HAVLEIK 2022

Eksklusivt stemne på Færøyene

12.-16. juli 2022 vert det skipa HAVLEIK i Torshavn på Færøyene, ei mindre utgåve av eit NORDLEK-stemne der berre eit eksklusivt tal med deltakarar får delta frå kvart land og sjølvstyrte område. Sommarleiren for unge i alderen 15-25 år startar allereie 10. juli.

Her kan du lese meir om HAVLEIK på Slaid Ring si eiga nettside.

På denne sida hjå Havleik-arrangøren finn du også eigne PDF-filer med informasjon dersom du ynskjer å skrive ut informasjon til medlemer i laget t.d.

Norsk samdans

På stemnet på HAVLEIK skal vi bidra med ein norsk samdans. Det norske Nordlek-utvalet har bestemt at dette blir "Ung Åslaug". I tillegg ynskjer vi at alle norske deltakarar lærer seg stordansen "Horpa" slik at vi kan bidra med ein stordans som alle vi frå NU har lært oss.

Det vil koma film etter kvart, men førebels finn de tekst og notar til både Ung Åslaug og Horpa i songdansboka. Songdansboka kan de få kjøpt av oss i NU (ta kontakt med oss så sender vi i posten) eller de kan bla i den digitale versjonen på Nasjonalbiblioteket sine sider.

Ung Åslaug finn du på side 304 her.

Horpa finn du på side 82 her.

 

Kvote

HAVLEIK er eit mindre stemne der arrangøren har avgrensa med kapasitet. Dei har rekna plass til ca. 400 utenlandske deltakarar. Noreg fekk fyrst ei kvote på 75 personar, men den er no auka til 125 personar, grunna den store etterspørselen. Før sommaren 2021 kom det inn interesseremelding frå kring 200 personar i NU, noko som er mykje meir enn det vi har fått plass til. Det vart difor bestemt av det norske Nordlek-utvalet at vi måtte løyse fordelinga av plassane i kvota etter prinsippet "fyrstemann til mølla". I september fekk alle som hadde meldt interesse moglegheit til å melde seg på med ei forpliktande påmelding til NU. Lista er nesten fylt opp med kvota, men det er framleis nokre ledige plassar att. Det er også mogleg å registrere seg i skjema som interessert i å stå på venteliste.

Her finn du skjema om forpliktande påmelding/venteliste: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=yuHQ1ArxmUq7nroA2I6x2VEEl3ya3jNFrcqbZof0bfpURDdQVlhYVFBTMVJJQ0dNUjcxVkwzM0ZXNCQlQCN0PWcu 

Prisar

Prisane er oppgitt i DKK.

  • Stemneavgift 2600,-  Inkluderer deltagelse i stemnet, besøk hjå lokale danseforeningar torsdag, gallamiddag fredag samt kost og losji frå og med middag tirsdag 12. juli til og med frukost søndag 17. juli.
  • Sommarleren for unge i alderen 15-25 år 500,- (OBS: stemneavgift for deltaking på Havleikstemnet må betalast i tillegg om ein vil delta på dette også)
  • Redusert stemneavgift 1600,- Inkluderer deltagelse i stemnet, besøk hjå lokale danseforeningar torsdag samt gallamiddag fredag. Kost og losji er IKKJE inkluderet i denne prisen.
  • Sovesett i samband med skuleovernatting 500,- Inkluderer luftmadrass (76 cm x 191 cm x 22 cm), dyne, hodepute, laken, dyne- og putetrekk.
  • Kvar ekstra overnatting på skulen 125,- Det er moglegheit for ekstra skuleovernatting med ankomst tidligst 10. juli og med avreise seinast 18. juli.
  • Ekstra måltider frå middag 10. juli til frukost 18. juli – MERK: måltida frå middag 12. juli til frukost 17. juli er med i den fulle stemneavgifta (2600,-), men ikkje i den reduserte stemneavgifta (1600,-). Prisane for ekstra måltid er som følger:
    • ekstra frukost 80,-
    • ekstra lunsj 85,-
    • ekstra middag (varm ‘middagsmad’) 90,-
  • T-skjorte med Havlek-logo 125,- pr. stk. og fås i størrelsane S, M, L, XL, XXL.
  • Færøysk balladedans fredag formiddag 50,-
  • Foredrag fredag ettermiddag 100,-
  • Færøysk kulturaften i Nordens hus fredag aften 125,-
  • Fire forskellige utflukter fredag:
    • Landsbytur på Østerø (Eysturoy) 520,-
    • Panoramisk køretur på Vågø (Vágar) 470,-
    • Gjógv & pandekager 447,-
    • Vestmannas fugleklipper 560,-
  • Flyplass shuttle mellpm flyplassen og Tórshavn 175,- kvar veg (kr. 150 dersom det er snakk om ei gruppe på min. 20 personar)

