kundar eller gjester, skal ein rapportere og betale for dette til både Gramo og TONO. Når du betalar til Gramo og TONO følger du norsk lov og du kan spele all musikk du måtte ynskje. NU har per dags dato ikkje ein sentral samleavtale med TONO, så dette må laga førebels rapportere inn sjølve direkte til TONO.  

 

Noregs Ungdomslag (NU) og Gramo  

I 2017 tok Gramo kontakt med NU for å inngå ei avtale om bruk av innspelt musikk nytta av danselaga våre på danseøvingar og andre tilskipingar. Etter samtalar med Gramo fann me ut at det ville vera enklare og meir lønsamt for laga våre å inngå ein samleavtale der sentralleddet i NU vert fakturert for den totale kostnaden og vidare fakturerer ut til kvart enkelt lag, i staden for at kvart lag skulle rapportere og betale direkte til Gramo. Laga i NU får difor 15 % rabatt på vederlagsavgifta grunna samleavtala. 

Fram til 2019 hadde Gramo berre eit tariffnivå som gjaldt for musikk nytta mellom 1-500 timar i løpet av eit år. Frå og med faktura som kjem i 2020 har vi no fått delt opp i to ulike tariffar, ein minstetariff for dei laga som brukar 1-100 timar med innspelt musikk og ein anna tariff for dei laga som brukar over 100 timar med innspelt musikk. Dei to tariffane vil i 2020 (for musikkbruk i 2019) vera ca. 590,- for 1-100 timar og 1100,- for meir enn 100 timar.

Slik fungerer rapporteringa for laga:
NU har eit spørsmål i årsrapporten til danselaga der ein svarer på om laget har nytta innspelt musikk i året som har gått til danseaktivitet, og i tilfelle kor mange timar. Vi deler opp svara for å sjå ca. kor mange timar kvart lag brukar. Kvart år, etter at årsrapportane frå laga er komne inn til NU, sender me beskjed om tal lag til Gramo som oppgjer i årsrapporten at dei har nytta innspelt musikk. På grunnlag av dette mottek NU faktura frå Gramo og sender vidare faktura til kvart enkelt lag. Sidan årsrapporten hentar inn informasjon om det føregåande året vil faktura som kjem i t.d. 2020 gjelde for innspelt musikk nytta i 2019. Alle lag som nyttar innspelt musikk på offentlege danseøvingar og dansetilskipingar er plikta å betale vederlagsavgift til Gramo.  Offentleg bruk av innspelt musikk definerast som det som skjer utanfor ein privat heim, slik som ein organisert aktivitet i eit ungdomslag

For laga i NU kan innspelt musikk t.d. gjelde musikk spelt via CD, kassett, Spotify, Tidal, iTunes eller liknande som de nyttar til dansekveldar, øvingar, kurs, framsyningar og andre stader der dykkar medlemmer og gjester høyrer musikken. Sjølv om de allereie har betalt for CD-plata i butikken, abonnementet på Spotify eller albumet de lasta ned frå iTunes må de likevel betale til Gramo for at eigarane av musikken skal få betalt for at musikken vert nytta for eit større publikum enn deg sjølv heime i stova.  

Undervisningsfilm slik som Folkepedia er unnteke og laga behøver ikkje rapportere på bruk av Folkepedia dersom ein nyttar filmane som musikk/undervisningsverktøy.

 

NU vart fakturert for fyrste gong i 2018, på grunnlag av året 2017. Dette fyrste året betalte NU heile kostnaden for alle dei 57 laga som rapporterte på bruk av innspelt musikk. Dette vart gjort sidan avtala vart inngått før ein fekk tid til å informere ut til laga. Frå 2019 og framover må difor laga betale avgifta sjølve, og ein må rekne med å betale avgifta for dei komande åra dersom ein nyttar innspelt musikk. 

  

Er det noko som er uklart ber me dykk om å ta kontakt med NU-kontoret.