Påmelding og fristar

Her er oversyn over fristar og framdrift som gjeld for norske deltakarar på HAVLEIK 2022:

  • 15. juni 2021: Frist for lag/medlemer i NU å sende inn interessemelding for å delta
  • 21. september 2021: Påmeldingsskjema opna for norske deltakarar for å fordele NU si kvote
  • 1. november 2021: Påmeldinga inn til HAVLEIK opnar. Landa har fått tildelt kvotar, og kvart lands nasjonale komité koordinerer kor mange kvar forening/gruppe kan melde på.
  • 15. januar 2022: Siste frist for landa å sende inn påmeldingar innafor deira tildelte kvotar. Etter dette frigis dei plassane som ikkje vert bruk til andre land etter fyrstemann til mølla-prinsippet. 
  • 15. april 2022: Siste frist for å melde seg på stemnet og siste frist for betaling av stemneavgifta samt eventuelle andre kjøp. Ved avlysing seinast 15. mai 2022 refunderast halvparten av det innbetalte beløpet, ved avlysing etter 15. mai 2022 vert ingen ting av beløpet tilbakebetalt.

Viktig: Dersom det skulle kome koronarestriksjonar for reise mellom dei nordiske landa, karantenereglar og/eller forbud mod større forsamlingar/folkedans, blir betingelsane tilpassa tilsvarande og innan 15. april 2022.

Slik foregår påmeldinga

Kvart land sin nasjonale komité koordinerer landets påmelding, herunder slik som avtalar med dei enkelte gruppene og kor mange kvar gruppe kan melde på. Kvar gruppe samler inn opplysningar om sine deltakarar, det vil seie informasjon om deltakarane, ankomst og avreise, kva slags stemnedeltaking som er ønska (med eller uten kost og losji), eventuelle ekstra kjøp m.m., og melder på gruppa seinast 15. januar 2022 samla i eit regneark som er laga av arrangøren. Dette regnearket vil vere tilgjengelig seinast frå 1. november 2021. Det stilles også til rådigheit ein påmeldingsblanket, som gruppa kan bruke når dei samlar inn opplysningar frå dei  enkelte deltakarane.

Førebels program

10.-11. juli - Nordisk Sommarleir starter på Sandur / Moglegheit for ekstra skoleovernatting 1-2 netter mot ekstra betaling for øvrige deltakarar.

12. juli - Ankomst / Ordinær skoleovernatting starter

13. juli - Åpningsseremoni / Dans på kvelden

14. juli - Besøk i bygder og hjå lokale danseforeningar / Dans på kvelden

15. juli - Foredrag / Workshops / Utflukter / Dans om kvelden / Midnattsgudsteneste

16. juli - Danseoppvisning i byen / Galla-/festmiddag

17. juli - Avreise

18. juli - Moglegheit for ekstra skoleovernatting ei natt mot ekstra betaling, avreise 18. juli.

Utflukter

Fredag 15. juli har stevnedeltakarane moglegheit til å kjøpee 1) utfukter, 2) deltagelse på workshop i færøysk dans, 3) deltagelse i foredrag, og/eller 4) deltagelse i færøysk kulturaften. Utfluktane, workshop, foredrag samt færøysk kulturaften kjøpast og bestillast i samband med påmeldinga til stemnet. Her kan du lese meir om kva utflukter ein kan velge mellom.

Dersom ei gruppe ynskjer utflukt før stemnet starter kan ein ta kontakt med Mouritsen’s Bussar, tlf. +298 322121, teldupost: mb@remove-this.mb.remove-this.fo.

Les meir om planane for dei ulike workshopane, foredrag og kulturaften på Havleik si side her.

Sommarleir

Arrangøren skal også lage til ein liten sommarleir for dei i alderen 15-25 år i dagane før stemnet frå ettermiddag/kveldstid sundag 10. juli på Sandur. Det er plass til 50 deltagarar på sommarleiren der Noreg har 8 plassar.

Deltakarane får middag sundagen og så starter leiren med dans på kvelden. I løpet av dagane er det forskjellige utflukter til mellom anna Dalur og Skúvoy. Det vert også ulike kurs, sosialt og mykje dans. På morgonen 13. juli vert det avgang til Torshavn der åpningsseremonien for Havleikstemnet skjer same kveld.

Pris for deltaking på sommarleiren er 500,- DKK per person. Dette inkluderer kost, losji, utflukter mm. på sommarleiren. Dersom ein ynskjer å delta på Havleikstemnet kjem stemneavgift til dette i tillegg (2600,- / 1600,- DKK). 

Lokasjonar

Sjølve stemnet finn stad i Torshavn på Færøyene.

Dans om kvelden, færøysk aften og foredrag vert i Nordens Hus, slik det også var på sist stemne i 2008.

Åpningsseremoni vert i sentrum, dersom vêret tillet det.

Galla-/festmiddagen vert i den store idrettshallen. Dersom det er dårleg vêr vert også åpningsseremonien her.

Skuleovernatting, stevnemåltider og workshop i færøysk balladedans vert på skulen "Eysturskúlin".

Overnatting

Skuleovernatting med måltid vil vera på Eysturskúlin, slik det også var i 2008. Skulen har overnatting i klasserom samt dusjfasiliteter. Skuleovernattinga er inkludert i det originale stemnegebyret på 2600,- DKK. Det er også mogleg å leie eit "sovesett" i påmeldinga til stemnet, som inkluderer luftmadrass (76cm x 191cm x 22cm), dyne, pute, laken og sengetøy for 500,- DKK. På skulen serverast også måltid som er med i det originale stemnegebyret, frukost lunsj og middag. 

Skulen er bemanna med vakt heile døgnet. Skulen er ca. 2 km i gåavstand frå Nordens Hus. 

Hotellovernatting er noko deltakarane sjølv må bestille direkte gjennom dei aktuelle hotella. HAVLEK har gjort avtale med Hilton Garden Inn Faroe Islands, Hotel Brandan, Hotel Føroyar, Hotel Djurhuus (tidl. Hotel Streym) og 62N Hotel City Center (Guesthouse & Hotel) der dei har reservert eit utval plassar til stemnedeltakarar. Dersom ein ynskjer overnatting på eit av desse hotella, innanfor avtala til HAVLEIK, må ein sjølv kontakte dei direkte og bestille rom innan 1. januar 2022 (tidlegare oppgitt frist har vore 1. oktober). Gje beskjed om at de høyrer til HAVLEK 2022. 

Transport

For å kome seg til Færøyene er det mogleg å reise med enten båt eller fly.

Det går båt frå Hirtshals i Danmark og frå Seyðisfjörður på Island direkte til Torshavn.

Elles går det direktefly frå mellom anna Bergen, Oslo, København, Billund, Aalborg, Reykjavik, Edinburgh og London til Vagar FAE flyplass på Færøyene. 

Transport på Færøyene:

Det blir mogleg å bestille flyplass shuttlebuss i samband med påmeldinga til stemnet 175,- DKK kvar veg, eller 150,- DKK dersom det er snakk om ei gruppe på minst 20 pers.

Elles fins det offentleg buss- og fergetransport med info her og taxi med info her.